Sverige

Annankvar svenske forskar meiner at den akademiske fridommen er truga

Oppdraget var å finna ut om det finst ein kanselleringskultur ved svenske universitet. Men det er ikkje ein slik kultur som er hovudgrunnen til at den akademiske fridommen er truga, seier svenske forskarar.

Kva kulturar og strukturar finst i svensk akademia? Det var utgangspunktet for rapporten om akademisk fridom, som kom i mai. Utdanningsminister Mats Persson har fått kritikk for fokus på kansellering.

— Det viktigaste er at styresmaktene kan få fram ei kartlegging av kva kulturar og strukturar som finst i den akademiske kulturen, og som vidare skaper grobotn for det me har sett dei siste åra.

Det sa Mats Persson, utdanningsminister i Sverige, til Aftonbladet hausten 2023. Då hadde han allereie varsla at det skulle koma ein rapport om akademisk fridom i Sverige.

Persson har fleire gongar uttalt seg kritisk om den såkalla kanselleringskulturen, og har sagt at han trur det finst ei kopling til dei identitetspolitiske straumdraga ein ser elles i verda, og der ein har ei førestilling om at alt skal politiserast i minste detalj.

— Det er difor det er viktig at me opptrer på ein måte som gjer at me kan stå opp for det frie akademia. Det frie akademia tillet alle syn, ein har stor takhøgd, men ein tek ikkje stilling i alle dei politiske konfliktane som finst verda over.

Midt i mai kom rapporten. Den fortel at halvparten av dei 10.000 svenske forskarane, stipendiatane og undervisarane som svara på undersøkinga, sa at dei meiner at den akademiske fridommen er truga. 

Men årsaka er ikkje først og fremst kansellering.

Trussel: Politisk styring

Rapporten viser nemleg at årsakene til at den akademiske fridommen er truga er først og fremst politisk styring og forskingsfinansiering. Det er knappe tretti prosent som har kryssa av for kvar av desse alternativa. 

Ti prosent seier at trusselen er at det finst det som vert kalla ein «åsiktskorridor» på svensk. Ein «meiningskorridor» på norsk. 

I rapporten heiter det at «ur ett internationellt perspektiv har Sverige generellt en god akademisk frihet. Detta speciellt med avseende på de aspekter som omfattas av det här uppdraget, det vill säga den individuella akademiska friheten genom relationen mellan individ och lärosäte. Resultatet av uppdraget visar att det finns utmaningar mot den akademiska friheten i Sverige idag och därmed även förutsättningar att stärka det främjande och värnande arbetet ytterlegare».

— Veldig urovekkande og verre enn eg trudde, sa Persson til SVT etter at rapporten vart offentleggjort, og viser til at mange forskarar seier at dei har bytt forskingsemne.

Det svenske vitskapsakademiet har staselege lokale , og lang historie, i Stockholm. Når svenske forskarar peikar på kva som er truslane mot akademisk fridom, er det først og fremst politisk styring det vert peika på.

— Pinleg, seier kommentator

Men etter at rapporten kom har Persson fått kritikk. Svenske kommentatorar seier at ein på førehand kunne sagt at kanselleringskultur er ein svært liten del av årsaka til at den akademiske fridommen er truga.

— Mange regjeringar og statsrådar har avgrensa den akademiske fridommen over tid. Dei siste åra har svenske forskarar og universitet lidd under mellom anna krav om kjønns- og klimafokus, målretta utlysingar av forskingsmidlar, auka administrasjon og byråkratisering og vanskelege migrasjonsprosessar. Alt dette er døme på politisk påverknad, skreiv Jesper Ahlin Marceta i Västerbottens-Kuriren.

Marceta er kommentator i avisa, og har sjølv doktorgrad.

— Resultatet er pinleg for minister Persson, men altså ikkje overraskande for dei som faktisk jobbar i universitetsverda, skriv Rebecca Selberg i Aftonbladet.

Ho er dosent ved Lunds universitet og gjestekommentator i avisa.

Også under ein debatt fekk Persson kritikk, skriv Universitetsläraren. Her vert det vist til at regjeringa berre hadde gitt Universitetskanslersämbetet, UKÄ, i oppdrag å kartlegga den individuelle akademiske fridommen — ikkje den institusjonelle akademiske fridommen.

— Me må sjå på heilskapen. I den ligg òg styringa me har frå staten, sa Hans Adolfsson, rektor ved Umeå universitet og leiar i Sverige sitt universitets- og høgskuleråd.

— Den politiske styringa må ein alltid diskutera. Men rapporten viser at det finst ein kultur for å vera tause og det finst tendensar til sjølvsensur. Det er svært problematisk, sa Persson til SVT då han fekk spørsmål om rapporten.

