Rektorval UiB
Dei vil ta over rektoratet ved Universitetet i Bergen. — Har breiare erfaring
Universitetet treng eit meir lyttande rektorat som får meir ut av mindre, meiner utfordrar Lise Øvreås.
— Vi må vere sterkare saman, ha meir samhandling, seier Lise Øvreås, vel vitande om at flosklar er vanskelege å unngå når dei store linjene skal trekkast.
På tampen av fjoråret då rektorvalkampen ved Universitetet i Bergen (UiB) ikkje teikna til å bli nokon kamp i det heile, og det gjekk mot «walkover» for sitjande rektor Margareth Hagen, kom Øvreås på banen og erklærte at ho ønskte å ta over.
Øvreås og prorektorkandidat Endre Tvinnereim peikte raskt på «barrierar» som dei meinte måtte byggast ned, mellom kort sagt alle på universitetet: fakultetet og institutt, administrativt og vitskapelege tilsette, mellom ulike fag og mellom folk som jobbar på ulike stadium i karrierane sine.
Og så varslar dei ei skarpare økonomistyring.
— Grep internt
— Der er store økonomiske utfordringar på mange fakultet og institutt, og fleire har stillingsstopp. Vi må få inn ei fornuftig økonomistyring, og sikre at vi får tilslag i konkurransen om pengane og forskingsmidlane. Vi kan også gjere grep internt. Greier vi for eksempel å redusere fråfallet av studentar og halde dei gjennom heile løpet kan mykje vere gjort. Vi tener pengar på studentane, og å ta betre vare på dei kan også styrke økonomien. Ein måte å gjere dette på er å jobbe for å bygge ned skilja mellom undervisning og forsking, mellom studentar og forskarar. Greier vi å kople menneske og ressursar saman på ein betre måte, kan vi oppnå meir, seier Øvreås.
Vi har inga kuttliste per i dag
«Engasjerte studentar og attraktive læringsmiljø» er lagt inn som ei av deloverskriftene i valplattforma til Øvreås sitt lag.
Kampen om pengane hardnar til. Øvreås og Tvinnereim meiner Margareth Hagens rektorat har vore for passivt.
Resepten, meiner dei, er ei tydlegare rolle frå rektoratet si side, meir tilrettelegging, møteplassar og koordinering, for å vinne fram når søknadene om store prosjekt og forskingsmidlar skal sendast, mellom anna til Forskingsrådet.
— Folk er ambisiøse og ønsker å vinne fram. Men skal vi nå fram i konkurransen om dei store satsingane, må vi nokre gongar samle kreftene, og her kan leiarskap spele ei konstruktiv rolle. Det betyr at leiinga må vere tettare på fagmiljøa, og av og til ta tydlegare avgjersler i samråd med dei, seier Tvinnereim.
Her kan UiB lære noko av NTNU, meiner han, og seier dei har ei sterkare styring av desse prosessane frå toppen.
Bekymra for motivasjon
Tvinnereim meiner dagens leiing har svekt motivasjonen for å jobbe fram søknader til Forskingsrådet, og er redd for at UiB taper terreng. Det er «grunn til å vere bekymra», ifølgje prorektorkandidaten.
— UiB fekk ny finansieringsmodell i fjor, men utan utgreiing av alternativ eller sensitivitetsanalysar. Eg meiner at det burde ha vore ein breiare diskusjon om Forskingsrådet og spesielt FRIPRO skulle ha vore ein del av insentiva. Ja, modellen støttar arbeidet med å kapre dei mest prestisjetunge tildelingane, som dei frå ERC (European Research Council, red.merkn.). Men Forskingsrådet er ei avgjerande inntektskjelde for oss.
— Kva vil de ofre, eller kutte, når de skal gjere skarpare økonomiske prioriteringar?
— Vi har inga kuttliste per i dag. Det som er heilt klart, er at vi må samarbeide meir for å få til synergieffektane. Det gjeld nasjonalt, og internasjonalt, mellom institusjonar og fagmiljø, men også internt på vårt eige universitet. Elles vil vi ikkje kunne vere konkurransedyktige, seier Øvreås.
Utfordrarane til rektoratet er dessutan svært opptatt av det knusktørre, men viktige omgrepet «infrastruktur». Igjen er det «samhandling» Øvreås vil slå i bordet med.
— Kan effektiviserast
— Dette er eit felt vi garantert vil sjå nærare på. Vi ser i dag at det er ein del overlapp i bruk av fasilitetar og bygg. Instrument, laboratorium og plattformer er kostbare, utviklinga går fort, og vi treng fagfolk til å drifte. Her trur vi det er mykje som kan effektiviserast med å organisere og samle fagmiljø på andre måtar enn i dag, mellom anna gjennom å tenke meir stordriftsfordelar.
— Vil det bli plass til dei små faga i dette bildet, dei som lett hamnar i kategorien «unyttig» — vi har for eksempel sett kampen om teatervitskap i fleire rundar?
— Ein måte å tenke på er at studentar frå ulike fakultet kan ta eit slikt fag som del av sin grad. Det vil vere meir likt ei «amerikansk» tilnærming, seier Tvinnereim, og refererer til korleis «danningsfag» er integrert i utdanningane ved eliteuniversiteta.
