Ho kom til Noreg før det var vanleg å reisa på utveksling. No leiar Hanne Solheim Hansen eit universitet som strekkjer seg over 900 kilometer.

Ein del av jobben er å ta tøffe val. Sjølv om det er styret som fattar vedtak må ein fronta sakene, seier Hanne Solheim Hansen.

Tsjernobyl-ulukka gjorde at Nord-rektoren hamna i Trøndelag

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei siste vekene har Hanne Solheim Hansen har vore meir heime i Steinkjer enn ho plar. Som øvste leiar for eit universitet som strekkjer seg over 900 kilometer, frå Stjørdal sør i Trøndelar til Stokmarknes i Vesterålen i Nordland, er det vanlegvis lange reisedagar.

— Eg har fast kontorplass i Bodø, og er der mellom to og fem arbeidsdagar i veka. Og så vert det arbeidsdagar ved andre studiestadar, og nokre turar til Oslo, seier Hansen.

— Det høyrest travelt ut?

— Jo, men det skal det vera å vera rektor.

Tøffe val

Det siste året har Hanne Solheim Hansen stått i fleire stormar: Studiestaden på Nesna vart lagt ned. Vedtaket kom i styret, men rektor kom med forslaget. I etterkant har «Nord universitet» fått namnet «Mord universitet», og Hansen fått drapstruslar – som vart henlagt av politiet.

Deretter har Nokut trua med å ta frå universitetet akkrediteringa, fordi den sakkunnige komiteen meiner at doktorgradsprogrammet i profesjonspraksis ikkje fyller krava. Nord universitet har fått to år på å gjera tilpassingar med programmet. Den tredje, store saka har vore oppseiingar ved Fakultet for lærarutdanning, kunst og kultur (FLU). Ti årsverk skal bort. Eigentleg skulle det vera klart før sommaren kven som må gå, men på grunn av korona-utbrotet er dette no utsett.

Men korleis er det å fronta desse sakene? Det vil rektor Hansen ikkje seia så mykje om.

— Nord universitet er eit ungt universitet, og me må legga nokre kabalar. For å få det til har det krevd nokre tøffe val. Men no implementerer me, og det går etter planen, seier Hansen.

Hennar eigne dagar har gått med til møte via Internett no. Men ho vil gjerne skryta av dei tilsette, og seier ho er imponert over kva dei har fått til i løpet av berre tre veker.

— Dei gjer ein kjempeinnsats, og viser guts.

Vedtaket om å legga ned studiestad Nesna førte til høyring i Stortinget. Rektor Hanne Solheim Hansen til høgre her.

Radioaktivitet

Danske Hansen kom til Noreg tidleg på 1980-talet. Dette var før det var vanleg å reisa på utveksling, men ho hadde bestemt seg.

— Det var litt spanande å reisa ut, og eg slåst meg inn på det som i dag er NMBU, humrar ho.

I 1986 var ho ferdig som student. Men same våren skjedde den store kjernekraftulukka i Tsjernobyl. Fleire tonn kjernebrensel vart slynga ut og gjorde at det vart stort nedfall av radioaktive stoff – òg i Noreg.

— Noreg stod med buksa på beina. Ein hadde bestemt at ein ikkje skulle ha radioaktivitet – og då hadde ein heller ikkje forsking på dette, fortel Hansen.

Ho fekk ei stipendiatstilling, der ho undersøkte omsetjing av radioaktivitet i husdyr, særleg dei som var på utmarksbeite, som sau, geit og rein.

— Nokre stader, som her i Trøndelag, målar ein framleis radioaktivitet i sau, fortel Hansen.

For mange trur eg behovet for å sosial omgang med kollegaer er det største saknet

Hanne Solheim Hansen

Då 57-åringen hamna ved dåverande Høgskolen i Nord-Trøndelag i 1995, kom ho for å undervisa ved bachelorprogrammet i husdyrproduksjon. Sidan har ho vorte verande.

— Du snakkar ein slags dansk-trøndersk?

— Haha, vel, eg veit ikkje kva trønderane seier om det.

Skulle berre vera konstituert

«Spillet om Nord universitet», skreiv Khrono i jaunar 2019. Då hadde rektor Bjørn Olsen gått av. Samarbeidsproblem og manglande tillit frå deler av styret skal ha vore blant årsakene. Då var det ferske universitetet han leia berre tre år gamalt. 1. januar 2016 fusjonerte Universitetet i Nordland, som då berre var fem år gamalt, med høgskulane på Nesna og i Nord-Trøndelag. 12 000 studentar og 1 200 tilsette fekk det nye universitetet, som vart sett på som det svakaste i Noreg.

Hansen var prorektor og vart konstituert som rektor då Olsen gjekk av. Til Morgenbladet sa ho at ho hadde vurdert å takka nei, men at dette var noko som kom til å gå over – det kunne ikkje ta meir enn eit halvt år å tilsetja nokon. Då det skulle tilsetjast rektor var Hansen blant dei seks søkjarane. Ho vart tilsett i juni 2019.

— Det handlar litt om å veksa inn i oppgåva, seier Hansen som forklaring.

— Ser du føre deg å sitja som rektor i fleire periodar?

— Eg har fått stillinga i fire år, så får me sjå kva som skjer. Ein ser kor fort verda endrar seg.

UHR - konferanse. Hanne Solheim Hansen

Ønskjer seg hagearbeidsver

— Skjønar folk elles i landet kor krevjande det er å driva eit universitet som strekkjer seg så langt?

— For oss er det ein del av kvardagen med avstand. Men det krev nok kanskje litt meir struktur, ja. Og så kostar det tid og pengar å reisa, seier Hansen.

For hennar eigen del vert det mykje fly frå Værnes.

— Ein del av dei tilsette er flinke til å nytta nattog. Eg har ikkje heilt fått det til.

Men no vert det verken fly, tog eller anna reising. Kanskje ein i bil til dei næraste skiløypene. Khrono snakkar med Hansen via video fredag før palmehelga, og ho rapporterer om snø utanfor vindauga.

— Eg er eigentleg ferdig med vinteren no, sukkar ho.

Ho vil gjerne nytta feriedagane til å pusla i hagen. Elles ser ho fram til heimehygge med dei to sønene, med god mat, spel og puslespel og mykje frisk luft.

— Eg trur det vert godt for mange av dei tilsette å få eit avbrekk no. Dei gjer ein stor innsats. For mange trur eg behovet for å sosial omgang med kollegaer er det største saknet, seier Hanne Solheim Hansen.

Powered by Labrador CMS