Klima
UiB vurderer meir bruk av heimekontor som klimatiltak
Erfaringane med heimekontor under koronaepidemien er gode, meiner leiinga ved Universitetet i Bergen. No kan det bli eit «etablert virkemiddel» for å nå klimamål.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Godt og vel ni år har Universitetet i Bergen (UiB) på seg til å nå sitt eige mål om å bli såkalla klimanøytralt. No vil universitetsleiinga bruke erfaringane frå koronapandemien i arbeidet med å nå målet.
Det går fram av ein statusrapport som blir lagt fram for universitetsstyret torsdag denne veka.
I rapporten blir det peikt på at koronapandemien i 2020 har påverka både reiseaktiviteten, energiforbruket og forbruket generelt. Universitetsdirektøren legg til at desse erfaringane er «viktig å benytte (…) i videreutviklingen av UiB som klimanøytralt universitet».
Konkret kan det få konsekvensar for bruk av heimekontor for dei teknisk-administrativt tilsette ved universitetet. Dei akademisk tilsette har frå før meir fleksible ordningar.
Heimekontor i klimaperspektiv
Innan 15. oktober skal etter planen eit utval der mellom andre dei tillitsvalde ved UiB er representerte lage ei utgreiing får å vurdere «rammer for å benytte hjemmekontor som et mer etablert virkemiddel for institusjonen».
Det blir slått fast at universitetsleiinga ønsker «å vurdere økt bruk av hjemmekontor, også i et klimaperspektiv».
Ifølgje assisterande universitetsdirektør ved universitetet, Tore Tungodden, er det ønsket om meir fleksibilitet som ligg bak initiativet.
— Det kan ligge fleire effektar i auka bruk av heimekontor, som meir effektiv tidsbruk. Klima er ein ny dimensjon, seier Tungodden, som utover dette ikkje ønskjer å kommentere saka før ho har vore oppe i universitetsstyret.
Uro for «snikinnføring»
Forskerforbundet har i Khrono og Forskerforum gitt uttrykk for uro for at koronaepidemien skal føre til ei snikinnføring av heimekontor som norm.
Bakgrunnen er at Statsbygg i løpet av året skal legge fram ein rapport som vil få konsekvensar for utforminga av arbeidsplassar i statlege bygg som følge av endra krav til smittevern. Også frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet er det blitt signalisert at det vli bli lagt opp til meir heimekontor også etter pandemien.
Det er HR-avdelinga og direktør Sonja Dyrkorn som saman med dei tillitsvalde skal levere forslag til korleis bruk av heimekontor kan bidra til å nå UiBs klimamål. Khrono fekk måndag ikkje tak i Dyrkorn for kommentar.
Pandemien viste «omstillingskraft»
For å bli klimanøytrale må universitetet redusere sine klimagassutslepp med 89 prosent i forhold til nivået i dag.
I statusrapporten til styret blir det ramsa opp ei rad konkrete og overordna tiltak som skal bidra til å klare dette. Blant desse er redusert reising, meir klimavennlege innkjøp og knappare arealbruk for å få ned energiforbruket i kontor, laboratorium og lesesalar. Den totale arealbruken skal reduserast med ti prosent, medan utslepp knytt til innkjøp av varer og tenester skal ned med heile 40 prosent innan 2025.
Reiseaktiviteten, ein annan stor post i klimarekneskapen, ser så langt ut til å vere halvert i 2020 samanlikna med 2019.
I denne samanhengen peikar statusrapporten på at koronapandemien har endra dei tilsette sine reisevanar med fleksibel arbeidstid og meir bruk av heimekontor – og dessutan demonstrert god «omstillingskraft» i organisasjonen.
«Særlig hjemmekontor vil ha klimaeffekter, både i form av jobbreiser (hjem-jobb-hjem reiser) og universitetets arealbruk», heiter det.
UiB har jobba med å utvikle ein meir finmaska oversikt over klimagassutsleppa. Denne skal etter planen leggast fram på universitetsstyremøte i oktober.
(Vi gjer for ordens skuld merksam på at assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden ved UiB også er styreleiar i Khrono).