gjenopning av campus

Trur ikkje på full gjenopning denne våren

Målet er at studentane skal kunne vera så mykje på campus som ein hadde planlagt for hausten 2020.

Antibac har vorte eit vanleg syn. Biletet er frå studiestart hausten 2020. Haustsemesteret vart nokre stader prega av nedstengingar og heimekontor, slik også første del av 2021 har vore.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Lock down. Kohort. Smittevern. Dette var ord ingen brukte hyppig for eit år sidan, men no er dei daglegdagse. Eit siste ord, «gjenopning», vert no brukt med glede. For no kan studentar koma attende til lesesalar og bibliotek, etter det som må kunne kallast ein temmeleg bratt start på det nye året.

Men gjenopning betyr ikkje at all undervisning vert fysisk, eller at alle studentar vil kunne vera på campus samstundes. Utdanningsinstitusjonane finn no fram att planane frå i fjor haust, der målet var at alle studenter skulle få noko fysisk undervisning.

— Me trur ikkje på full gjenopning denne våren. Me er derimot førebudde på at nokon av studiestadane må stenga ned igjen.

Det seier Vibeke Bredahl, studiedirektør ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

Slik det skulle ha vore

USN har åtte campusar, i varierande storleik. Bredahl fortel at tilsette i Drammen framleis må halda seg på heimekontor, sidan kommunen har ei eiga forskrift om det. Både Drammen og campus Vestfold, som ligg i Horten, har vore omfatta av den store nedstenginga i Oslo-området.

— No vil me attende slik planane var i haust. Det betyr at det er romkapasiteten som avgjer kor mange som kan samlast. I fjor haust prioriterte me førsteårsstudentane, men no ønskjer me at alle studentane på campusbaserte program skal ha noko fysisk undervisning i løpet av veka, seier Bredahl.

Universitetet i Agder (UiA) har allereie no sagt at resten av vårsemesteret vert delvis digitalt og delvis fysisk. Tilbod for alle studentar ein dag i veka på campus, er målet for alle studentar.

— Det studentane seier til oss, er at dei ønskjer at det er føreseieleg. Me er redde for at me opnar opp meir no, risikerer me meir smitte - og at alt vert stengt igjen, seier Morten Brekke, som er viserektor for utdanning.

Vil at alle skal vera litt på campus

Også i Østfold håpar ein no at studentane kan få vera meir på høgskulen.

— Me har sagt at all undervisning vert digital ut veke ni. Så er planen å koma attende slik me hadde før me vart stengt ned før jul, seier Høgskolen i Østfold sin informasjonssjef Tore Petter Engen.

Engen seier at høgskuleleiinga ikkje har tru på at ein vil kunne vera heilt attende til før-covid-undervisning dette semesteret.

— Me seier at alle bør få vera litt på campus. Men restriksjonar på kor mange som kan samlast i eit audutorium, gjer jo at der ein før kunne vera 200, kan ein no kanskje berre vera 60.

Romkapasitet er også utfordringa ved Nord universitet.

— Særleg for nokre av dei store faga er det ikkje plass til at alle studentane kan samlast til fysisk førelesing. Det vert nok ein mix av fysisk og digital undervisning, og det ser ut som det vert slik ut semesteret, sjølv om me ikkje har bestemt det heilt endå.

Det seier Levi Gårseth-Nesbakk, som er prorektor for utdanning.

Fleire utbrot har gjort at studentar ved Høgskolen i Østfold er blant dei som har hatt ein god del digital undervisning og periodar med stengt campus.

Bergen opnar til slutt

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har campusar fem stader, og har hatt undervisning i mindre grupper på nokre av dei allereie frå 25.januar. No opnar Bergen, som siste studiestad.

— Me er attende til den timeplanen me hadde planlagt for dette semesteret. Det vil seia at den undervisninga som kan vera digital skal vera det, men samstundes skal alle studentar få eit tilbod på campus minst ein dag i veka.

Det seier Bjørg Kristin Selvik, som er prorektor for utdanning.

Også NTNU ønskjer å opna opp. Universitetsavisa skriv at rektor Anne Borg ønskjer å avklara, mellom anna etter dialog med kommunen, om det vil vera mogleg med meir undervisning på campus.

Plan A og B for hausten

Gårseth-Nesbakk seier at det er nokre grupper som er prioritert på campus. Det er særleg dei som studerer fag der ein må øva på praktiske dugleikar, dei som studerer utøvande fag eller dei som treng tilgang til laboratorium.

Dei same gruppene er prioriterte ved dei andre høgskulane og universiteta Khrono har vore i kontakt med. Fleire seier òg at samlingsbaserte studium i hovudsak vert digitale, med mindre ein må øva på praktiske dugleikar.

Neste spørsmål er korleis hausten vert. I fjor hadde fleire av utdanningsinstitusjonane ulike planar for semesterstart. Slik kan det verta i år òg.

— Me håpar det vert meir normalisert til hausten, men me må nok ha plan A og B, seier Gårseth-Nesbakk.

— Me må nok planlegga med nokre koronatiltak. Det er lettare å løysa opp enn å stramma inn, seier Selvik.

Powered by Labrador CMS