Debatt ● Jan FRedrik Hovden

Veksesmerter. Om lesekriser og andre kriser i akademia

Lesekrisa er berre eit symptom på ei djupare og langvarig krise i høgare utdanning, som ikkje rammar alle institusjonar og fag likt.

Jan Fredrik  Hovden, professor, Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB, Universitetet i Bergen
«At mange studentar no nok har mindre erfaring med å lese tekster som liknar på pensumlitteraturen er slik berre ei lita brikke i ei større fortelling om endringar i studentanes kulturvanar og tilhøve til å studere» skriv professor Jan Fredrik Hovden.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I innlegget «Hva kan vi gjøre med studentenes lesing og skriving?» i Khrono 27.1. skriv professor Espen Ytreberg om hans studentar si fallande evne og motivasjon for å lese lange og kompliserte tekster, og drøfter dette som ei sentral utfordring for akademia i åra framover. Men skal ein forstå og møte denne utfordringa, er det viktig å sjå den under ein høgare himmel. Lesekrisa er berre eit symptom på ei djupare og langvarig krise i høgare utdanning, som ikkje rammar alle institusjonar og fag likt.

Fyrst av alt: Er det ei lesekrise i høgare utdanning? Det er noko støtte til Ytrebergs anekdotar i mine og Jostein Gripsruds undersøkingar av studentar i Bergen sine kulturvanar frå 1998 og fram til 2020. I 2008 las ein av tjue universitetsstudentar mindre enn ein time aviser i veka. I 2020 er det ein av fire. Også lesing av litteratur går attende, og det vert ikkje kompensert av meir lytting til lydbøker. I 2008 var det ein av ti som sa dei aldri las skjønnlitteratur (ein av fjorten i 1998), i dag er det ein av seks. Liknande utvikling finn ein på Høgskulen på Vestlandet, BI og Handelshøgskulen. Sjølv om nettet gjev mange andre moglegheiter for å søkje informasjon og divertissement framstår dette som viktige endringar.

Samstundes er det jo ikkje berre at færre les. Det er òg ei endring i kva dei les. Nedgangen i interesse er for universitetsstudentane størst for samtidslitteratur (eit fall frå 63% til 36% dei siste tjue åra) og «eldre» litteratur (frå 50% til 28%). Fallet er òg tydeleg for norsk litteratur. I 1998 var sju av Bergensstudentanes topp ti favorittforfattarar norske, med Hamsun på toppen. I 2020 var Rowling øvst, og berre to av ti var norske. Hamsun og andre forfattarar frå hans tid og eldre er knapt nokon som nemner lenger. Den minkande interessa for klassisk og smalare litteratur, og den norske litterære offentlegheita, er nokså symptomatisk for djupe endringar i studentanes kulturorientering.

For arbeidarklassens born startar deira studiar dagen dei vert immatrikulert, for elitanes born startar dei i vogga.

Jan Fredrik Hovden, professor

Liknande utvikling kan ein finne att i kunstområde som musikk, teater, film og bildekunst. Om desse endringane har lange historiske røter, verkar dei skyte fart etter nettets populære gjennombrot. Things have changed, som Bob Dylan syng, ein annan artist som no har gått i gløymeboka. Dette har openbart konsekvensar, òg ikkje berre for dei mange kulturinstitusjonar der høgare utdanna tradisjonelt har dominert som publikum. Det betyr òg endringar i korleis studentane fylgjer det offentlege ordskiftet, og for deira kulturelle, og ikkje berre lesetekniske føresetnadar for å tileigne seg faglitteratur, spesielt innan samfunnsfag og humanistiske fag. Dei pedagogiske utfordringane for akademia er slik mange og samansette.

Endringane i studentanes kulturvanar går saman med mange andre endringar i deira livsstilar og orientering. Til dømes går dei meir ut på byen, og langt fleire trener no enn før. Viktigast framstår likevel vere deira endra tilhøve til institusjonen. Stadig færre universitetsstudentar orienterer seg mot ei felles studentoffentlegheit gjennom å lese universitetsavisa Studvest, gå i Studentersamfunnet eller vere medlem av eit studentpolitisk parti. Og færre verkar sjå føre seg ei framtid i akademia, sjølv om andelen med høgt utdanna foreldre har auka. At betydeleg færre studentar no trur at deira karakterar avheng av deira personlege evner er òg eit av mange teikn på ei avtrylling, eit tap av karisma for akademia for mange unge. Ikkje berre studentanes kulturelle, men også deira mentale integrasjon i institusjonen verkar slik vere svekka.