Meiner ein ikkje skal ta stilling i politiske saker

Eit av utgangspunkta for at det vart bestilt ein rapport, var forholda ved Konstfack i Stockholm. For nokre år sidan var det høge bølgjer knytt til rommet som hadde namnet Vita havet. Ei gruppe studentar meinte at dette var uttrykk for rasisme.

Før jul i 2023 var Mats Persson ved nettopp Konstfak. Då var det reaksjonar mot krigen på Gaza ved høgskulen — og på same måte som i Noreg var det studentar som kravde at utdanningsinstitusjonen skulle ta stilling.

Det skal dei ikkje, sa Persson til Aftonbladet.

— At utdanningsinstitusjonane skal ta stilling i utanrikspolitiske konfliktar er eit merkeleg syn. I staden synest eg dei skal gå tilbake til grunnoppdraget; utdanning, forsking og å vera fri frå å måtte ta stilling i slike politiske spørsmål.

Noko av det som er tematisert i rapporten om akademisk fridom, er forholdet mellom studentar og undervisarar. Det heiter at ein i dag ofte manglar ein diskusjon mellom desse to gruppene når det handlar om spelereglar for korleis diskusjonen skal vera og korleis ein skal møta kvarandre i undervisningssituasjonen.

 «Den situation som flest upplevt i samband med utbildning var att studenter utövar påtryckningar om att kursinnehåll ska tas bort eller läggas till på deras kurs», heiter det.

Sverige er eitt av landa der mellom anna skuldingar om rasisme har vore tematisert ved universitet dei siste åra, men det har òg vore tema mellom anna i Noreg.

Meiningskorridoren

Men kva er denne åsiktskorridoren som ti prosent av dei spurde meiner er problematisk? 

Dåverande rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo, Markus Degerman, nytta same omgrepet då Khrono snakka med han om debatten kring Konstfack og Vita havet.

Meiningskorridor, kan ein seia på norsk, og det er ein teori som vert nytta i Sverige.

— Det er ein klisjé, men det er nok ei viss grad av sanning der. Det er vanskeleg å føra fram ei avvikande meining i Sverige, i Noreg har ein debatt med fleire synspunkt, sa Degerman.

Omgrepa meiningskorridor og kanselleringsdebatt heng saman, seier professor Tobias Harding.

Det same sa UiO-professor Kjell Lars Berge.

— I Sverige har ein ein sterk kulturelite, med redsle for å ta debattane. Noreg har ei heilt anna historie og tradisjon. Her er motkulturar vanleg, berre tenk på at me har to skriftspråk, sa Berge.

— Debatten om meiningskorridoren kjem opp når den eine sida i debatten meiner at dei vert utestengde, seier Tobias Harding. 

Han er professor ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg og har røynsle både frå norsk og svensk akademia.

— Omgrepet «åsiktskorridor» vart først nytta knytt til innvandring. Dei som var kritiske til innvandring meinte at dei ikkje fekk skriva i ein del aviser, seier Harding.

— Handlar dette så om kansellering?

— Ja, det er ein parallell debatt med kanselleringsdebatten. Ein seier at den andre sida vert kansellerte.

Vil ha ein konstruktiv debatt

Harding, som sjølv er svensk, seier at det eigentleg er store likskapar mellom norsk og svensk akademia, og han oppfattar at manglande akademisk fridom ikkje er eit generelt problem i Sverige.

— Men ein har fått ein meir og meir polarisert debatt i Sverige også når det kjem til utdanning- og forskingspolitikk. Det har vore enkelte posisjonar det har vore vanskeleg å ta som akademikar i Sverige. Det har endra seg etter det siste riksdagsvalet, og no er det regjeringa som står for det som har vore sett på som kontroversielle synspunkt, som minska innvandring.

Harding seier at han gjerne vil ha ein debatt om kva akademisk fridom er — men at dette bør skje på ein så konstruktiv måte som mogleg.

— Debatten er kanskje for polarisert i Sverige no, seier han.

— Eg meiner ein til dømes bør drøfta korleis den akademiske fridommen endrar seg med politisk styring, digitalisering, internasjonalisering og på grunn av samarbeid med næringslivet.

Tilpassar teori

Det finst òg svenske kommentatorar som meiner at det var på sin plass med fokus på akademisk fridom. 

Anna-Karin Wyndhamn har doktorgrad i pedagogikk, er tilsett ved Göteborg universitet og gjesteskribent i Göteborgsposten. Ho skreiv at:

«De som inte orkar eller vågar simma mot strömmen, anpassar forskningsfråga, teori och metod till de dominerande tankemodellerna. Detta är lärarnas egna beskrivingar av sina arbetsplatser. Värt att notera är att forskare inom samhällsvetenskap och humaniora i högre grad upplever dylika hot, jämfört med forskare inom andra vetenskapliga fält».

Powered by Labrador CMS