engelsk i akademia

Trur mange undervurderer kor viktig språk og morsmål er for studentane si læring

Engelsk i høgare utdanning kan vere ein barriere for læringa til studentane, ifølgje språkforskarar. 

Møtet med engelsk i undervisning og lærebøker kan vere utfordrande for mange av studentane, meiner språkforskarar.

Mindre morsmål i undervisning og pensum fører til at studentane i høgare utdanning lærer dårlegare, hevdar forfattarane av den svenske debattboka «På engelska förstår jag ungefär».

Det finst rett og slett ikkje gode pedagogiske argument for den omfattande og aukande bruken av engelsk i høgare utdanning, meiner dei. 

— Det har dei langt på veg rett i. Dreiinga mot engelsk er ikkje først og fremst pedagogisk fundert, seier språkforskar og leiar for språkpolitisk utval ved NTNU, Kjersti Faldet Listhaug. 

— For dei fleste vil lesefart og evne til å oppfatta nyansar og djupne vere større på morsmålet enn eit framandspråk. Uansett kva språk ein lærer på må ein lære seg fagterminologien, men forklaringane på og presisjonen i kva omgrepa betyr er generelt enklare å få med seg på morsmålet, seier ho.

Kjersti Faldet Listhaug, førsteamanuensis NTNU og Voclex
Kjersti Faldet Listhaug er språkforskar og leiar av det språkpolitiske utvalet ved NTNU.

Ubekymra rektorar

I eit intervju med Khrono sist veke hevda forfattarane av debattboka — Peter Svensson, forskar på Lunds universitet, og forleggar for akademisk litteratur, Ola Håkansson — at den stadige ekspansjonen til engelsk på kostnad av svensk, som for dei fleste er morsmålet, skjer ureflektert, ofte unødvendig og utan diskusjon.

Norske universitetsrektorar som kommenterte saka, har eit anna syn på det som hender i den akademiske sektoren i Noreg. 

— Det kan vere mykje god pedagogikk i å beherske fagterminologi på to språk, sa rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen.

Dag Rune Olsen, som leiar UiT, Noregs arktiske universitet var heller ikkje bekymra for meir engelsk. Tvert imot meiner han vi kanskje må akseptere at vi berre forstår «ungefär» fordi dei beste fagbøkene ofte kjem frå utlandet og på engelsk.

— Mange ikkje bevisst

NTNU-forskar Listhaug peikar derimot på manglande medvit om språk generelt innanfor høgare utdanning. 

Listhaug trur mange, både undervisarar og studentar, undervurderer kompleksiteten i språket og kor avgjerande det er for læringsutbyttet — og dermed utfordringane med å bruke engelsk. 

— Vi tenker ofte ikkje over at det kan vere vanskelegare å lese faglitteratur som er på eit anna språk enn morsmålet. Eg trur mange ikkje er bevisst språket i tilstrekkeleg grad, både i undervisning og formidling, seier ho.

Ho legg til at det også er ein del studentar i Noreg i dag som verken har norsk eller engelsk som morsmål. 

— Undervisning på engelsk gjer det ikkje nødvendigvis noko enklare for denne gruppa, seier Listhaug. 

Språk og tiltru

Språkforskar Trude Bukve ved Høgskulen på Vestlandet deler synet til kollegaen på NTNU.

Språkforskar Trude Bukve.

— Det handlar om å vere bevisst på språket si rolle i læring. Vi som forelesarar er ofte ikkje flinke nok til å hugse på kor avgjerande språket er, det gjeld både på engelsk og norsk. Å hjelpe studentar inn i eit fag føreset at vi er bevisst språket si rolle. 

Bukve har tatt doktorgrad på ei undersøking av korleis studentar opplever språket dei møter i løpet av utdanninga.

Forskinga hennar viser mellom anna at studentar som har lågare tiltru til sine eigne engelskkunnskapar, er meir skeptiske til bruk av engelsk. I spørjeundersøkingar etterlyste studentar meir språkbevisste førelesarar. Fleire framheva at det ikkje berre var deira eigen, men også undervisarane sin engelskkompetanse som var mangelfull. 

Trur vi er betre

Bukve fann ut at det å vere trygg på språket var avgjerande for mange studentar for om dei deltok og var aktive i undervisningssituasjonen eller ikkje.

— Dersom studentane måtte stille spørsmål på eit språk dei ikkje var trygge på, så let dei vere. Det kan gjelde for både engelsk og norsk, seier Bukve.

Tal frå 2022 viser at ein fjerdedel av emna det blir undervist i ved statlege universitet og høgskolar i Noreg i dag, er på eit anna språk enn norsk, i all hovudsak engelsk.

Ni av ti svenskar trur dei er betre i engelsk enn gjennomsnittet, ifølgje ei undersøking som er referert i «På engelska förstår jag ungefär». Det samsvarer med sjølvtilliten i Noreg, ifølgje Kjersti Listhaug. 

— Også vi trur vi er langt betre i engelsk enn vi faktisk er.

Powered by Labrador CMS