Korona stansar nedbemanning
Tilsette ved Nord universitet må vente på beskjed om oppseiing
Planen for kven som blir sagt opp ved Fakultet for lærararutdaning, kunst og kultur er klar, men koronakrise gjer at dei tilsette må vente på beskjeden.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Etter planen skulle den lenge annonserte bemanningsplanen frå leiinga ved Nord universitet leggast på bordet denne veka. Samtalar med dei som må gå ved Fakultet for lærarutdanning, kunst og kultur (FLU) skulle gjennomførast.
No fører koronkrisa til at tidsplanen ryk.
I e-post frå konstitutert direktør for økonomi og HR, Arne Brinchman, får Khrono opplyst at leiinga har utsett «planlagte omstillingsaktiviteter i uke 12 og 13». Det er ikkje sett nokon ny dato for drøfting av bemanningsplanen.
Etter det Khrono forstår er det ikkje aktuelt å endre innhaldet i planen, eller reversere planar for å redusere årsverk og stillingar ved fakultetet.
Ti må gå
Det er kjent at ti fast tilsette ved FLU etter planen skal seiast opp før sommaren med verknad frå 2021. I tillegg må opptil fire årsverk bort i 2022 for å nå målet om økonomisk balanse som er sett for fakultetet.
I første omgang er det dei mellombels tilsette som må finne seg anna å gjere – 11 årsverk forsvinn når kontraktane går ut i løpet av året. Ifølgje Nord-leiinga skal nedbemanninga skje med ein kombinasjon av naturleg avgang og oppseiingar.
Nord universitet er frå før på etterskot med tidsplanen for nedbemanning av fakultetet. Ei forskyving kan dermed få konsekvensar for å målet om å gå i økonomisk balanse i 2023.
Hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Nord universitet, Terje Fallmyr, seier til Khrono at han har forståing for at kapasiteten er blitt slukt av koronakrisa. Innhaldet i bemanningsplanen er heller ikkje kjent for han.
Han seier han ikkje har fått signal om at det kjem til å bli endringar i forhold til det som alt er bestemt når det gjeld oppseiingane.
— Det er uheldig at det dreg ut, men det er ingen måte å få ting til å gå fortare akkurat no, seier Fallmyr.
Derimot er han generelt kritisk til mangel på koordinert informasjon om nedbemanninga ved FLU.
— Kan føre til spekulasjon
— Dei må bli betre til å informere og oppdatere, sjølv om det ikkje alltid er noko nytt å informere om. Vi ønskjer oss meir konsistent informasjon frå leiinga sentralt og fakultetet lokalt. Dette er ei kjelde til frustrasjon i ein frå før pressa situasjon. Mangelen på informasjon fører til spekulasjon og rykter, det er ikkje bra for tilliten til prosessen, seier Fallmyr.
Til dette svarer økonomi- og HR-direktør Arne Brinchman på e-post:
«Siden februar har vi hatt en detaljert plan for hvordan nedbemanningsprosessen skulle gjennomføres, og denne har vært drøftet med de tillitsvalgte og har vært kjent for alle ansatte på fakultetet. Som en følge av koronasituasjonen har det ikke vært mulig å gjennomføre prosessen som planlagt. De første to ukene etter stengingen av universitetet, har fokus vært rettet mot håndteringen av situasjonen knyttet til koronaviruset. Dette har beslaglagt en stor del vår kapasitet, og det har derfor tatt noe tid før vi har kunnet gi ny informasjon om prosessen. Denne uken har det vært personalmøte på fakultetet, og alle har nå fått oppdatert informasjon.»
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut