LAngeland mot UiT

Vurderer å krevje millionerstatning

Sivilombodet stiller kritiske spørsmål ved UiT Noregs arktiske universitet si saksbehandling. Nils Rune Langelands advokat, som har klaga til ombodet, varslar krav om millionerstatning dersom dei vinn fram.

Nils Rune Langeland fyller 58 i år. Dersom han krev erstatning, og får det, er det snakk om tapt arbeidsinntekt i ganske mange år.
Publisert Oppdatert

Då Nils Rune Langeland søkte ei stilling ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT) i fjor, vart han ikkje vurdert av den sakkunnige komiteen.

Langeland mista jobben ved Universitet i Stavanger i 2019. Dette er årsaka til at han ikkje vart vurdert for stillinga i Tromsø, kjem det fram i ein e-post.

— Instituttet gjennomfører ein administrativ kontroll av søkjarar til alle stillingar. Dette gjeld normalt formelle kvalifikasjonskrav, men kan òg inkludera andre særskilde forhold. I ditt tilfelle er avslutninga på arbeidsforholdet ditt ved UiS relevant, heiter det i ein e-post Langeland fekk i november i fjor.

I vår sendte Langeland og hans advokat, Olav Lægreid, saka til Sivilombodet. Dei går inn i saka, viser eit brev som er sendt til UiT.

— Me har funne grunn til å undersøkja saka nærare, heiter det der.

Ombodet viser til prosedyren UiT sjølv har vedteke for tilsetjing i vitskaplege stillingar, og skriv at «vi kan ikke se at reglementets tekst åpner for unntak fra den fastsatte prosedyren».

Kva er administrativ kontroll?

I brevet heiter det at Sivilombodet har funne grunn til å undersøkja saka nærare.

Ombodet ber UiT greia ut kring mange spørsmål, mellom anna kva som normalt vert vurdert i ein såkalla administrativ kontroll og om det finst retningslinjer for desse.

Ifølgje brevet lurer ombodet òg på om det finst nokon skriftleg dokumentasjon på denne kontrollen, og dei spør om klagar, altså Langeland, har fått reell kontradiksjon før UiT bestemte at søknaden hans ikkje skulle sendast til den sakkunnige komiteen.

«Det er ved UiT konkludert med at de forhold (mange tilfeller av uakseptabel adferd gjennom en årrekke) som er knyttet til din avskjedigelse ved UiS og dommen av januar 2019, er relevant og har direkte betydning for din personlige egnethet for førsteamanuensisstillingen ved UiT. I vurderingen er det vektlagt at dommen er av nyere dato, og at de påberopte forhold er i relativ nær fortid, samt at stillingen ved UiT er av samme kategori som stillingen ved UiS, dvs. en faglig stilling tillagt undervisnings- og forskningsoppgaver», skreiv UiT i ein epost til Langeland like før jul.

Også dette stiller Sivilombodet spørsmål ved.

— Er det gjort meir konkrete vurderingar av korleis opplysningane som kjem fram i dommen ville verka inn på klagaren sitt eventuelle arbeid ved UiT, enn det som kjem fram i denne grunngivinga, spør ombodet.

Kan kreva millionar

— Me oppfattar at Sivilombodet har forstått alvoret og problema i saka, og me merkar oss at dei er ganske grundige. Det er mange spørsmål til UiT, så det ser ut til at denne saka skal granskast frå fleire kantar, seier advokat Lægreid.

— Eg kan vanskeleg sjå at UiT kjem til å sleppa billig. Dei må mellom anna kunne visa til lovheimlar, seier han vidare.

— Kva konsekvensar får det dersom Langeland får medhald?

— Det er ikkje sikkert konklusjonen vert at UiT må handsama tilsetjinga på nytt. Men dersom Sivilombodet kjem med kritikk og seier at det UiT gjorde var ugyldig, vil Langeland kunne krevja erstatning.

Lægreid seier at ein då må sjå på kva løn han kunne hatt, og skilnaden mellom den løna og den inntekta han har i dag.

— Så må ein rekna med at dette er ei stilling Langeland kunne hatt til pensjonsalder; han har lært av tidlegare feil og har i tillegg betre helse. Det betyr at eit eventuelt søksmål vil kunne dreia seg om fleire millionar.

Har òg søkt stillingar ved HVL

Khrono har tidlegare omtala at tidlegare historieprofessor Nils Rune Langeland har søkt fleire stillingar etter at han fekk sparken i Stavanger. Han har professorkompetanse, og har vore sett på topp av sakkunnige komitear til fleire stillingar. Men han har ikkje fått nokon ny jobb.

