universitetet i bergen
Vil ha to tidspunkt for professoropprykk
Mange av dei som vert fast tilsett som førsteamanuesar, ønskjer opprykk til professor. I dag kan dei måtte venta nesten eit år på dette.
Universitetet i Bergen (UiB) lyser som hovudregel ut førsteamanuensisstillingar når dei lyser ut faste vitskapelege stillingar. Mange av dei som vert tilsett i slike stillingar kjem frå stilling som professor ved ein annan utdanningsinstitusjon, og ønskjer difor opprykk til professor så snart som råd.
I dag har UiB ein søknadsdato i året for opprykk til professor. På universitetsstyremøtet torsdag skal styret ta stilling til om dette skal endrast til to.
Møtet startar klokka 10, og du kan sjå det her:
Vil ha felles frist
I saksframstillinga heiter det at dei siste åra har fakulteta sendt fleire meldingar til rektor og bede om unntak frå den felles opprykkssøknadsfristen, som er 15. september. Særleg er det vanskeleg for søkjarar som kjem frå professorstilling i utlandet å forstå at ein i nokre tilfelle kan måtte venta opp til eit år på å få opprykk ved UiB.
Saka er drøfta med dekanane, som meiner at felles frist er ein god ting. Men dei føreslår at ein kan gå over til å ha to søknadsfristar i året, 15. september og 15. mars. Dette er òg forslaget til vedtak i saka.
Skal vedta strategi
Ei av dei første sakene på dagsordenen, er ny strategi for UiB. Den førre strategien gjekk ut i 2022. Den nye har vore drøfta på mange nivå på universitetet, òg fleire gongar i styret, og skal gjelda fram til 2030. Tittelen er framleis «Kunnskap som former samfunnet».
I tillegg skal styret drøfta både utviklingsavtale, tildelingsbrev og økonomirapport, og dei får saka om stenging av dei kulturhistoriske samlingane ved Universitetsmuseet på sitt bord. Universitetsleiinga tilrår stenging.
— Det snart 100 år gamle bygget manglar universell utforming og klimaet i bygget er ikkje tilfredsstillande for å kunne ta vare på gjenstandane på ein sikker måte, har rektor Margareth Hagen sagt om bygget.
Dette er sakslista
- S 1/23 Godkjenning av innkalling og saksliste
- S 2/23 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 24.11.2022
- S 3/23 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
- S 4/23 Ny strategi for Universitetet i Bergen 2023 – 2030 Vedlegg 4 Designutkast ny strategi
- S 5/23 Universitetets utviklingsavtale 2023-2026S
- 6/23 Tildelingsbrev for 2023 til Universitetet i Bergen
- S 7/23 Økonomirapport 2022
- S 8/23 Årsrapport for Universitetet i Bergen 2022 – Utkast til styrets beretning
- S 9/23 Handlingsplan for et helhetlig læringsmiljø 2023-2029
- S 10/23 Søknadstidspunkt for opprykk
- S 11/23 Styrket forskningsetisk innsats ved Universitetet i Bergen – nye retningslinjer for behandling av saker om mulige brudd på anerkjente forskningsetiske normer ved Universitetet i Bergen
- S 12/23 Stenging av Haakon Shetelig plass 10, Kulturhistoriske samlinger– status og videre plan
- S 13/23 Helhetlig internkontroll ved Universitetet i Bergen
- S 14/23 Internrevisjonsrapport – Informasjonssikkerhet og GDPR - Unntatt offentlighet iht offl. § 24.3
Orienteringer
Eventuelt