At mange studentar no nok har mindre erfaring med å lese tekster som liknar på pensumlitteraturen er slik berre ei lita brikke i ei større fortelling om endringar i studentanes kulturvanar og tilhøve til å studere, som mange som foreles nok kjenner på kroppen som ei gjensidig framandgjering. Slik har det sjølvsagt i ein grad alltid vore. Noko av dette er openbart nokså naturlege generasjonsendringar, om tilspissa og forma av dei endra teknologiske føresetnadane for kulturbruk og utdanningsreformenes utrettelege arbeid for å gjere studiekvardagen mest mogleg lik den vidaregåande skulen. Men denne framandgjeringa er ikkje berre eit generasjonsfenomen. Den er òg akselerert av utdanningssystemets utviding, og har ein tydeleg sosial logikk.

Når Ragnar Hovlands namnlause unge mann i romanen Sveve over vatna (1982) steig av bussen i Bergen for å studere midt på syttitalet, var berre ein av fem av hans jamaldringar studentar. I dag er det ein av tre, og det er no like mange studentar berre i Bergen som det var i heile Noreg på Hovlands tid. Stadig fleire som før ikkje ville teke høgare utdanning kjem til, og mange av dei møter ein kultur som er dei nokså framand.

Universitetet, som alle utdanningsinstitusjonar, har ein kultur — i vid antropologisk forstand — som er prega av at studentar og forelesarar tradisjonelt kjem frå ressurssterke heimar. Denne kulturen varierer noko mellom faga, dels prega av kva ressursar det er snakk om. Dei som studerer på Handelshøgskulen har til dømes typisk oftare foreldre med ein overvekt av økonomisk kapital, medan kunst og HF-utdanningar er meir vanlege for dei med foreldre med meir kulturell kapital. Utifrå dette møter nye studentar særskilde forventningar, dels formelle, men også uformelle, til deira livsstilar, ferdigheiter og tenkemåtar. I møtet med desse er studentane som kjem frå lågare sosiale lag ofte dårlegare skodde.

I studentundersøkingane har dei dårlegare karakterar frå vidaregåande (ikkje minst i norsk), lågare motivasjon og akademisk sjølvtillit, og mindre fordelaktige vaner (som at dei les mindre bøker og aviser) enn ungdom frå meir privilegerte heimar. Dette handlar slik ikkje berre om manglande skuleferdigheiter, men like mykje ein manglande arva akademisk kapital og illusio; om å kome frå ein familiekultur som i mindre grad deler utdanningsinstitusjonens kultur, og som ikkje verdset og førebur ein for dette på same måte. For arbeidarklassens born startar deira studiar dagen dei vert immatrikulert, for elitanes born startar dei i vogga.

Den stadige sosiale utvidinga av høgare utdanning bidreg til ei permanent arvekrise: Stadig fleire studentar kjem inn som er i utakt med forelesarane sine krav og forventningar, eit mistilhøve som er dømt til å opplevast som ikkje berre ei pedagogisk, men òg ei moralsk krise (studentane er «mindre seriøse», «uengasjerte» osb.). Lesekrisa er nok slik like mykje eit utrykk for utdanningssystemets sosiale veksesmerter som ei teknologisk- og reformforsterka generasjonskrise.

Den stadige sosiale utvidinga av høgare utdanning bidreg til ei permanent arvekrise

Jan Fredrik Hovden, professor

Denne krisa, både i si kulturelle og meir utvida form, rammar samstundes ikkje faga og institusjonane likt, og fylgjer ofte ikkje opplagde faggrenser. Studentane på jus, medisin og psykologi les til dømes meir skjønnlitteratur enn studentane på samfunnsfaga. Samstundes har andelen som ikkje les slikt falle mykje meir på sistnemnde fakultet dei siste tiåra.

Liknande mønster finn ein for andre kulturområde og for haldningane til institusjonen nemnd tidlegare. Dette gjev berre meining i lys av den sosiale rekrutteringa til faga. Dei fyrstnemnde studentgruppene har jamt over meir eliteprega bakgrunnar, og dette har endra seg lite dei siste tjue åra. Det er ikkje her på universitetet dei nye, sosialt og kulturelt meir ubudde studentane har kome, men typisk på samfunnsfaga og i humaniora. Om same utvikling — og konsekvensar — er minst like tydelege ved andre institusjonar, ikkje minst for mange høgskulefag, er det slik ikkje så rart at krisa i studentanes lesing diskuterast mest på denne delen av universitetet.

Dei pedagogiske utfordringane, om på viktige måtar felles for oss alle som foreles i akademia, fylgjer slik òg ein klasselogikk, der elitefaga verkar vere minst berørte. Deira studentar har med seg eit grunnfag i bagasjen heimanfrå.

Powered by Labrador CMS