Han fekk studera, eigentleg mot alle odds. Og heilt frå han hang på kontoret til professor Nils Christie, har Abid Raja jobba for at fleire med innvandrarbakgrunn skal få same moglegheit som han sjølv.

Venstre-politikar Abid Raja på besøk på Griegakademiet ved Universitetet i Bergen. Her saman Andrea Nesvik Voss frå studentparlamentet og musikkstudentane Runa Kosberg og Adrian Olsen. Oscar dos Santos Kvalsvik frå Studentparlamentet bak.

Abid Raja gjekk frå barnevernet til Blindern. — Der lærte eg kva ytringsfridom er

Publisert Oppdatert

Det var på ingen måte sjølvsagt at Abid Raja (47) skulle ta høgare utdanning. Men no sit juristen og politikaren i ein drosje på veg til Flesland i Bergen. Han har vore på rundtur på Universitetet i Bergen og treft både rektor og studentar — og sett forholda ved Griegakademiet, som det dagen etter kom melding om at skal få nytt bygg likevel.

Raja har snakka på innpust og utpust, og fortalt rektor Margareth Hagen at han, som sit i utdannings- og forskingskomiteen for Venstre, no kan kryssa av at han har besøkt alle universiteta i Noreg.

I samtalen med rektor spurde Raja om korleis universitetet merkar at under ein prosent at brutto nasjonalprodukt går til forsking.

— Då me styrte, var me på veg opp, og var på 1,1 prosent, seier opposisjonspolitikaren.

Han har markert seg sterkt med kritikk av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe ved fleire høve, og mellom anna sagt at Borten Moe er statsråd mot forsking og høgare utdanning. I Khrono denne veka bad Raja statsministeren ta dei naudsynte grepa.

— Er utdanningsfeltet eit felt du brenn ekstra sterkt for?

— Eg engasjerer meg jo sjølvsagt sidan det er den komiteen eg sit i. Men ja, dette er litt personleg for meg. Eg sat i studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, eg har vore leiar for fadderordninga og eg leia ei foreining for minoritetsstudentar. Så eg har drive med studentpolitikk sjølv.

Heine Johansen, leiar i Bergen Venstre, har foreldrepermisjon med vesle Konstanse. Han hadde på førehand peika på Griegakademiet som ei viktig sak både for Bergen og UiB. Abid Raja og rektor Margareth Hagen var innom mange tema, som skulepengar.

ALI-fag og prestisje

Vegen dit var ikkje rett fram.

I boka «Min skyld» frå 2021, som no er selt i over 100 000 eksemplar, skildrar Raja oppveksten i det som må kunne kallast eit parallellsamfunn i Iladalen i Oslo. Faren var familiens overhovud, og vald og anna straff var noko både Abid og søskena hans vart vande med. På eit tidspunkt var Raja under barnevernet si omsorg, men han kom tilbake til Foss vidaregåande skule. Her møtte han elevar med heilt andre meiningar enn han sjølv.

Så gjekk ferda til Blindern.

Han skriv i boka:

Jeg var fremdeles umoden og kunne ikke nok om norske, sosiale kodekser, visste ikke helt hva som passet seg hvor og når. Jeg hadde jo aldri vært på klassefester, telt- og hytteturer, utenlandsturer med klassen eller overnattingsbesøk hos venner. (...) Som fersk jusstudent syklet jeg fra Iladalen til Blindern i digre sko, caps, hengebukser fra Diesel og løse, neonfargede technoklær. Jeg må ha sett ut som et syklende raveparty, skilte meg tydelig ut fra de andre jusstudentene med lyseblå poloskjorter og hvite tennissko.

— Eg er fødd i 1975, og høyrer slik til det første kullet på Blindern med mange andregenerasjons innvandrarar blant studentane, seier Raja.

Han var med på å starta Pakistansk Studentsamfunn. Hovudformålet var å motivera yngre pakistanarar til å ta høgare utdanning, kjempa mot analfabetisme og inspirera pakistanske foreldre til å oppmoda barna til å ta høgare utdanning. For å få dette til, vart det mellom anna jobba med eit nettverk med elevar av begge kjønn på vidaregåande skular i Oslo og dåverande Akershus.

— Er det framleis slik at innvandrarforeldre er skeptiske til at barna skal ta utdanning?

— Nei, det er nok litt forbi, ein har skjønt at utdanning er viktig. Men eg meiner det er viktig at ein no jobbar for å få spreidd studentmassen, at ein ikkje berre er driven av prestisje.

Raja vitsar med det han kallar «ALI-faga», som er fag mange andre- og tredjegenerasjons innvandrarar vel: Advokat, lege, ingeniør. Også farmasi og odontologi kan førast på denne lista.

— At det er dette ein vel, heng nok saman med at ein søkjer tryggleik. Med desse yrka er ein garantert jobb og ei god løn, og for mange vert det ei økonomisk klassereise.

Dei humanistiske og samfunnsvitskapelege faga heng etter når det gjeld denne studentgruppa. Det håpar Raja vil endra seg.

— Når ein vel desse prestisjestudia, handlar det då om ei forventning frå dei rundt?

— Det handlar nok om både heimemiljøet og samfunnet rundt. Men eg synest me må snakka meir om kva det faktisk er å lukkast. Det er ikkje berre å verta sivilingeniør, ein kan òg velja yrkesfag, tena godt — og framleis ha eit like godt liv, seier Raja.

— Når det gjeld «ALI-faga» er mykje gjort. Men ein må visa fram kva liv ein kan få dersom ein vel andre utdanningar, som til dømes lærar.

Abid Raja smilte og helste til høgre og venstre då han var på besøk i Bergen. Her er det Kaja Ingdal Hovdenak frå Studentparlamentet som tek selfie.

