høgskulen i volda

Fryktar det ikkje vert pengar til innhald til mediebygget i Volda

Høgskulen i Volda treng om lag 30 millionar kroner til utstyr i det nye mediebygget. No fryktar rektor Johann Roppen at koronapandemien gjer at pengane let venta på seg.

Ein svært nøgd rektor Johann Roppen då han kunne presentera det nye bygget. Men framleis har ikkje høgskulen fått pengar til innhald.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Lysrigg. Redigeringsutstyr. FutureLab med VB. Fleirbruksstudio med kamera.

Dette er berre noko av det som etter planen skal inn i det splitter nye mediebygget ved Høgskulen i Volda. Dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø var i Volda ved semesterstart hausten 2019 og ga klarsignal til at ein kunne starta arbeidet. Statsbygg skal bygga og eiga, høgskulen skal leiga. Planen no er at bygget skal vera innflytta til hausten 2021.

Men førebels manglar det innhald: Nybø hadde ikkje med seg pengar til utstyr då ho var i Volda, og det kom ingen løyvingar over statsbudsjettet for 2020. No håpar rektor Johann Roppen at det vil koma lovnad om dei om lag tretti millionane i samband med presentasjon av statsbudsjettet for 2021. Men det er eit «men»:

— Det er stor usikkerheit knytt til om det vil koma ei ekstra løyving over statsbudsjettet 2021. Med koronasituasjonen vil me ikkje verta overraska om det er andre tiltak som vert prioritert, heiter det i sakspapaira til høgskulestyret sitt komande møte.

Teknisk utstyr til 500 studentar

— Dette er jo eit budsjettspørsmål, og me håpar sjølvsagt at me får pengar. Men me har ikkje fått nokon lekkasjar om det, seier Roppen til Khrono.

Han undertrekar at studentane skal få god undervisning uansett.

— Men dersom me ikkje får nokon ting, må me bruka noko av det me har. Dette er eit nytt hus, som skal køyrast inn uansett, så det beste er å få utstyr på plass frå start, seier Roppen.

Inn i det om lag 4000 kvadratmeter store bygget skal det flytta om lag 50 tilsette, og det skal vera arbeidsplass for 500 studentar. Dei høyrer heime i fem ulike bachelorprogram og eitt masterprogram.

— Me treng teknisk utstyr til alle bachelorutdanningane, seier Roppen.

Namn etter avismann

Det nye bygget får truleg namnet Sivert Aarflot-bygget, kjem det fram i sakspapura. Sivert Aarflot vart lensmann i Volda, og han skipa den første avisa, den første folkeboksamlinga og det første prenteverket på landsbygda i Noreg. Ein anna viktig mann i sunnmørsbygda, soknepresten Hans Strøm, har gitt namn til Strøm-bygget. Her skal mediefaga no flytta ut, og lokala etter planen oppgraderast.

Medieutdanningane held no til i Strøm-bygget. Der skal ein no etter planen gjera den første store oppgraderinga. Bygget er frå 1984.

— Me skal rydda opp etter 20 års medieutdanning, humrar Roppen.

I Strøm-bygget er planen mellom anna å gjera eit ventilasjonsarbeid. Men kor mykje som kan gjerast med dei 800 kvadratmetrane der, er avhengig av om ein får pengar til utstyr i det nye bygget.

— Me kan måtte bruka eigne pengar i det nye mediebygget, og så inngå ein langsiktig leigeavtale med Statsbygg for å få pussa om Strøm-bygget, seier Roppen.

Totalt sett treng høgskulen om lag 50 millionar kroner til utstyr, men tanken er at ein del av dette skal nyttast i Strøm-bygget. Det har høgskulen i utgangspunktet sagt at ein kan betala sjølve.

I sakspapira går det fram at høgskulen no er i gang med å laga konkurransegrunnlag for møblar og teknisk utstyr. Anbodet vil verta lyst ut med opsjonar, slik at innkjøpet kan skalerast i tråd med den økonomiske situasjonen.

Asheim vil ikkje lova noko

Khrono trefte forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim då han var i Bergen før helga. Han vil ikkje lova pengar.

— Eg kan ikkje koma med lekkasjar frå budsjettet. Men ein vil nok merka at budsjettet er prega av korona. Me har mellom anna innført nokre krisepakkar me må prioritera, seier Asheim.

Powered by Labrador CMS