stresstiltak

Vekketjeneste og gratis middag mot eksamensstress

Fleire universitet og høgskular gjer det dei kan for å bøte på stresset under eksamensperioden.

I kantina ved Høgskulen i Volda vil det bli servert gratis frukost under eksamensperioden. Eit tilbod fleire studentar allereie har nytt seg av.
Publisert

For tredje året på rad har Studentsamskipnaden i Volda og Høgskulen i Volda samarbeidet om å lage eit hyggeleg avbrekk for studentane i eksamensperioden.

— Denne tida er stressande for studentane, og gjerne med ein del sommarfuglar i magen. Då er det fort gjort å gløyme å ete og ta vare på seg sjølv. Derfor ønskjer vi å gjere litt ekstra for studentane desse dagane, fortel ein av dei som står bak «Førstehjelpsveka», Elin Gundersen, rådgjevar ved biblioteket, til HiVolda.

Tiltaka Gundersen har vore med på å planlegge og gjennomføre, har vist seg å ha god effekt på studentane. Tilbakemeldingane dei sit igjen med, er at ikkje berre er det viktig for den faglege utviklinga, men også den sosiale:

«Utruleg bra! Hjalp på humør og motivasjon!»
«Hadde tenkt til å gå heim, men på grunn av matservering i biblioteket vart eg lenger og gjorde skulearbeid.»

— I eksamenstida er det kanskje endå viktigare å ha gode møteplassar. Alle har godt av å bryte opp litt i lesing og skriving, seier Gundersen.

Fokus på førsteårsstudentane

Om det skulle vere nokon tvil, er det godt skilta i kantina ved Høgskulen i Volda

Ved Universitetet i Søraust-Noreg har dei òg etablert ei ordning. Særleg for studentane som er inne i det første semesteret sitt.

— USN har etablert ei studentmentorordning for studentar i det første semesteret sitt. I denne ordninga er dei no i gang med eksamenssprint kor erfarne studentar strukturerer kollokviegrupper med fokus på eksamen. Eksamenssprinten varer konsentrert i to veker, og studentane kombinerer fokusert læring og nokre sosiale tiltak, fortel Vibeke Bredahl, studiedirektør ved avdeling for utdanning og studiekvalitet, til Khrono.

Universitetsbiblioteket tilbyr kurs gjennom heile semesteret. Under eksamensperioden har dei likevel erfart at fleire studentar heller treng råd og individuell rettleiing.

—Biblioteka møter studentane på digitale flater, og studentane kan nytte lokala til seint på kvelden – noko dei òg gjer, seier Bredahl.

Gjennom samskipnaden får studentane tilbod om godt komponerte matpakkar for lange lesedagar. Alle studentar har òg fått bongar for to gratis middagar, og etter kvart blir det gratis julegraut i kantinene. «Trivselstralla» vil òg besøke alle campus ved USN i eksamensperioden.

— Tralla vil dela ut eksamenstips, gratis frukt, drikke, stressballar og godteri som gir ei hyggeleg oppmuntring i eksamenstida. Det blir òg tilbode kurs for å handtere stress i eksamensperioden, seier Bredahl.

Eiga vekketjeneste i Trondheim

Eit gjennomgåande tilbod mange stader er kurs i både stressmestring og motivasjon, men nokre gangar blir det òg krav om litt nytenking.

Studentsamskipnaden i Trondheim (Sit) tilbyr «Eksamensboost». Eit arrangement som har har korte motiverande foredrag om tema som er relevante i eksamensperioden: stressmestring, søvn, motivasjon og konsentrasjon.

— Heile tanken er at studentane skal få eit lite avbrekk frå eksamensstresset med litt kos og nyttige tips, seier Eirik Sande i Sit.

Dei arrangerer det uavhengig frå NTNU, men NTNU står fritt til å nytte tilbodet. Eksamensboost-tilbudet har vore eit sentralt tilbod sidan 2016, men dei har òg arrangement i Studentsenteret på NTNU Gløshaugen.

For dei som ikkje alltid stoler på vekkjarklokka, tilbyr òg Sit ei heilt eiga «vekketjeneste».

— Studentar kan melde seg på og så ringer vi og og vekker dei mellom 07.30 og 09.00 kvar dag i eksamensperioden, fortel Eirik Sande.

Powered by Labrador CMS