Minoriteten blant minoritetane

Studenten med dei neonfarga kleda vart lagt merke til. Han hamna i debatt med Carl I. Hagen, han var talsperson for World Islamic Mission, hadde fleire verv og skreiv etter kvart bøker.

At han i det heile tatt kom til Blindern, takkar han mellom anna bibliotek og gode lærarar for. Og då han kom til universitetet, gjorde han som førelesarane oppmoda til: Han stakk innom kontoret.

— Det var ikkje så mange studentar som gjorde det, men det gjorde eg. Eg hadde mange fruktbare diskusjonar med Nils Christie, og Eivind Smith lærte meg om kva ytringsfridom faktisk er. Ja, eg har hatt ei økonomisk klassereise, men eg har òg hatt ei verdireise, og har enda som liberal politikar og tidlegare likestillingsminister.

Men framleis er det ikkje slik for alle. Abid Raja si søster, Abida Raja, har denne hausten gitt ut bok. Her skildrar ho ein oppvekst som på mange vis liknar den broren skildrar i si bok. Men som jente opplevde Abida å verta sendt til Pakistan og tvangsgifta som 18-åring. Ho kom tilbake til Noreg, utan å ha fullført vidaregåande skule, og opplevde at hennar ektemann gjorde det same som hennar far hadde gjort: Slo både henne og barna deira. Dette er barn fødd frå 1990-talet.

Abid Raja understrekar at noko har skjedd. Fleire med innvandrarbakgrunn er no tydelege rollemodellar, både innan politikk, media, som forskarar og idrettsstjerner.

— Men i skuggen finn ein minoriteten blant minoritetane. Der finn ein foreldre som vil kontrollera barna sine. Ser ein på statistikken frå krisesentera, finn ein at to grupper er overrepresentert: Innvandrarkvinner og kvinner som kjem til Noreg i såkalla henteekteskap.

— Korleis kan ein nå desse familiane og desse barna?

— Nøkkelen ligg i barnehagen. Eg har vore langvarig mot kontantstøtte. Me har òg lansert ein politikk for dei første to leveåra, 1001 dagar. Då er svangerskapet rekna med. Korleis kan me følgja opp dei barna som har ressurssvake foreldre?

Raja seier at han har vore i kontakt med Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

— Dei seier at dei har data for nokre bydelar i Oslo, og at det er mogleg å setja inn tilpassa, målretta tiltak. Men det kostar.

Vurderte lån og nytte

Då Abid Raja var jusstudent, var han eit semester på utveksling til Southampton. Den gong kunne ein få ekstra pengar frå Lånekassen til utanlandsopphald. Når regjeringspartia og SV no er komne til semje om statsbudsjett for 2023, er det med kutt i stipendet for norske studentar som må betala skulepengar i utlandet, og med skulepengar for utanlandske studentar til Noreg som kjem frå land utanfor EU og EØS.

— Eg visste at lån vart konvertert til stipend, men rekna på kor mykje ekstra lån eg kom til å sitja att med etter å ha studert i England. Dersom det ikkje hadde vore slike ordningar, er eg slett ikkje sikker på at eg hadde reist ut, seier Raja.

Foreldra hans hadde ikkje moglegheit for å hjelpa han økonomisk. Slik er det for mange, seier han. Med dei endringane som no kjem, fryktar han at det er dei som har størst støtte heimanfrå som vil ha sjanse til å reisa ut, om det betyr til Noreg eller til utlandet.

Sjølv vart han òg plukka ut som den eine studenten frå Universitetet i Oslo som fekk eit gratis studieår ved Wadham College i Oxford. Dit reiste han i 2003.

I boka skriv han:

Jeg var den første studenten med minoritetsbakgrunn som fikk det. Kompisen min Teepo hadde hjulpet meg med søknadsteksten. Jeg skulle få studere vitnepsykologi på et tradisjonsrikt, liberalt college i historiske omgivelser, et internasjonalt universitet med døgnåpent bibliotek og digre Harry Potter-haller av stein, mørke brystpanel, gotiske vinduer og glassmalerier.

Raja fekk stipendet mellom anna på grunn av det sterke samfunnsengasjementet han viste. Men då han kom til Oxford var han ikkje lenger nokon hot shot, skildrar han. Ved eit høve sat han saman med Imran Khan, som seinare vart statsminister i Pakistan.

— Både han og andre pakistanarar imponerte meg, viste at høgare utdanning var verktøyet som kunne flytta fjell, heiter det i boka.

Oppteken av trivsel

Abid Raja er gift med Nadia Ansar. Ho er psykolog og tok nyleg doktorgrad. Stadig fleire med innvandrarbakgrunn gjer det no, seier Raja.

Ei klassereise på fleire vis er det han har gjort, seier Abid Raja. Han har vore både talsperson for eit muslimsk trussamfunn og likestillingsminister.

Han fortel at framleis er det slik at mange med innvandrarforeldre studerer i Oslo. På andre plass kjem Trondheim.

— Dersom foreldra kjem frå Asia, er det ikkje uvanleg at ein bur heime medan ein er student. Det Trondheim gjorde, var å ha kampanjar der dei viste at det var trygt å studera i byen, og dei viste mellom anna heilt enkle ting som «slik ser ein hybel ut».

— Kva tenkjer du om dine eigne barn og utdanning?

— Sonen vår går i 10. klasse no, døtrene på vidaregåande. Dei veit ikkje endå kva dei vil, men to av dei har vore aktive i idretten og alle tre med musikk. Som foreldre er me opptekne av å legga til rette for trivsel.

Powered by Labrador CMS