Samfunnsvitaren Tvinnereim har sjølv det meste av utdanninga si frå utlandet og doktorgrad frå Harvard University i USA.
— Men vil medisinstudentane studere teatervitskap?
— Ja, kvifor ikkje? Eg ser i alle fall at medisinstudentar tar mitt fag, klimapolitikk.
Øvreås meiner å sjå at studentane i dag er meir interesserte i å kombinere fag på tvers enn tidlegare.
— Dette er noko vi har lyst til å opne meir opp for.
Ikkje reise mindre
Lise Øvreås stuper inn i valkampen frå det nyleg avslutta prestisjevervet som preses i Det Norske Videnskaps-Akademi. Ho er professor i mikrobiologi, og ho var direktør for UiBs senter for berekraftig hav, Ocean Sustainability Bergen, fram til 2022.
Biologi og berekraft høyrer saman — og rektorlaget har gjort «berekraft, klima og miljø» til ein hovudpillar i plattforma si. Men det er aller mest Endre Tvinnereim som skal gi tyngde til denne satsinga. Tvinnereim har fortid som toppolitikar i Bergen, som klimakvoteanalytikar med base i London, og i dag forskar han på og underviser i klimapolitikk.
Valplattforma har lagt vekta på universitetet som «kunnskapsleverandør», ikkje unaturleg for eit universitet.
— Det er på den måten vi har mest effekt. Frå klimaforskinga på Bjerknessenteret til den biologiske forskinga med Vigdis Vandvik (biologiprofessor ved UiB, red.merkn.), frå miljøpsykologane som studerer folk si åtferd til samfunnsvitskapen eg sjølv representerer. Vi har miljøperspektiv på alle fakultet, og dette er då også noko tildelingsbrevet instruerer oss til å ha, seier Tvinnereim.
— Men kva har hendt med å «feie for eiga dør»?
— Vi skal velje miljøriktige løysingar. Bygg er viktig, innkjøp er viktig. Når de gjeld reiser, er det eit dilemma for eit universitet. Det er svært viktig for oss med nasjonale og internasjonale nettverk og å treffe folk. Vi kan ikkje, og skal ikkje gripe inn i kvar enkelt sin fridom når det gjeld reising, legg Øverås til.
— Bør UiB-tilsette reise mindre?
— Eg har ikkje noko grunnlag for å seie det, nei.
Kina? Kanskje
Øvreås og Tvinnereim er også opptatt av å trekke verdssituasjonen inn i plattforma si. Internasjonaliseringa har på same tid fått andre og uventa dimensjonar og dilemma den siste tida.
— Store samfunnsendringar. Demokrati som taper terreng. Fake news. Krig tett på oss. Eit nytt regime i USA. Alt dette er endringar vi må ta innover oss og som vil forme universitetspolitikken framover, seier Øvreås.
— Ein rapport frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse tok nyleg til orde for ei ny opptrapping av forskings- og utdanningssamarbeid med Kina. For nokre år sidan var Kina ei hovudsatsing ved UiB. Det sitjande rektoratet har trappa ned denne. Kva vil de gjere?
— Vi må ta ein gjennomgang, dette er ikkje enkelt. Vi må vere veldig bevisste i ei eventuelle opptrapping.
— Kina er jo eit diktatur?
— Ja. Men dersom vi isolerer oss frå Kina blir det vanskeleg. Men vi har ikkje meisla ut ein politikk på dette området.
Ja til prosess
Prosess.
Det er eit anna av dei tørtklingande omgrepa professor Øvreås set pris på.
— Som leiar er eg veldig opptatt av prosessar. Eg liker opne prosessar, eg liker involvering. Og kreditering. Som leiar blir du god når dei rundt deg spelar deg god. Eg liker å jobbe i team, og vil lene meg tungt på dei andre i rektoratet. Og eg vil sjølv vere involvert i prosessane for å kunne ta gode avgjersler. Dersom vi har hatt ein god prosess, og eg veit at eg har laget bak meg, er eg ikkje redd for å takle eller stå i ein storm.
— Jobbintervjuspørsmålet til slutt: Kvifor bør du bli rektor?
— Eg har vore på UiB i mange år. Eg har vore i dekanatet i seks år. Eg har vore nestleiar ved Institutt for biovitskap. Eg har vore fakultetsstyret, i instituttråd. Eg har vore i styret for Unifob, det som no er Norce, i to rundar og som nestleiar. Dei tre siste åra har eg vore preses i vitskapsakademiet. Eg har jobba mykje internasjonalt med blant anna vitskapen si rolle for politikkutforming i den europeiske akademialliansen European Academy Science Advisory Council (EASAC), der eg kor eg no er Visepresident med ansvar for miljøprogrammet. Eg har sett korleis vitskapen påverkar politikarar og dei som tar avgjersler. Eg meiner eg kjenner akademia og sektoren godt. I tillegg har eg drive mykje forsking, eg er framleis på feltarbeid kvart einaste år. Eg er aktiv i undervising.
— Tenker du at du dermed har breiare erfaring og er meir merittert enn den sitjande rektoren?
— Om eg er meir merittert, kjem litt an på kva kriterium du har. Men breiare erfaring, ja, det har eg!