Kortnytt

Tilset ingen ny kommunikasjondirektør

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Bergen får ingen ny kommunikasjonsdirektør med det første. Tor Godal sa opp stillinga si i haust, og er no på plass hos Bergensavisen (BA). Men det vert ikkje tilsett ein erstattar i denne omgang.

Tor Godal har begynt i ny jobb. Olaf Erlend Gundersen er konstitueret som kommuikasjonsdirektør.

— Me har gjennomført nokre intervju, men tilset ingen no. Me skal ta ei ny vurdering når ny universitetsdirektør er på plass på nyåret.

Det seier assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden.

Robert Rastad er tilsett som universitetsdirektør, og skal vera på plass på nyåret.

— Me fann ikkje nokon med den profilen me ønska for stillinga, seier Tungodden.

Også før Godal vart tilsett, var stillinga lyst ut to gongar. Den gongen sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm at UiB leita etter ein kandidat som både kan kommuikasjonsfaget og sektoren.

— Det er ein krevjande marknad. No vil me både sjå på profilen og innretninga på utlysinga, seier Tungodden.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS