språk

Rektorar ikkje uroa over meir engelsk: — Engelsk er ikkje eit framand­språk

Det er bra at norskspråklege studentar også må lese engelsk, meiner rektoren ved Universitetet i Bergen (UiB). — Vi må få til ein Ole Brumm-situasjon, seier ho.

— Eg synest ikkje vi har berøringsangst for dei negative sidene ved eit akademia dominert av engelsk, seier rektor ved UiB, Margareth Hagen.
Publisert Oppdatert

— Engelsk er ikkje eit framandspråk. Norsk ungdom er god i engelsk, og dei evnar å fange opp nyansar, seier Margareth Hagen til Khrono.

Men, legg ho til, at dei passivt forstår engelsk, er ikkje det same som at dei kan omsetje stoffet til ein norsk kontekst med norske omgrep.

— Dei skal også «eige» stoffet og kunnskapen på norsk. Vi må få til ein Ole Brumm-situasjon: Studentane skal kunne lese faglitteratur på engelsk, og dei skal beherske faglitteraturen på norsk, seier Hagen. 

Brumm-visjonen kjem som ein kommentar til påstandane i ei debattbok om engelsk i svensk akademia, som forfattarane nyleg utdjupa i eit intervju med Khrono

— Ikkje pedagogisk

Ifølgje Peter Svensson, som forskar og underviser ved Lunds universitet, og forleggaren Ola Håkansson, er det studentane som sit igjen som taparane når morsmålet blir marginalisert til fordel for engelsk pensum og undervisning. 

Og det er ikkje pedagogiske argument, men administratorar og politikarar sin iver etter å henge med på den internasjonale utdannings- og forskingsmarknaden, som driv utviklinga, hevdar dei. 

Studentane sit igjen med dårlegare og meir overflatisk læring på eit språk dei berre delvis beherskar.

— Det er ikkje pedagogiske argument som har stått fremst når ein har forsvart engelsk som undervisningsspråk, innrømmer Margareth Hagen ved UiB. 

— Men det kan vere mykje god pedagogikk i å beherske fagterminologi på to språk. Det viktigaste er at studentane og kollegaene våre maktar å ikkje berre forstå terminologien passivt, men at dei aktivt beherskar den på begge språk, legg ho til. 

Minst ein fjerdedel av av emna det blir undervist i ved statlege institusjonar i Noreg er i dag på eit anna språk enn norsk, i all hovudsak engelsk.

Tal frå Tilstandsrapporten i 2022 viste at andelen gjekk opp frå 16,2 prosent i 2012 til 27,6 prosent i 2021. Innan naturvitskaplege fag var andelen nær 50 prosent. I samfunnsfag og juridiske fag er andelen på nær 30 prosent. 

Gode lærebøker frå utlandet

Eitt av problema, meiner forfattarane av «På engelska förstår jag ungefär», er at engelsk ikkje berre blir innført der det er nødvendig, særleg på høgare nivå på lærestader i Sverige. Det er også i ferd med å bli norma generelt, ettersom språkkulturen endrar seg ovanfrå, og innanfrå. 

Dei norske rektorane Khrono har snakka med, trur ikkje situasjonen er den same i Noreg. 

— På bachelor-nivå er undervisninga i Noreg på norsk, sjølv om vi brukar ein del engelskspråkleg litteratur. Det finst unntak, fordi lærarar ikkje beherskar norsk, men dette er noko regjeringa har bestemt seg for å gjere noko med, seier Dag Rune Olsen, rektor ved UiT Noregs arktiske universitet. 

Kvifor bruke ressursar på norske lærebøker når kvaliteten får utlandet er så høg? spør Dag Rune Olsen, rektor ved UiT.

Han viser til den nye universitets- og høyskoleloven der det blir stilt strengare krav til norskopplæring, som han seier han lojalt vil følgje opp. 

Olsen er heller ikkje bekymra for at engelsk-dominansen skal gå ut over læringa til studentane. 

— Det er viktig å ta med at det er forskjell på faga. I mange av faga innan naturfag, teknologi og til dels medisin, finst det ikkje lærebøker på norsk. Noko av grunnen er at kunnskapen om desse faga er internasjonal, og store forlag gjer ein svært god jobb med å lage desse lærebøkene. Kvifor skal vi då bruke ressursar på å lage bøker som ikkje blir like bra, og til få studentar — når den internasjonale kvaliteten er så høg? Då må vi vurdere dette opp i mot i kor stor grad vi faktisk må akseptere at vi «förstår ungefär», seier Olsen.

Norske nyansar

Håkansson og Svensson peikar i boka si på at det i Sverige, og kanskje i Noreg, er blitt ein nærast ugjennomtrengeleg konsensus i språkspørsmålet: Å innrømme at ein ikkje er god i engelsk, at ein eigentleg ønsker å prioritere morsmålet, er nærast eit tabu. Dermed rullar utviklinga mot stadig meir engelsk, og eit marginalisert morsmål, vidare utan motstemmer. 

Slik er det ikkje i Noreg, meiner rektorane Khrono har snakka med.

— Eg trur dei fleste her er opptekne av nyansane, dette er ikkje svart-kvitt. Det er ikkje vanskeleg å sjå at bruken av engelsk også har ein kostnad, seier Olsen.

Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo, har vore kritisk til dei skjerpa krava til norskopplæring som regjeringa har drive fram. Men også han seier han vil vere nyansert. 

— Språk er viktig og det viktig å ha debatt rundt dette. Og eg vil verkeleg ønskje ein nyansert debatt velkommen. 

Portrett av Svein Stølen
Språk er viktig, og det er viktig å ha ein debatt, seier Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo.

Stølen viser til at UiO har ein ny språkpolitikk på høyring, og at det er viktig for universitetet å vere parallellspråkleg.

— Det handlar jo nettopp i stor grad om å balansere norsk og engelsk som forskings- og undervisingsspråk. 

— Dei fleste bachelor-programma har i stor grad undervisning på norsk, ikkje minst dei første to åra. Samstundes er det viktig å ha meir enn ein tanke i hovudet. Vi utdannar for eksempel kandidatar som skal inn i eit arbeidsliv som i aukande grad er internasjonalt og engelskspråkleg, seier Stølen. 

— Spesiell arbeidsplass

Heller ikkje Margareth Hagen trur folk er redde for å ta opp kritiske sider ved engelsk-dominansen i Noreg. 

— Eg synest ikkje vi har berøringsangst for dei negative sidene ved eit akademia dominert av engelsk. Men vi driv med forsking, og forskingslitteraturen og samarbeidet er internasjonalt. Derfor er engelsk arbeidsspråket for mange, seier Hagen. 

Også ho forsikrar om at undervisninga på bachelor-nivå er på norsk, trass nokre unntak.

— Eg støttar sterkare tiltak for å styrke norsk som akademisk språk. Det handlar om undervisning, men også om å kunne setje kunnskapen inn i ein norsk kontekst. Dei beste undervisarane er dei som evnar å gi studentane aktuelle og nære referansar til stoffet, og det er enklare når ein kjenner det norske samfunnet.

Hagen er dessutan oppteken av eit anna argument for å halde på norsk språk på universitetet:

— Universitetet er ein spesiell arbeidsplass. Fag blir utvikla i grunnmiljøa, og vi treng brei og aktiv medverknad i prosessane og i ulike oppdrag og verv. Også derfor er norskkunnskapar viktig. 

Powered by Labrador CMS