rektorval

Vil ha fire nye år som rektor. — Eg kan Universitetet i Bergen

Margareth Hagen stiller med nytt mannskap i kampen om rektorvervet. — Vi står for kontinuitet og ei trygg linje, seier ho.

Sitjande rektor Margareth Hagen (til venstre) vil ha fire nye år på Museplassen og ha med seg Sigrunn Eliassen som ny prorektor.
Publisert Sist oppdatert

Banebrytande. Høg internasjonal kvalitet. Langsiktig.

Dette er nokre av stikkorda for ein eventuell ny periode med Margareth Hagen som rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), formulert i den vanskelege sjangeren «valplattform».

Ei skumlesing av dei to «plattformene» — den andre tilhøyrande utfordrarlaget bak Lise Øvreås — avslører ikkje dei store skilnadene mellom rektorkandidatane. Mange av dei same slagorda og målsetjingane går igjen, i litt ulik, men ofte liknande språkdrakt.

Ein av nøklane begge lag har lagt på bordet for å løyse dei store utfordringar for universitetet i åra framover er «samhandling».

Kva betyr det, å samhandle, slik Margareth Hagens lag tenker?

— Fått til mykje

— Det er veldig mykje som fungerer på UiB. Universitet vårt har ein ganske passande storleik. Vi er store, men ikkje digre. Mi erfaring er at det er lett å ta kontakt på tvers av organisasjonen, mellom fakultet og avdelingar. At vi kan snu oss ganske raskt. Eg har lyst til å seie at vi har fått til veldig mykje dei siste fire åra, under til dels vanskelege tider, mellom anna med ein pandemi, seier Hagen.

Margareth 2.0. blir ikkje så veldig annleis frå Margareth 1.0

Prorektorkandidat Sigrunn Eliassen stemmer i:

— På den eine sida handlar samhandling om å opne opp i forhold til byen og omlandet, institusjonar og folk rundt oss; om innovasjon, forskingskommunikasjon, og å vise fram det driv med på med på universitetet. På den andre sida dreier det seg om det interne: om å snakke saman i organisasjonen, få flyt, sikre demokratiske prosessar og medbestemming — ikkje minst legge vekt på at studentane skal ha medverknad. Vi skal vere eit tydeleg universitet som byen kan vere stolt av.

FAKTA

Rektorval, UiB, 2025

  • Våren 2025 er det rektorval og val av nye medlemmer til universitetsstyret ved Universitetet i Bergen
  • Valperioden er 24. — 27. mars 2025. Alle Valperioden er 24. — 27. mars 2025. Valet startar kl. 09:00 den 24. mars og avsluttast kl. 12.00 den 27. mars.
  • Alle tilsette har stemmerett, som er fast tilsett i minst halv stilling, er tilsett eller engasjert for minst eit år i minst halv stilling eller har vore samanhengande tilsette eller engasjert i minst eit år i minst halv stilling
  • Sitjande rektor Margareth Hagen med prorektorkandidat Sigrunn Eliassen stiller mot utfordrar og rektorkandidat Lise Øvreås og prorektorkandidat Endre Tvinnereim.
  • I tillegg til prorektor Sigrunn Eliassen, har Hagen følgjande kandidatar med på sitt lag:

    Kjell-Morten Myhr, (viserektor for forsking, innovasjon og samhandling). Kristoffer Chelsom Vogt (viserektorkandidat for forskarutdanning og internasjonalt samarbeid)

— Kva slags rektor vil Margareth Hagen vere eksternt — ei stemme i ålmenta, som tar del i breiare samfunnsdebattar — eller ein som vil halde seg innanfor «gjerdet», i sektoren?

— Margareth 2.0. blir ikkje så veldig annleis frå Margareth 1.0, for å seie det slik. Eg meiner eg har vore ei tydeleg kunnskapspolitisk stemme. Det vil eg halde fram med både nasjonalt og i Europa. Men ein rektor skal ikkje vere ein politisk aktør. Det skal ikkje ein rektor vere.

Ifølgje Hagen er det særleg i arbeidet med bygge infrastruktur, digitalisering og i arbeidet med søknader på forskingsmidlar det er blitt arbeidd godt dei siste åra.

— Dette henge saman med noko eg synest vi har vore gode til i siste periode — vi har laga fleire møteplassar på tvers, mellom fagleg og administrative.

