Neste veke skal det avgjerast om Universitetet i Bergen skal gå for vald eller tilsett rektor neste periode. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Neste veke skal det avgjerast om Universitetet i Bergen skal gå for vald eller tilsett rektor neste periode. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Jamt mellom vald og tilsett rektor i Bergen

4 av 11 styremedlemmar røyster truleg for vald rektor ved Universitetet i Bergen i neste veke. 2 vil ha tilsett. 5 har ikkje bestemt seg.

Publisert   Sist oppdatert

Avgjerda om ny styringsmodell for Universitetet i Bergen (UiB) framover har engasjert dei tilsette: Eit opprop for vald rektor har allereie rukket å få over 370 underskrifter.

På Høyden har vore i kontakt med alle medlemmane i universitetsstyret ved UiB, og det kan bli eit jamt oppgjer om den framtidige styringsforma for universitetet:

Fire medlemmar er klare på at dei er for vald rektor, mens to er for tilsett. Dei fem resterande har ikkje gitt uttrykk for eit klart standpunkt før styremøtet. Men dersom berre to av dei konkluderer med at vald rektor er best, blir det vald rektor i neste periode òg. 

Slik stiller styremedlemmane ei veke før møtet:

Dei usikre

Universitets- og høgskule-
sektoren er mangslungen, og det er ikkje sikkert at ei ordning med val er tenleg for alle
institusjonar.

Dag Rune Olsen
Valgt rektor, UiB

Usikker: Magnus B. Nygaard, studentrepresentant.

— Eg har tidlegare vore for vald rektor, men det er litt bastant å gå inn i styremøtet med eit bestemt syn. Eg må nesten sjå an møtet og dokumenta før eg bestemmer meg endeleg.

Usikker: Kari Amble, ekstern representant.

Amble er sjuk, og konsentrerer seg om å bli frisk til møtet. Det er uklart korleis ho stiller seg til spørsmålet til vald eller tilsett rektor.

Usikker: Kjersti Fløttum, vitskapleg tilsett.

Fløttum har saman med Peter Haugan skrive eit innlegg i På Høyden, der dei fortel at dei ikkje vil flagge noko standpunkt før møtet, men heller vere opne for alle innspel inntil styremøtet.

Usikker: Peter Haugan, vitskapleg tilsett.

Haugan vil heller ikkje gå ut med noko klart standpunkt på førehand, men tidlegare har Haugan vore kritisk til at ordninga med vald rektor konsentrerer for mykje makt hos ein rektor som kan kontrollere både styre og dagleg leiing. Og han vil ikkje utsetje avgjerda hausten.

— Eg meiner sterkt at vi må ta denne avgjerda i det tredje året av ein styreperiode på fire år. Og eg har respekt for at det kjem saker i styret der nokre vel å gå ut med standpunkta sine, men generelt synest eg ein bør unngå det om ein kan. Eg meiner vi er tent med eit styre som er meir som for ei verksemd, og ikkje berre ein stad der ein tel opp røyster, seier Haugan.

Men aller helst ville Haugan hatt andre styringsmodellar enn dei to lova gir å velje frå:

— Denne saka handlar ikkje berre om rekrutteringsmåte for rektor, men om å skilje dagleg leiing frå styreleiing. Men stadig vekk blir det framstilt som om det er vald eller tilsett rektor som skil dei to modellane.

Usikker: Johan Fredrik Odfjell, ekstern representant.

Odfjell har tidlegare vore ein klar tilhengar av tilsett rektor, men vil ikkje flagge standpunktet sitt på førehand:  

– Førre gong dette var oppe syntest eg det var ille at vi ikkje fekk ein reell diskusjon i styret. No skal vi ha det, og eg vil veldig gjerne høyre dei ulike synspunkta. Eg ønskjer å gi mi røyst etter å ha høyrt argumenta i styret.

Dei sikre på tilsett

Tilsett rektor: Synnøve Myhre, administrativt tilsett.

— Eg trur tida er moden for å prøve tilsett rektor. Det vil gi litt klarare linjer og retningslinjer. Dette er krevjande leiarstillingar, sjølv om den som har jobben sjølvsagt òg må ha den faglege forankringa. Dessutan trur eg at mange som har jobba tett på begge leiarmodellar synest at tilsett leiing kan vere bra. Og skal vi gå for tilsett rektor, så må den prosessen komme i gang.

Tilsett rektor: Anne Kverneland Bogsnes, ekstern representant.

— Eg er for tilsett rektor, i og med at det kjem så klare signal frå regjeringa. Det blir mykje ryddigare med to ulike personar som rektor og styreleiar, og det vil gjere det lettare å ta langsiktige, strategiske val. Med tilsett rektor treng ein heller ikkje avgrense rekrutteringa til internt i organisasjonen. Eg er veldig for at vi får ein ny modell for leiing, og eg trur kanskje vi er i ferd med å bevege oss i den retninga uansett.

Dei sikre på vald

Vald rektor: Synnøve Fluge, mellombels vitskapleg tilsett.

Fluge har i dette innlegget gjort det klart at ho er for vald rektor, og at avgjerda ikkje bør takast allereie i juni-møtet, men heller sendast ut på høyring først. 

Vald rektor: Dag Rune Olsen, vald rektor.

Olsen vil ikkje gi uttrykk for bastante oppfatningar i forkant av styremøtet om kva vedtak styret kjem til å fatte, men allereie i valplattforma hans var valt rektorat spikra. Det har han gjentatt fleire gonger, seinast i dette blogginnlegget.

— Vald leiing er ein modell som er nyttig for vår type kunnskapsverksemd, og det kan vere ganske mykje å lære av den styringsmodellen for andre kunnskapsverksemder. Men universitets- og høgskulesektoren er mangslungen, og det er ikkje sikkert at ei ordning med val er tenleg for alle institusjonar. Men då Kristin Clemet hevda at modellen var litt halvkorrupt i ein debatt med NSO, blei eg ganske så opprørt.

Les Clemet her: Valgt rektor «halvkorrupt modell»

Vald rektor: Joakim Palme, ekstern representant.

— Mi hovudlinje er å ha valde leiarar på universitetet. Men det hadde vore endå betre å ha vald rektor og ein ekstern styreleiar. Det hadde óg vore bra å tenkje over korleis ein vel heile rektoratet. Ved å ikkje velje alle på same tid, kunne vi kanskje fått litt meir pluralisme. Men alle ordningar har sine fordelar og ulemper, seier Joakim Palme, som kjenner diskusjonen igjen frå Sverige.

Vald rektor: Thea Sofie Jåsund Grastveit, student.

— Eg håper veldig inderlig at det framleis blir vald rektor. Men eg synest det er heilt ok å ta opp saka i neste møte. Det kom mellom anna veldig tydelege høyringssvar rundt dette då lovendringa kom, så eg føler at svara frå fakulteta frå førre runde gir eit greitt bilete av kva folk synest. Det er meir uheldig å ikkje ta ei avgjerd om dette. Frå studentperspektivet synest vi det er legitimerande med vald rektor. Mykje av gjennomslaget studentane har fått, skjedde i valkampen. Der er det mykje rom for påvirking, og det er spennande ved ein slik modell.

Les også: