Debatt Klaus Mohn

Utfordringane i helsesektoren vil tårne seg opp i åra som kjem

Ei lenge varsla samfunnsutfordring er at aldring av folkesetnaden vil auke presset på helsesektoren. Om ingenting skjer, vil alt bli verre.

No set me vår lit til at Helsepersonellkommisjonen ikkje berre lykkast til å stille diagnosen, men at dei og tilrår inngrep som høver seg for alvoret i utfordringa, skriv rektor ved UiS, Klaus Mohn.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Store utfordringar i helsesektoren føreset nytenking rundt utdanning og kompetanse. Mangfald skapar framgang. Difor bør ein omfamne nye idear, ny kompetanse og nye aktørar.

Høgare utdanning skal ideelt sett møte samfunnets behov og samstundes bidra til å løyse store samfunnsutfordringar. Ei lenge varsla samfunnsutfordring er at aldring av folkesetnaden og høgare standardkrav vil auke presset på ressursar og kapasitet i helsesektoren. Om ingenting skjer, vil alt bli verre.

Allereie i dag legg helse og omsorg beslag på kvar femte arbeidstakar, og enno er me berre i ein tidleg fase av aldersbølgja. Innan 2040 vil behovet for tenester til aldersrelaterte lidingar ha dobla seg. Om ikkje behovet for arbeidskraft og skal doble seg, så treng ein å tenke nytt. Ikkje minst når det gjeld kompetanse og utdanning.

Dette er bakgrunnen for det pågåande arbeidet i den regjeringsoppnemnte Helsepersonellkommisjonen. Høgdepunkta i mandatet er å etablere kunnskap og tilrådingar for å utdanne, rekruttere og halde på kvalifisert helsepersonell i heile landet. Dette er for å møte utfordringar rundt helse og omsorg på kort og lang sikt. Om utfordringa i går var å få betre helsetenester, så blir det no vel så viktig at dei same tenestene kan bli billigare.

Om ein skal få ut fleire tenester for kvar tilsett i helsesektoren, så inneber det at effektiviteten må opp. Og den viktigaste kjelda til betre effektivitet er god kunnskap og rett kompetanse. Dermed ser ein at universitet og høgskular har ei viktig rolle å spele for utfordringane i helsesektoren. Ei sak er at det er her mange av arbeidstakarane blir utdanna. I tillegg kjem at universitet og høgskular har gode føresetnadar for å tilpasse forskinga i ei retning som passar til den store utfordringa det blir å få ressursane til å strekke til.

For utdanninga av helsepersonell er viktige spørsmål naturleg nok knytt til kor mange kandidatar ein skal utdanne innan dei ulike yrkesgruppene, korleis utdanningane skal organiserast og ikkje minst kor i landet kandidatane skal utdannast. Men dette blir å pirke i overflata av eit system som truleg treng djupare kirurgi.

Ein står i dag overfor eit vell av helseutdanningar som kvar for seg er detaljregulerte i kompetansekrav og autorisasjon, med tydelege profesjonsgrenser og arbeidsdeling, revirmarkering og rivalisering. At simulering i dag ikkje er akseptert som praksis for sjukepleieutdanninga, er til dømes meiningslaust. Slike hinder mot nyskaping og forbetring må utfordrast og brytast ned. Om utsiktene peikar mot eit større behov for fleksibilitet og omstilling, så må ein våge å utfordre sjølve systemet bak helseutdanningane.

Porteføljen av helserelaterte profesjonsutdanningar kan være moden for revisjon, men utan å gje tap på forankringa i forsking. Her bør ein vurdere innføring av felles basisutdanning for fleire utdanningar, med påfølgjande spesialisering. Utdanningar og profesjonar kan kanskje kombinerast og slåast saman. Grensene for profesjonane bør gåast etter i saumane, med mål om å opne for betre samhandling og samarbeid allereie i utdanningsfasen.

Helseprofesjonane blir av mange sett som høge siloar med vasstette skott. Innafor systemet har profesjonane sjølv sterke interesser og stor betyding, blant anna når det gjeld krav til kvalifikasjonar og autorisasjon, vidareutvikling og ikkje minst rekruttering. Her veit me jo alle kor menneskeleg det er å tilsette folk som liknar ein sjølv. Om systemet av profesjonar har blitt reproduserande og konserverande, så vil helsesektoren være tent med reformar og tiltak som i større grad kan opne for impulsar utanfrå.

Tilsvarande innvendingar kan reisast mot utdanningssystemet for dei tilsvarande profesjonsgruppene. Her har profesjonsgruppene saman med helseføretaka ei sterk hand på rattet i utforminga av studieprogram. Samstundes står profesjonane sterkt blant lærekreftene ved dei ulike utdanningane. Legar blir langt på veg utdanna av legar og sjukepleiarar blir utdanna av sjukepleiarar. Spørsmålet blir dermed korleis ein får opna for djupt kritiske spørsmål og tilstrekkeleg drastisk annleistenking, som jo er ei viktig kjelde til nyskaping og forbetring.

Om utdanningssystemet for helsesektoren er innretta mot gårsdagens utfordringar, så er det grunn til å spørje om innhaldet i utdanningane er det som trengst for å møte utfordringane ein no står overfor. Blant kompetanseområda som no blir viktige finn ein samarbeid og samhandling, innovasjon og nyskaping, teknologi og digitalisering, reorganisering og omstilling, logistikk og økonomisk motivasjon. Ei løysing er at retningslinjene for helseutdanningane gir større rom for slike tema, og ikkje minst at dei får større plass i studieprogramutviklinga ved dei enkelte utdanningsinstitusjonane.

Ei anna løysing er at helsesektoren i større grad opnar for arbeidstakarar med utdanningar som er meir spesialiserte mot slike fagområde. Dette kan gje djup, verdifull og inspirerande påfyll av innsikt frå andre kompetansefelt. Variasjon og mangfald er ei kjelde til nyskaping og innovasjon, også når det gjeld utdanningsbakgrunn og kompetanse.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Nye tankar kjem elles ofte frå nye aktørar. Ein kan difor ikkje utelukke at historiske strukturar og regelverk i utdanningssystemet verkar hemmande på etablering, nyskaping, entreprenørskap og innovasjon, også i helseutdanningane. Høvet for universitet og høgskular til å utdanne kvalifiserte helsepersonell burde difor være knytt til kompetanse, merittar og utviklingspotensial, snarare enn til historiske rettar. Dette ville vere til gagn for heile utdanningssystemet, for heile helsesektoren og for pasientane. Forbetringar innan utdanningssystemet er nemleg som floa; ho løfter alle båtane.

Utfordringane i helsesektoren vil tårne seg opp i åra som kjem, fordi etterspurnad og behov er på ein kurs som me knappast har ressursar til å bere. I det grunnleggande tankesettet rundt helsetenestene må mantraet om stadig betre kvalitet no dele meir plass med eit mål om betre kostnadseffektivitet. Dette føreset nytenking på alle nivå, ikkje minst når det gjeld utdanningssystemet.

No set me vår lit til at Helsepersonellkommisjonen ikkje berre lykkast til å stille diagnosen, men at dei og tilrår inngrep som høver seg for alvoret i utfordringa. I så fall kan me alle sjå fram til kjærkomne reformar i helseutdanningane.

Powered by Labrador CMS