Følg styremøtet ved Universitetet i Stavanger

Talet mellombels tilsette har gått ned — men ikkje nok, meiner rektor Mohn

Statusoppdatering kring delen mellombels tilsette er ein av fleire saker på dagsorden for styret ved Universitetet i Stavanger.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I sitt april-møte vedtok styret ved Universitetet i Stavanger ein tiltaksplan for å redusere delen mellombels tilsette.

I vedtaket bad styret også om ei statusoppdatering ved utgangen av år 2020. Den oppdateringa er blant dei mange sakene som ligg på bordet for styret torsdag.

Rektor Klaus Mohn var blant 12 rektorar som i januar vart kalla inn på teppet til dåverande forskning- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V), for å forklare korleis dei jobba med å få ein lågare del mellombels tilsette.

Rektor er ikkje nøgd

Som Khrono skreiv i helga, så har det ført til tala har gått ned. Også ved Universitetet i Stavanger, går det fram av styrepapira.

Ifølgje tal frå Database for statistikk om høgre utdanning er delen mellombels tilsette i ordinære forskar- og undervisningsstillingar ved universitetet redusert med 2,6 prosentpoeng det siste året, frå 13,8 til 11,2%.

Og det er Fakultet for utøvande kunstfag som har hatt størst reduksjon i delen mellombels tilsette, frå 15,7 til 6,9 %.

I denne stillingskategorien har Universitetet i Oslo og NMBU høgast del mellombels tilsette med 16%, står det i sakspapira.

Sjølv om rektor Mohn trur tiltaksplanen som styret vedtok i april har bidrege til å redusere delen mellombels tilsette det siste året, er han ikkje nøgd.

«Selv om andel midlertidig ansatte i ordinære undervisnings- og forskerstillinger er redusert med flere prosentpoeng er ikke rektor tilfreds med at universitetet fortsatt ikke er bedre enn «midt på treet» ved rangering av universitetene med lavest andel midlertidig ansatte. Flere av de andre universitetene kan vise til bedre resultater mht. redusert midlertidighet det siste året», skrive rektor i styrepapira.

Mohn forventar difor at einingane framleis vil arbeide med å redusere delen mellombels tilsette ytterlegare det komande året.


Desse sakene står på sakskartet:

Powered by Labrador CMS