Prorektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen har leia arbeidet med å utforme språkpolitiske retningslinjer for Universitetet i Bergen. Foto: Tor Farstad

Forskarane prioriterer engelsk, men Universitetet i Bergen vil vere «språklig forbilde» på norsk

Språk. Universitetet i Bergen har forslag til språkpolitiske retningslinjer klart — ti år etter at kravet om språkstrategi vart nedfelt i lov.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Universitetet skal ha en tydelig språkpolitikk og framstå som et språklig forbilde for norsk utdanning, kultur- og samfunnsliv», heiter det i saksframlegget til språkpolitiske retningslinjer, som ligg på bordet til Universitetsstyret i Bergen torsdag.

Der det er relevant, vil vi gjere ein sterkare innsats for å få til publisering på norsk.

Margareth Hagen

Om styret stiller seg bak forslaget, er det første gong på nær eit kvart hundreår at Universitetet i Bergen (UiB) fattar eit samlande vedtak om språkbruk ved institusjonen. Retningslinjer for målbruk frå 1996 dreidde utelukkande om fordelinga av nynorsk og bokmål i UiBs publikasjonar. No er språksituasjonen ein annen enn den gongen:

Fakta

Engelsk i akademia

10 prosent av dei 25 000 publikasjonane frå norske forskarar i 2017 vart skrivne på norsk. Nær 90 prosent av den vitskapelege publiseringa frå norske institusjonar er no på engelsk. Andre språk utgjer 1 prosent. På NTNU er 5 prosent på norsk, ved Universitetet i Bergen 7 og ved Universitetet i Oslo 8 prosent.

Særleg innan humanistiske fag går bruken av norsk som publiseringsspråk markant ned. Den same tendensen gjer seg gjeldande innanfor samfunnsvitskapen. I 2011 vart ein av tre publikasjonar frå humanistiske forskarar i Noreg publisert på norsk – 2017 ein av fire.

Også i absolutte tal har det vore ein nedgang. I 2011 var det totale talet på norske publikasjonar 2898, i 2017 2437 - ein nedgang på 15 prosent. I humaniora var nedgangen på 22 prosent i same periode, medan samfunnsvitskapen har ein nedgang på 6 prosent.

(Kjelder: NIFU/Cristin/Indikatorrapporten 2018)

Norsk er på veg ut som publiseringsspråk ved dei største universiteta i Noreg, som Khrono og På Høyden kunne melde i fjor.

Norsk — ein kuriositet

Berre ti prosent av norsk forsking blir publisert på norsk, ved UiB har talet vore nede i sju prosent. NTNU ligg endå lågare, med fem prosent. I realfaga og medisinske fag er publisering på norsk for lengst blitt ein kuriositet.

Dette har fått både minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, og kulturminister Trine Skei Grande til å reagere.

— Ingen vil at norsk berre skal brukast til å bestille øl, sa Iselin Nybø til På Høyden og Khrono i fjor.

No er ny språklov på høyring, og universitets- og høgskulerektorane har fått klar melding om skjerpe sitt lovpålagte ansvar for å ta vare på norsk fagspråk.

Ei kartlegging Språkrådet gjorde i 2018 viste at 70 prosent av universitet og høgskular hadde innført språkpolitiske retningslinjer. Kartlegginga viste også at retningslinjene berre unntaksvis vart følgt opp i praksis. I staden vart til dømes velkomsstseremonien for studentar ved Universitetet i Stavanger i fjor halden på engelsk. NTNU har marknadsført universitetet med slagordet «challenge everything».

— Vi foreslår mellom anna eit språkpolitisk utval som skal sørge for meir systematisk, analytisk og kunnskapsbasert oppfølging av språkpolitikken, seier Margareth Hagen, som har leia arbeidsgruppa bak forslaget til retningslinjer ved UiB.

«Fremtredende plass» for nynorsk

I dei 25 punkt lange retningslinjene blir det mellom anna slått fast at norsk skal vere hovudspråk ved undervisninga i UiBs bachelorstudium. Undervisning skal «som hovedregel være på norsk», og det skal også pensumlitteratur i obligatoriske kurs — dersom det finst like gode norske som framandspråklege bøker.

Retningslinjene legg vekt på at nynorsk skal ha «en fremtredende plass i virksomheten», som det heiter i mandatet til arbeidsgruppa. Det blir peikt på at UiB har eit særleg ansvar for nynorsk, basert på «språklig likestilling og toleranse som et sentralt prinsipp ved UiB».

Alle fast tilsette som ikkje kan norsk skal ha tilbod om å gjennomføre norskkurs og skal beherske norsk på B2-nivå, som ofte blir omtala som høgare mellomnivå.

Når det gjeld vitskapeleg publisering, er det derimot fritt fram for å bruke det språket ein vil.

Ingen krav til norsk publisering

— Vår haldning er at ein skal publisere der ein ønskjer og der det er relevant å publisere. Dette handlar om forskarane sin faglege fridom. Der det er relevant, vil vi gjere ein sterkare innsats for å få til publisering på norsk, seier Hagen, som peikar på nordiskfaget som døme.

Ho seier også at formidlingsarbeidet blir viktig for å kompensere for mangelen på norsk i forskingpublikasjonane.

Ifølgje tala som Khrono og På Høyden la fram ifjor er norsk språk på vikande front også innan dei humanistiske faga, sjølv om det der står sterkare enn på mange andre område.

Ifølge Språkrådets rapport om norsk fagspråk frå 2018, vart emnekurs på engelsk dobla, frå 9 til 20 prosent frå 2007 til 2016. Samstundes er truleg 9 av 10 av studentane på kursa norske.

«Når det engelske språket dominerer i forskning, kan det over tid spille over på en forskningsbasert høyere utdanning og medvirke til språkskifte i utdanningsprogrammer», heitte det i rapporten frå Språkrådet.

Blant forskarane er det internasjonale innslaget høgare. Medrekna ph.d-stipendiatar er 1 av 4 (37 prosent) av dei vitskapeleg tilsette ved UiB i dag frå andre land enn Noreg.

— Det er derfor det er så viktig med norskopplæring, seier Hagen og viser til kravet i forslaget til retningslinjer.

— Engelsk ikkje til å unngå

Ein av medlemmene i arbeidsgruppa som har utarbeidd forslaget til UiBs språkpolitiske retningslinjer er førsteamanuensis i kjemi, Nils Åge Frøystein. Han erkjenner at det ikkje er noko enkel oppgåve å redde det norske fagspråket, særleg innan realfaga, der han sjølv arbeider.

— I realfaga, når det gjeld publisering, er det ikkje til å unngå at det blir publisert på engelsk. Det er veldig vanskeleg å endre på. Skal ein opp og fram i dei tidsskrifta som er viktige og ta del i den internasjonale forskingsfellesskapen, er det nødvendig, seier Frøystein.

Desto viktigare er det, meiner han, at norsk blir tatt vare på i undervisninga. Men også dette er vanskeleg.

— Mange norske studentar på mitt institutt skriv helst masteroppgåvene på engelsk, er hans observasjon.

— Vi må i alle fall passe på at norsk som undervisningsspråk ikkje forsvinn.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS