Lønn

Til salt i grauten? Denne universitets­toppen håva inn 200 millionar kroner

I USA er alt stort, og mykje større enn i Noreg. Også lønnene til dei best betale leiarane på offentlege og private universitet.

Direktør, Universitetet i Pennsylvania, Amy Gutman
Amy Gutmann, som styrte det private University of Pennsylvania, kunne notere total inntekt tilsvarande 200 millionar norske kroner i 2021. Ho er seinare blitt USAs ambassadør i Tyskland.
Publisert Sist oppdatert

Ein inntektsoversikt frå 2021 viste at den best betalte toppleiaren ved private universitetet i USA innkasserte ei årsinntekt på — fest setebeltet — 200 millionar, målt i norske kroner. 

Namnet er Amy Gutmann, arbeidsplassen University of Pennsylvania (Gutmann tok i 2022 permisjon for å bli USAs ambassadør i Tyskland).

Spennet er samstundes stort i den private sektoren: I fjor tente direktøren på prestisjeuniversitetet Harvard, Lawrence S. Bacow, knappe 1,8 millionar dollar med stort og smått — eller «berre» 18 millionar kroner.

Ein ferskare oversikt over direktørløner på statlege universitet viser at alle dei 35 øvste på lista hadde millioninntekt i dollar — det vil seie minst 10 millionar kroner.

Houston, we have a pay check

Til samanlikning tener den best betalte universitetsdirektøren i Noreg, Arne Benjaminsen ved Universitetet i Oslo, drygt 1,7 millionar norske kroner.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen tener peanøtter samanlikna med sine amerikanske kollegaer.

Dernest følgjer NTNUs Bjørn Haugstad, Lars Atle Holm på Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og Universitetet i Bergens direktør Tore Tungodden — alle med lønn på cirka 1,5 millionar kroner (anna godtgjersle ikkje tatt med).

Det er Chronicle of Higher Education som har publisert inntektsoversiktene.

På den suverene inntektstoppen blant direktørane på dei statlege universitetet i USA er Renu Khator, som sit ved spakane på University of Houston. Ho sopa inn i 1,9 millionar dollar i 2023. Med dollarkursen i dag svarar det til om lag 20 millionar norske kroner.

Ifølgje presentasjonen på universitetet sine nettsider har Khator sete i stillinga sidan 2008 og «brote barrierar og glastak».

Ho hadde ein lønnsauke frå 2022 til 2023 på 14,3 prosent, ifølgje oversikta.

Kentucky fried salary

Nestemann på denne lista, sjefen på University of Kentucky, Eli Capilouto, tener nesten 300 000 mindre — tre millionar norske kroner mindre, altså. Men også han har til saus på den friterte kyllingen med sine 1,6 millionar, eller knappe 17 millionar i norske kroner, i årsinntekt.

I lønnsoversikta er bonusar og eventuelle inntekter frå oppdrag utanfrå tatt med. Nokre av direktørane har ein viss andel av slike inntekter, andre ikkje.

Renu Khathor, president - direktør - ved University of Houston.
Renu Khathor, direktør ved University of Houston, er best betalt i den offentlege sektoren.

På dei private universiteta er eksterne inntekter langt vanlegare enn på dei statlege.

For lønnsvinnar Amy Gutmann i Pennsylvania utgjorde pengane frå «andre» oppdrag, med norsk terminologi «sidegjeremåla», 90 prosent av pengane inn på konto. Det er ikkje nærare spesifisert kva oppdraga har gått ut på.

* Presisering lagt til 31.8.2024, kl. 10.49: Mange toppleiarar på amerikanske universitet kombinerer rollene som akademisk og adminstrativ leiar, og kan derfor samanliknast med både rolla som rektor og direktør har ved norske universitet. 

Powered by Labrador CMS