Debatt ● Gro Anita Fonnes Flaten og Dag Stenvoll
Vi treng oppdaterte kvalitets- og akkrediteringskrav for universitet
Det viktigaste er at akkrediteringskrava legg til rette for mangfald og høg kvalitet, og at dei fangar inn utviklinga i sektoren og samfunnet vårt, skriv Gro Anita Fonnes Flaten og Dag Stenvoll.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Ei ekspertgruppe nedsett av Kunnskapsdepartementet arbeider med å sjå på kva slags kvalitets- og akkrediteringskrav som skal gjelde for universitet framover. Tida er moden for å sjå på dette. Fleire av krava i dag til å bli eit universitet kviler tungt i fortida.
Det har skjedd ei utvikling dei siste åra i UH-landskapet i Noreg. Vi står i dag med ti universitet, fem statlege høgskular og seks vitskaplege høgskular. Fleire av oss har uttrykt universitetsambisjonar, mellom anna Høgskulen på Vestlandet. Enkelte hevdar at UH-institusjonane har blitt meir like med åra. Andre vil meine at dei siste åra har gitt ein meir mangfaldig sektor med ulike profilar. Dei nye universiteta som veks fram i Noreg bidreg til eit slikt viktig mangfald. Dei er arbeidslivsretta og skaper kunnskap og kompetanse i samhandling på ei anna måte enn dei tradisjonelle universiteta. Dette meiner vi i langt større grad enn no bør fangast opp i akkrediteringskrava vi blir målt etter.
Dei nye universiteta er arbeidslivsretta, har sterke regionale røter og har store profesjonsutdanningar i botn for verksemda si. Dei skaper kunnskap og kompetanse i nær samhandling med omgjevnadene sine. Systemet for akkreditering av universitet bør difor på betre vis enn i dag fange opp kvaliteten ved den nye typen universitet - meir orientert mot arbeidslivet enn dei meir disiplinorienterte universiteta. Eitt av dagens krav til fagmiljøet for å bli universitet er til dømes «en relevant kompetanseprofil, og den samlede kompetansen skal være på nivå med sammenlignbare institusjoner i samme institusjonskategori». Det er eit rimeleg krav. Vi meiner likevel at dette kravet i dag vert spegla for mykje i retning av akademisk kompetanse.
Tilstrekkeleg med førsteamanuensar og professorar er sjølvsagt viktig for kvalitet på forsking og utdanning, for å nå opp i konkurransen om eksterne forskingsmidlar og for at utdanningane skal vere forskingsbaserte. For dei profesjons- og arbeidslivsretta universiteta er det naudsynt å ha nok vitskapleg tilsette med praktisk erfaring og kompetanse frå arbeidslivet. Ei for snever tolking av fagmiljø inn mot akademisk kompetanse bidreg til einsretting i sektoren. Praktisering av kravet om relevant kompetanse bør i større grad opnast opp for å ivareta mangfaldet. Det vil motverke tendensen til at alle universiteta spring i same retning. Dessutan vil det vere i tråd med intensjonane i utviklingsavtalane og med dei pågåande debattane om finansieringssystemet for UH-sektoren.
Eit anna moment vi vil trekka fram er behovet for i større grad å fanga inn det internasjonale i kvalitets- og akkrediteringskrava. Framveksten og utviklinga av ein ny type universitet festar seg no internasjonalt, dei såkalla entrepreneurial and engaged universities. Her finn vi mykje igjen av den kvalitetsutviklinga, og innretninga mellom anna mot det anvendte, som dei nye universiteta i Noreg bringer fram.
Ekspertgruppa for akkreditering av universitet og høgskular har og bedt om innspel på kva som bør vere politikken si rolle. Krava til å bli eit universitet har røter i Mjøsutvalet og vi finn spor att i Stjernøutvalet, og det blei tatt opp igjen i Torbjørn Røe Isaksen si tid som statsråd for sektoren. Han la til grunn ein politikk som hadde både «universitetsfrys» og overgangsordningar. Det er såleis ikkje tvil om at politikken har vore formande for det lov- og regelverk som gjeld, og som vi alle styrer etter.
Fleire av dagens universitetscampusar som finst i Noreg fekk også statusen automatisk gjennom ein fusjon. Politikken vil alltid vera med, men vi meiner ein skal vera varsam med å legga inn for mykje politikk i kvalitets- og akkrediteringskrava. Viktigast er at akkrediteringskrava legg til rette for mangfald og høg kvalitet, og at dei fangar inn utviklinga i sektoren og samfunnet vårt.