Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Sjå dagsorden og sjå styremøtet nederst i saka.)
Fosnavåg (Khrono): På sakskartet til Høgskulen i Volda sitt møte fredag 25. oktober står fleire saker som handlar om Avdeling for mediefag. Khrono har skrive fleire saker om avdelinga etter at dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vart mellombels omplassert i august. Denne avgjerdsla har ho klaga på, og det er ei av sakene som skal handsamast i møtet. Denne saka har fleire vedlegg, som er unntekne offentlegheit.
Rotevatn kjem sjølv til å vera til stades, har ho stadfesta til Khrono. I tillegg skal det handsamast ei sak om tilsetjingsprosess for dekan ved Avdeling for mediefag, åremålet går ut i augsut neste år, og styret skal verta orientert om oppfølginga av arbeidsmiljøundersøkinga Ark ved same avdeling.
Møtet går føre seg i Fosnavåg, etter at styret har hatt seminar der torsdag. Til Fosnavåg kjem òg forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.
Ho var i Volda i samband med studiestart i august, og hadde då med seg ei gladmelding om at ein kan starta arbeidet med det nye mediehuset.
Nybø var eigentleg invitert til det nye styret sitt første møte, som var i september, men då hadde ho ikkje høve til å koma til Sunnmøre.
«Dersom HVO skal kunne hevde seg på vitskapeleg publisering, må vi rekruttere faglege til sette med forskingserfaring, og vi må stille strengare krav til levering av forskingsresultat når det gjeld tildeling av FoU-tid og FoU-midlar».
Det heiter det i ei av sakene styret ved Høgskulen i Volda skal handsama fredag. Saka har tittelen «status på utfordringar peika på i etatstyringsbrevet».
I etatstyringsbrevet som er sendt frå Kunnskapsdepartementet til høgskulen, vert det peika på at det vert forska for lite ved Høgskulen i Volda. Departementet skriv at mange med toppkompetanse skal pensjonera seg i nær framtid, og at dei difor er uroa for om høgskulen ikkje klarar å bygga opp nok kompentanse og rekruttera toppkompetanse slik at forskingskapasieteten vert betre.
I september ba styret om å få ein stauts på dei utfordringane som vert peika på i brevet. I sakspapira heiter det at Høgskulen i Volda kjem dårlegast ut blant dei statlege høgskulane når det gjeld taler på piubliseringspoeng per faglege tilsett. Ein hadde ein nedgang i det totale talet på publiseringspoeng i 2018, men det vert publisert meir enn før på nivå 2.
Det vert òg peika på at høgskulen sender få søknader om eksterne forskingsmidlar, og utteljinga har heller ikkje vore god. No har høgskulen sendt sin første søknad til Horisont 2020, og i tillegg fem søknader til Forskingsrådet.
Høgskulen i Volda har 210 faglege årsverk, og av desse er 25 professorar. Omlag halvparten av dei som har fagleg stilling har doktorgrad.
— Det er berre 25 år sidan høgskulane fekk lov til å tilsetja professorar, sa rektor Johann Roppen då Khrono snakka med han i august.
Her er dagsorden for møtet
Vedtakssaker:
Orienteringssaker:
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!