— Kva slags møteplassar?

— Vi har for eksempel nettopp i dag hatt ein forskingsinfrastrukturdag, der folk frå heile universitetet møtes for å diskutere idear og korleis vi skal legge dette opp. Vi har etablert eigne møte på tvers av administrative og faglege rekker, mellom dekanane og direktørane, det har ikkje eksistert før. Dette er langsiktig arbeid.

— Realfaga er motor

Margareth Hagen, som er professor i italiensk litteratur ved UiB, har gått gradene i styringshierarkiet. Ho var dekan ved Det humanistiske fakultet frå 2013 til 2017. Derifrå gjekk ho inn som prorektor med ansvar for forsking og forskarutdanning i Dag Rune Olsens rektortid (2017-2021).

Rektorstolen tok ho over nokre månader før, som konstituert rektor, då Olsen i januar 2021 gjekk av. Seinare same år vann ho valet med sitt eige rektorlag, og kapra vervet for dei neste fire åra.

Sigrunn Eliassen, som ho har med seg som prorektorkandidat denne gongen, er professor i teoretisk økologi. Ifølgje presentasjonen på nettsidene til «Team Hagen» forskar ho på «grunnleggende spørsmål knyttet til makevalg, samarbeid og beslutningsprosesser».

Sigrunn Eliassen er professor i økologi og visedekan for utdanning ved Fakultet for naturvitskap og teknologi. Ho har markert seg på utdannings- og undervisningsfeltet.

Elles har ho særleg markert og engasjert seg i å utvikle utdanning og undervisning på universitetet. Det er eit ansvar ho er tiltenkt som prorektor, i tillegg til å ta hand om berekraftsarbeid.

Noko motsetnadsforhold mellom «kulturane», mellom naturvitarane på den eine sida og humanistane på den andre, er ingen av dei med på.

— Desse motsetnadene er i ferd med å bli rivne ned, seier Hagen.

— Klimaforskarane jobbar med arkeologar, seier Eliassen.

Ho legg til at realfaga, som ho sjølv kjem ifrå, er viktige også for heilt andre fagmiljø.

— Realfaga er ein motor for UiB. 40 prosent av eksternfinansieringa kjem inn der. Det gjer at vi blir synlege som universitet, at vi blir synlege i EU-systemet, det løftar heile UiB. Det bidrar også med kompetanse inn til miljø som har vore mindre aktive i å søke forskingsmidlar. Då er vi tilbake til det med samhandlinga.

— Kutte areal

Uansett kven som vinn rektorvalet ved UiB, vil dei bli tvinga til styre under trongare økonomiske vilkår enn det sektoren har vore vand med. Det er lett å vere den som skal prioritere opp, vanskelegare å føre sparekniven.

Kven skal bort? Kvar vil dei kutte?

— I kvar sving må vi tenke: Betrar vi kvaliteten på kjerneoppgåvene — forsking, utdanning og formidling? Fokuset er å skjerme og styrke kjerneoppgåvene våre, seier Eliassen.

Men konkrete fag, miljø, tiltak eller oppgåver, vil ikkje kandidatane peike ut. 

— Vi planlegg for å kutte i areal og styrke studiekvaliteten.

— Er det plass til småfaga framover?

— Svaret er ja, seier Hagen. 

— Vi har lagt inn ei ny finansieringsordning for småfaga. Men vi skal ikkje legge oss opp i akkurat kva fag som skal satsast på, eller korleis dei skal leggast opp. Dette er det fakulteta som bestemmer. Når vi snakkar om småfag, snakkar vi heller ikkje berre om humanistiske fag. Nokon må ta vare på fagdisiplinane i Noreg, men dette gjeld også naturvitskap. Det er ikkje mange som tilbyr rein kjemi lenger.

Eliassen legg til:

Ideen om motsetnaden mellom «to kulturar» på universitetet, mellom naturvitarar og humanistar, er avleggs, meiner Margareth Hagen. Ho har sjølv bakgrunn frå Det humanistiske fakultet.

— På utdanningsfeltet går det generelt i retning av at ein ikkje berre har reine disiplinar, men kombinerer fag. Vi skal ikkje berre gjere som vi alltid har gjort, og dei økonomiske rammene gjer at vi må tilpasse oss.

— Korleis vil de jobbe for at UiBs fagmiljø skal vinne fram i dei store søknadsrundane, i kampen om forskingspengane?

