korona

Uroa over korona-konsekvensar for forskinga

Universitetet i Bergen opnar for å tilsetja reine undervisarar og vitskaplege assistentar, samt kjøpa forskarar fri frå undervisning, for å halda tritt på forskingsfronten.

Dette er min verkstad, seier Kjetil Møster. Han er stipendiat ved Griegakademiet, med eit kunstnarisk prosjekt. Så langt har både turné og festivalspeling vorte avlyst. - Å spela for folk er òg ein del av utviklinga, seier Møster.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I eit i alle fall nesten lydtett rom i Møllendalsbakken i Bergen, sit Kjetil Møster. Han er omkransa av saksofonar, eit par klarinettar, ein gamal kassettspelar og eit utal leidiningar. Stipendiaten ved Griegakademiet - institutt for musikk har søkt og fått høve til å vera her, sjølv om arbeidsgivar Universitetet i Bergen (UiB) praktiserer heimekontor.

Møster er forseinka med prosjektet sitt innan kunstnarisk utviklingsarbeid. Og dette året er han ikkje den einaste forskaren som ikkje har fått gjort det han har tenkt. I oktober løyvde universitetsstyret ved UiB 10 millionar kroner som skal gå til forskingstiltak. I møtet torsdag vert styret orienterte om at det mellom anna er opna for å tilsetja reine undervisarar og vitskaplege assistentar.

Universitetsleiinga er uroa over at forskinga lir under pandemien: «Undervisningen har fått et fokus som har krevd mye av forskningstiden, og det er bekymringer til fremdrift i prosjekter, søknadsprosesser, publiseringsvirksomhet, resultater av kunstnerisk utviklingsarbeid og tid til den frie grunnforskningen som ligger i vår basisvirksomhet. Det internasjonale forskningssamarbeidet er stilt overfor store utfordringer, og vi ser hvilken betydning internasjonal samhandling har for både den frie forskningen og store forskningsprosjekter. Flere forskere har utsatt forskningsopphold», heiter det i saksframstillinga.

Forseinka

Møster sitt prosjekt handlar om å kopla saksofon saman med elektronikk, og deretter utforska samspel med andre. Det betyr at det er fleire utfordringar som dukkar opp under ein pandemi: For det første er samspel med andre krevjande, særleg når dei andre held hus andre stader i Noreg. For det andre har Møster mykje utstyr, og lagar mykje lyd.

— Eg har så mykje utstyr at eg ikkje får plass heime utan å sparka ungane ut frå romma deira, seier musikaren.

— I tillegg har kona mi heimekontor. Eg lagar musikk med minst hundre desibel. Det fungerer dårleg når ho skal sitja i skype-møte.

Dette betyr at under nedstenginga i vår fekk han gjort lite. No har han søkt, og fått, tilgang til studio. Han har òg søkt om forlenga finansieringsperiode. Planen var å vera ferdig med doktorgradsprosjektet i mars, no er målet å vera ferdig i juni.

Eg lagar musikk med minst hundre decibel. Det fungerer dårleg når ho skal sitja i skype-møte.

Kjetil Møster

— Prosjektet mitt utviklar seg i samspel med andre. Eg fekk heldigvis gjort plateinnspeling i januar i år. Den er ein viktig del av sluttproduktet. I tillegg fekk eg hatt konsert i januar. Men turneen i vår og festivalspelinga i sommar gjekk i vasken, det same gjorde ein større release-runde i haust.

Møster er utdanna frå jazzlinja ved NTNU og tok deretter mastergrad ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Han har i tillegg verka som musikar i omlag tjue år. På ein knagg på kontoret heng pass og adgangsteikn til mange konsertar, arrangement og festivalar.

— Kva gjer du dersom pandemien strekkjer ut i tid?

— Ph.d.-prosjektet har forhåpentlegvis gitt meg fleire bein å stå på, og har vore ei kompetansebygging. Men eg er jo spent på korleis det vert framover, om det er mogleg å få det til å gå rundt.

Uroa for langsiktige konsekvensar

I sakspapira til universitetsstyremøtet vert det nemnd fleire tiltak for å legga til rette for forsking, mellom anna frikjøp av vitskapeleg tilsette frå undervisning og karriererettleiing for unge forskarar.

Det er krevjande å vera i ei rekrutteringsstilling, men endå meir krevjande i år, seier prorektor ved UiB Margareth Hagen.

Prorektor Margareth Hagen, med ansvar for forsking, innrømmer at ho er uroa.

— Eg er uroa for dei langsiktige konsekvensane, særleg for dei unge forskararane, seier Hagen.

Manglande nettverk

Ho nemner manglande høve til å danna internasjonale nettverk og vanskar med å verta integrerte i fagmiljøa.

— Men eg er òg uroa over einsemd, særleg for stipendiatar som er internasjonalt rekruttert og ikkje har noko særleg nettverk i Bergen.

Hagen seier at nokre stipendiatar har vore nøydde om å gjera om på prosjektet sitt som følgje av pandemien.

No jobbar UiB med å få ei oversikt over stipendiatane som er forseinka, og kva dette vil bety mellom anna for opplæringsdelen av doktorgrada, arbeidsplikt og obligatoriske kurs. Det skal òg setjast i gang eit arbeid som skal sjå på kva ein kan gjera i forhold til stipendiatane si psykiske helse og framdrift i prosjekta.

Redd for at det vert færre eksterne midlar

Ein ting er å verta forseinka med doktorgrada. Noko anna er vegen vidare. Hagen er oppteken av at både midtvegsevalueringar og karriererettleiing vert viktig.

— Dette må skje, og skjer, i fagmiljøa, men frå UiB sentralt må me sikra ei verktøykasse, seier Hagen.

Også dei fast vitskapeleg tilsette merkar pandemien. Hagen seier ho er uroa over at UiB vil kunne verta svekt i kampen om eksterne midlar. I sakspapira vert det mellom anna peika på arbeidet med søknader om å verta nye Senter for framifrå forsking, som no har avslutta første etappe.

— Me har laga ein tiltakspakke med mellom anna ekstra midlar til frikjøp, og håpar det vil demma opp litt, seier prorektor.

Powered by Labrador CMS