Debatt ● Marianne Skjulhaug og Astrid Kvalbein

Tid for å få kunstnarleg utviklingsarbeid inn under Forskingsrådet

Forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid er likestilt i lova, men på langt nær i praksis. Kvifor er det slik? Etter mange år som altfor usynleg, er det på tide at kunstnarleg utviklingsarbeid blir reflektert inn i forskingssystemet og lagt inn under Forskingsrådet.

Det er tid for ei kraftig påminning, før vi igjen må søke forgjeves etter kunst i den komande Stortingsmeldinga, skriv forfattarane. — Kunstnarleg utviklingsarbeid må bli ein langt meir synleg del av systemet.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Kunstnarleg utviklingsarbeid (KU) er, som vitskapleg forsking, produksjon av relevant kunnskap for samfunnet. Derfor var det overraskande at Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) i fjor blei tatt ut av porteføljen til i utdanningsdirektoratet (HK-dir), som del av den såkalla tillitsreforma. 

Programmet har vore det einaste for kunstutdanningsinstitusjonane å søke eksterne prosjektmidlar på, eit slags forskingsråd for KU. Den nasjonale konkurransearenaen, og dermed eit viktig incitament til samarbeid på tvers, er altså blitt borte, saman med noko av den anerkjenninga av kunstnarleg utviklingsarbeid som er bygd opp sidan det blei tatt inn i lova i 1995, stipendiatprogrammet blei etablert i 2002 og prosjektprogrammet kom i 2010. 

KU utgjer ein ørliten del av forskinga i Noreg (den totale tildelinga siste år med PKU var på ca. 18 millionar), men det kan ikkje forsvare at sentrale ordningar for statleg finansiering blir tatt vekk. Innan vitskapleg forsking er systema langt meir robuste, ikkje minst takka vere forvaltinga i Noregs forskingsråd (NFR). 

Er det på tide å leggje også KU under dette rådet? Vi meiner det, og at det verken treng å vere dyrt eller vanskeleg. 

Ressursane som har lege hos HK-dir kan flyttast, det ligg ingen hindringar for kunstnarleg utviklingsarbeid i mandatet til NFR. Men endringa krev politisk vilje og handlekraft, og at KU må bli meir synleg i forskingssystema og -politikken.

Kvifor er dette presserande no? Som Marianne Skjulhaug nyleg peika på i eit innlegg i Khrono, er det slåande korleis kunstnarleg utviklingsarbeid blir neglisjert i fleire politiske styringsdokument. I den tidlegare langtidsplanen for forsking fekk ein berre treff på «kunstig intelligens» og «kunstgjødsel» om ein søkte på «kunst». I Stortingsmeldinga om forskingssystemet i Noreg som no er under utarbeiding, tyder forarbeida på at det same er i ferd med å skje.

Trass innspel frå mange institusjonar — mellom andre universiteta i Bergen og Stavanger, fleire private høgskolar, Universitets- og høgskolerådet, Musikk- og Kunsthøgskolen — om kunstnarleg utviklingsarbeid generelt og PKU spesielt, tyder mykje på at den kritiske situasjonen for KU ikkje er fanga opp i prosessen med revidering av forskingssystemet. I notata NIFU har utarbeidd på oppdrag frå kunnskapsdepartementet er «kunst og humaniora» nemnt som eit felles felt i eitt, men ingen av dei tar opp den utsette posisjonen KU no har, med null tilgang til ekstern finansiering nasjonalt. 

I den tidlegare langtidsplanen for forsking fekk ein berre treff på «kunstig intelligens» og «kunstgjødsel» om ein søkte på «kunst».

Marianne Skjulhaug og Astrid Kvalbein

Samtidig ser vi at EU ligg langt meir i front når det gjeld satsing på og styrking av kreativitet, kultur og kunst i bygging av kunnskapskultur og samfunn. Kvifor har ikkje regjeringa fanga opp denne kursen, staka ut av den europeiske samkjensla?

Norske kunstutdanningsinstitusjonar har samtidig vore internasjonalt førande i framveksten av ein type risikovillig utviklingsarbeid som set sjølve den skapande praksisen i front. Resten av Europa ser mot oss når dei skal definere eigenarten til kunst som forsking. Med bortfallet av PKU står vi i fare for å miste posisjonen vi har opparbeidd oss, i tillegg til sjølve finansieringa.

I samband med Artistic Research Week som no går føre seg i Trondheim, konstaterer Toril Hernes, prorektor for innovasjon og nyskaping ved NTNU, at «kunstnerisk utviklingsarbeid og kunstneriske metoder er helt nødvendige for å løse framtidas samfunnsutfordringer». Slik ser vi det òg. 

Samfunnet treng kunst som samlande kraft, det treng «kunstlaboratoria», og bør sikre ein infrastruktur som gjer at kunst og kultur faktisk kan bidra til å løyse samfunnsutfordringane i tida framover.

Det er tid for ei kraftig påminning, før vi igjen må søke forgjeves etter kunst i den komande Stortingsmeldinga. Kunstnarleg utviklingsarbeid må bli ein langt meir synleg del av systemet og politikarane må syte for at det blir lagt ressursar inn i tildelinga til Forskingsrådet. Slik har det vore i over 20 år i det svenske Vetenskapsrådet, og slik kan vi i Noreg fullføre det som starta for om lag 30 år sidan, då all vitskapleg forsking blei samla i eitt råd og kunstnarleg utviklingsarbeid blei lovfesta.

Det vil dessutan vere å agere for framtida. I åra som kjem vil vi meir enn nokon gong trenge kreativitet, utforsking og kunnskapsdeling på tvers.

Powered by Labrador CMS