Debatt ● eivind hansen
Vi treng ei felles satsing på medisinutdanning både nasjonalt og regionalt
Etter mi oppfatning treng Helse Vest fleire strukturar som held regionen saman, skriv Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Folket, sjukehusa og primærhelsetenesta i Helse Vest treng ei samlande og kvalitativt god medisinutdanning. Grimstadutvalet sine analysar viser at vi har for få utdanningsplassar i Noreg og i vest. Dette er det vilje til å gjere noko med. Stortinget har i 2020 løyvd midlar til ein auke der mellom anna Universitetet i Bergen (UiB) har fått nye studieplassar. Det er gledeleg.
Rektor Margareth Hagen ved UiB har svært gode poeng om dette i eit innlegg i Khrono den 23. februar.
Medisinutdanning er ei av dei mest ressurskrevjande utdanningane vi har. Det trengs robuste og breie fagmiljø, og læringsarena med stor pasientaktivitet, for både teoretisk og praktisk utdanning av gode legar. Dette er noko av grunnen til at det er berre eitt medisinsk fakultet i kvar helseregion. Samtidig som vi har eit medisinsk fakultet i Helse Vest, lagt til UiB med sterk tilknyting til regionsjukehuset, Haukeland universitetssjukehus, er det svært gode grunnar til å utvikle meir desentraliserte utdanningsmodellar slik at ein tek fleire av sjukehusa i bruk for utdanning av legar. UiB har gjennom etableringa av «Vestlandslegen» utvikla ei slik løysing. Utdanninga vil gjennom dette skje ved alle helseføretaka i regionen, både i Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Førde og Helse Bergen.
Eg meiner dette er ei god og framtidsretta løysing. Vi får tatt endå betre i bruk dei mange gode utdanningsarenaene i Helse Vest. Fleire studentar får ein større del av utdanninga nær eit sjukehus eller nær ein kommune der dei kanskje vil etablere seg i for framtida. Samtidig får vi ei samla utdanning innanfor ramma av eit sterkt medisinsk fakultet som fortsatt vil være det nest største medisinske fagmiljøet i Noreg.
Helse Vest er ein samla helseregion med hovudkontor i Stavanger. Det har fungert godt sidan helseføretaksreforma i 2002. Føretaka i regionen står samla og har eit tett samarbeid, og vi har eit tett og godt samarbeid med utdanningsinstitusjonane i regionen. Styret i Helse Bergen har handsama spørsmålet om medisinutdanning i Vest og ynskjer eitt fakultet som er med å halde regionen samla og som samtidig utviklar framtidige desentrale utdanningsmodellar som «Vestlandslegen».
Etter mi oppfatning treng Helse Vest fleire strukturar som held regionen saman. Det vil styrke samarbeidet mellom helseføretaka og utvikle helsetenestene til det beste for pasientar, studentar og alle som er opptekne av å utvikle denne regionen.
Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager