Debatt Jan Ove ulstein

To gode grunnar for å halde på teljekantsystemet

Minister Ola Borten Moe har varsla avvikling av ordninga. Det bør han ikkje gjere for raskt, skriv Jan Ove Ulstein.

Ordninga bør ikkje avviklast. Tvert om bør ein styrke henne ved å gi betre utteljing per poeng, skriv Jan Ove Ulstein.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Dette innlegget vil gi nokre gode grunnar for å halde på teljekantsystemet til motiv for å publisere forskingsbaserte artiklar og til å kunne finansiere publikasjonar.

Debatten omkring teljekantane har vore mangfaldig. Ordninga vart innført som ei stykkprishonorering i budsjettsamanheng på linje med produksjon av studiepoeng. Men medan studiepoenga fekk si faste utteljing per poeng, uansett mengde, så var ikkje situasjonen den same for forskingsartiklar.

Der var løyvinga fast, og utteljinga per publiseringspoeng var avhengig av mengde. Der var det innførd eit nullsum-spel slik at ein no får om lag halvparten per fagfellevurdert artikkel enn i starten. Det vitnar om sterk auke i publiseringar.

Innvendingane mot systemet treng eg ikkje ta fram i dette forumet, heller ikkje forsvaret. Eg skal vise ei stor nytte på to område, først ei motsegn mot klaga av at det blir publisert for mykje middelmådig på grunn av honoreringa og prestisjen.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Eg forstår innvendinga, men det er likevel korttenkt. Kravet til dei vitskapleg tilsette i akademia, frå høgskulelektor til professor, er at dei skal drive forskingsbasert undervisning. Det kan berre skje ved aktive forskarar. Desse kombinerte stillingane må jamt ha noko forsking på gang. Det er når ein les for å skrive at ein er mest analytisk. Den beste måten er då å publisere og bli vurdert mot standardane i lauget.

Derfor treng vi ein underskog av kompetente tilsette, utsett for kvalitetsvurdering, sjølv om ikkje all forsking er eliteforsking. Men eit breitt og aktivt fagmiljø er basis også for det, ved å kunne bli kjent med og yte i forhold til forskingsfronten på nokre område.

Det aukar også nivået på undervisninga og sosialiseringa av studenten til kritisk tenking. Så om pengar for publiseringspoeng stimulerer institusjonane til å motivere for forsking og publisering, så er det eit gode. (Og gjerne stimulere til fagformidling i tillegg).

Det andre poenget gjeld finansiering av faglitteratur. Det er ei kjennsgjerning at eit forlag kanskje i dei fleste tilfelle krev produksjonsstøtte for å gi ut monografiar og antologiar. Det er det ikkje alltid like lett å skaffe. Men med utteljing for publiseringspoeng vil den enkelte institusjon kunne skyte inn midlar og rekne med å få att pengane eit par år seinare.

Eit fagmiljø kan derfor planlegge t.dSP. ein antologi på eit tema, og utfordre moglege bidragsytarar både ved eigen institusjon og utanfor. Mi erfaring som serieredaktør er at dei fleste blir glade når deira kompetanse er etterspurd.

Fordelane med det er fleire. Tidsskrifta set krav til lengde på ein artikkel, og der kan vere kø. Ein antologi kan gi meir rom for litt lengre arbeid, og det kan skape eit prosjektfellesskap. For finansieringa er det vesentleg med noverande ordning. Ein kan få meir oversikt over finansieringa med denne ordninga i ryggen og kan vite kva som er gjennomførleg økonomisk.

Ordninga bør med andre ord ikkje avviklast. Tvert om bør ein styrke henne ved å gi betre utteljing per poeng. Ein monografi treng i dag trykkestønad for om lag det som ein institusjon får for fem publiseringspoeng.

Eg har no gitt to gode grunnar for å halde på ordninga. Ho kan forbetrast. Blir ho avvikla, må ho erstattast med ei oversiktleg ordning for publiseringsstønad.

Powered by Labrador CMS