ny stilling
Desse vil verta direktør for kommunikasjon ved UiB
I alt 25 søkjarar har meldt seg.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Heile 25 søkjarar ønskjer å verta Universitetet i Bergen sin nye kommunikasjonsdirektør. To av dei er konfidensielle søkjarar og fire andre har trekt søknadane sine.
Vedkomande som får jobben skal erstatta Tor Godal, som går til stilling som nyheitsdirektør i Bergensavisen (BA).
På lista finn ein både interne og eksterne søkjarar.
Asbjørn Leirvåg er kommunikasjonsrådgivar ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, og Marita Monsen er kommunikasjonssjef i Sammen, som er studentsamskipnaden på Vestlandet. Gisle Johanson kjenner òg sektoren, han er generalsekretær i Norges tekniske vitenskapsakademi.
Frå Kirkens Nødhjelp og reiarlag
Anne Kirkhusmo er ein av fleire kommunikasjonsdirektørar som har søkt stillinga. Ho er i dag kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Der har ho vore i om lag halvanna år.
Sveinung Tvedt er kommunikasjonsleiar i Grieg star, og har tidlegare mellom anna vore lokalavisredaktør. Maria Schütz Fløisand er kommunikasjonssjef i Salmon Group.
11 dagar
16.oktober gjekk søknadsfristen til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen ut. Det tok 11 dagar før søkjarlista blei offentleg.
Etter det Khrono kjenner til, skal kandidatar allereie ha vore inne intervju.
Sjå heile lista
Dette er søkjarane:
| Namn | Alder | Stilling | |
| Elisabeth Austrheim | 23 | Arbeidssøkjar | |
| Henriette Siggervåg | 25 | Masterstudent | |
| Jannikke Berger | 50 | Strategisk marknadsføring og kommunikasjon | |
| Lars Ask | 30 | Lektor med tilleggsutdanning | |
| Hugo Charles Hansen | 47 | Jøbbsøkjar | |
| Sverre Simen Hov | 45 | Seksjonsleiar | |
| Ole Fredrik Hegdal | 29 | Head of Global Communications and Corporate Brand | |
| Søknad trekt | Mann | ||
| Anne Kirkhusmo | 51 | Kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp | |
| Sveinung Tvedt | 49 | Communication Manager | |
| Marita Monsen | 40 | Kommunikasjonssjef Studentsamskipnaden på Vestlandet | |
| Gisle Johanson | 55 | Generalsekretær | |
| Neda Olsen | 38 | Well engineer at Equinor | |
| Asbjørn Leirvåg | 49 Kommunikasjonsrådgivar | ||
| Per Mygland | 46 | Dagleg leiar | |
| Søkjar unntatt offentlegheit | Mann | ||
| Søknad trekt | Mann | ||
| Søkjar unntatt offentlegheit | Mann | ||
| Arezo Bouvet | 48 | Frilans | |
| Maria Schütz Fløisand | 42 | Kommunikasjonssjef i Salmon Group | |
| Solveig Holm | 52 | Prosjektleiar | |
| Søknad trekt | Kvinne | ||
| Søknad trekt | Kvinne | ||
| Hogne Haugsdal | 45 | Kommunalsjef | |
| Maryam Ghaffari | 38 | Research engineer |
Nylige artikler
Tore Midtvedt (1934 — 2025)
Navnene til mange tusen fagfeller på avveie. Noen har fått truende meldinger
Mener KI-utvalg overser rettslig problem
Skal teknologien få overta vurderingsarbeidet?
Store endringer for BIs flaggskip. Skal halvere antall studenter
Mest leste artikler
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Benedikte Moltumyr Høgberg er Årets navn i akademia
Eg vil vere ein langsam ambulansesjåfør
Omdiskutert læringsapp trakk hundrevis før fryktet eksamen