— Vi konkurrerte om store infrastrukturprosjekt nyleg og fekk tilslag på å leie fem av dei nasjonale infrastrukturprosjekta. Vi visste vi var gode, men at vi fekk leie heile fem, er oppsiktsvekkande.

— Har de konkrete grep i ein ny periode for å styrke fagmiljøa framover i konkurransen?

— Vi vil rigge prosessane på same måte som vi har gjort til no, seier Hagen.

— Kva betyr det?

— Vi fasiliterer prosessane, nokre står vi samla om, men det er fakulteta som køyrer dette. Vi skal halde fram, jobbe som før, sørge for såkornmiddel og støtte. For oss er det viktig at ressursane og vala skal takast nær grunnmiljøa, på fakultet og institutt. .

Hagen seier ho vil gjere det ho kan for å halde på lovnaden sin om at ingen skal seiast opp ved UiB.

— For meg handlar alt, også den økonomiske styringa, djupast sett om kva slags institusjon vi er og skal vere. Vi er her for dei neste ti og hundre åra. Vi har fagmiljø som skal ha rom får å bygge seg opp gjennom lang tid. Det er slik ein kan skape gode forskingsmiljø, original forsking og gode studieprogram. Nesten ingen andre institusjonar i samfunnet har denne horisonten, det langsiktige perspektivet. UiB, eit internasjonalt forskingsuniversitet, er eitt av få i sitt slag i Noreg.

— Neppe Kina

Til lista av ambisjonar høyrer også dei internasjonale satsingane. Dei som skal styre dei neste åra kan også få ein tøff jobb med å leve opp til UiBs nedfelte strategi om å «være blant Europas fremste universiteter».

— Det er kanskje 1000 universitet i Europa. Er denne ambisjonen realistisk?

— Vi må følge strategien, sjølvsagt. Innan for nokre fagområde er vi i toppen. Polarforsking, klima, hav, digital kultur, er eksempel, seier Eliassen.

Hagen legg til:

— Eg synest det er ein fin ambisjon å ha. Noreg må ha fleire sterke, klassiske forskingsuniversitet som gjer det skarpt internasjonalt.

— Enkelte tar til orde for å trappe opp samarbeidet med Kina. Kinasamarbeidet var eitt av flaggskipa til UiB ein periode, men så er det blitt trappa ned av Hagens rektorat. Kva vil de gjere no?

— Kina er verdsleiande innan ein del fag, som teknologifaga. Innan enkelte fag samarbeider vi også tett. Men det er også problematiske felt, som vi er klare over. Det signalet vi får er at vi skal ha eit klokt samarbeid, men også bevisste, svarer Eliassen.

— UiB hadde ein eigen strategi og satsing for kinasamarbeid som vart trappa ned under Hagens rektorat. Bør det lagast ein ny?

— Ja, det kan hende, er Hagens knappe svar. Vi kan trenge å tenke nytt, men satsing på Kina blir de neppe.

Eliassen:

— Situasjonen i verda endrar seg fort, og vi kan få ulike signal om kva vi bør gjere. Dette er landskapet vi prøver å orientere oss i. Det er ikkje noko enkelt svar, men eg trur vi er blitt betre til å handtere denne situasjonen og rigge organisasjonen i den tryggingspolitiske situasjonen som er.

Keine experimente

Ei verd i endring. Ein økonomi under press. Eit universitet i midten.

Er det Team Hagens versjon av samhandling som skal ta Universitetet i Bergen vidare — og i så fall, kvifor?

Universitetet i Bergen kan bli eitt av dei beste i Europa, meiner Sigrunn Eliassen (til venstre) og Margareth Hagen. Hagen trur ikkje på ny opptrapping av forskings- og utdanningssamarbeid med Kina.

Hagens svar kan minne litt om berømte slagord frå den politiske historia. 

Stø kurs. Keine experimente.

— Eg står for kontinuitet og ei trygg linje. Eg er særleg opptekne av dei yngre forskarane våre. Eg står for at UiB framleis skal vere eit sterkt, internasjonalt forskingsuniversitet med store ambisjonar, sjølvsagt også for utdanning. Eg har leia UiB i mange år, og hatt mange leiarroller. Som lag kjenner vi universitetet veldig godt, seier Hagen.

— Eg kan UiB!

 

Powered by Labrador CMS