I vinter søkte Langeland ei stilling ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Her lova rektor Gunnar Yttri at alle søkjarane skulle få ei rettferdig handsaming.

— Me handsamar alle søkjarar likt. Me ønskjer gode søkjarar og ein skikkeleg prosess. Dei som søkjer ei stilling brukar mykje tid på søknadane, og det er uhøyrt at dei ikkje vert handsama skikkeleg, sa Yttri då.

Ifølgje Lægreid har ikkje Langeland vorte kalla inn til intervju, sjølv om han er sett på som søkjaren med best vitskapeleg kompetanse.

Ifylgje Pål Berg Svenungsen i Forskerforbundet stemmer ikkje dette heilt. I ein e-post til Khrono skriv han:

— Langeland har vore inne til intervju på utlyste stillingar som førsteamanuensis i historie ved HVL, campus Sogndal - både i 2021 og i år. Eg har sjølv delteke på desse intervjua som tillitsvaldrepresentant for Forskerforbundet.

Advokat Lægreid seier at saka ved HVL ikkje utan vidare kan samanliknast med Tromsø-saka.

— Her har det ikkje vore ei utelukking allereie frå den sakkunnige komiteen, det er overlate til neste etappe. Men begge sakene ber preg av ein førehandssensur, så det er likskapstrekk, seier Lægreid.

I brevet frå Sivilombodet vert det vist til ei sak frå 2018.

Eigne vurderingar

Her heiter det at «i saker der negative opplysninger fremkommet tilbake i tid om personlig egnethet er avgjørende for vurderingen av søkernes kvalifikasjoner, må hovedregelen være at søkeren innkalles til intervju og referanser kontaktes før saken kan anses tilstrekkelig opplyst. I tillegg må det kreves klare holdepunkter for å konkludere med at klageren ikke er kvalifisert ut fra en vurdering av klagerens personlige egenskaper».

— Dette betyr at ein må gjera ei eiga vurdering om kandiaten er eigna, og det skjer nettopp i intervju og referansesjekk. Ein kan ikkje basera seg på rykter eller på kva som skjer i media, men må gjera eit eige arbeid, seier Lægreid.

No vurderer Langeland og advokaten å også senda HVL-saka til Sivilombodet.

— Me vil senda den som sjølvstendig sak, med støtte i det Sivilombodet sa i 2018, seier Lægreid.

Yttri vil ikkje kommentera

HVL-rektor Gunnar Yttri skriv i ein e-post til Khrono at Høgskulen på Vestlandet ikkje kommenterer enkeltpersonar sine søknader. Den sakkunnige komiteen sin rapport er unnteke offentlegheit, og Yttri kommenterer difor heller ikkje denne.

På generelt grunnlag skriv Yttri:

— Når det gjeld innkalling til intervju, legg Høgskulen på Vestlandet vekt på å følgja Sivilombodet sine anbefalingar ved innkalling til intervju, også når det gjeld søkjarar som høgskulen har kjennskap til frå før.

Vidare skriv han:

— Høgskulen på Vestlandet gjer sjølvstendige vurderingar med grunnlag i føreliggjande systematisk innhenta dokumentasjon. Rykte eller medieskapte saker er ikkje ein del av saksgrunnlaget.

Yttri skriv òg at Høgskulen på Vestlandet gjer sitt beste for at søkjarane deira ikkje skal bli utsette for urett eller feil handsaming.

— Dersom søkjarar til våre utlyste stillingar meiner seg feil eller urettvist handsama, så har me ingenting å utsetja på at Sivilombodet ser nærare på dette.

UiT ser positivt på saka

I vinter sa organisasjons- og økonomidirektør Odd Arne Paulsen at UiT vurderte saka til at dei ikkje hadde gjort nokon feil i handteringa i den prosessen dei hadde hatt.

No seier Paulsen at UiT ser positivt på at Sivilombodet går inn i saka.

— Sivilombodet belyser saker der det er tvil eller der det har vorte stilt spørsmål. No jobbar me med svar, seier Paulsen.

Svarfrist er 29. juni.

— Kva er administrativ kontroll, som Sivilombodet no nemner og stiller spørsmål ved?

— Me skal svara Sivilombodet. Eg ønskjer ikkje å kommentera saka før me har gjort det, seier Paulsen.

Han viser òg til at saka er ei tilsetjingssak som det ikkje er full offentlegheit rundt.

Endringslogg: 25.06.22: Saka er endra med opplysningar frå Forskerforbundet om intervju ved HVL.

Powered by Labrador CMS