Styrevedtak ved UiS
Vil ha årleg rapport om talet på mellombels tilsette
Rektor ved Universitetet i Stavanger vil gå frå 15,4 til 12 prosent mellombels tilsette undervisarar og forskarar innan 2021 med hjelp av fleire tiltak. Styret skjerpa både ordlyd og statusoppdatering då dei handsama saka.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Saka er oppdatert)
Delen mellombels tilsette i universitets- og høgskulesektoren har vore i fokus den siste tida.
I midten av mars vedtok Universitetet i Oslo ein tiltaksplan for yngre forskarar. Også Universitetet i Bergen har diskutert karrieremoglegheitene for unge forskarar.
No følgjer Universitetet i Stavanger (UiS) etter. Ei av fleire saker som var oppe på universitetsstyremøtet måndag var ein liknande plan.
Styret vedtok ein tiltaksplan for å redusere delen mellombels tilsette. Men styret hadde nokre forslag til endringar i ordlyd og vedtak.
Foreslo endringar
Stipendiat og representant for dei mellombels tilsette, Stig Erlend Bjønness, var blant dei som hadde innvendingar til ordlyden. Han hadde gjort seg opp tankar allereie før helga og sa dette til Khrono fredag:
— Eg er veldig glad for at denne viktige saka kjem opp. Så vil eg kanskje gjere planen enno tydelegare og finne måtar som sørgar for at den faktisk blir brukt og følgt opp. Det er viktig at det ikkje blir eit styringsdokument som blir liggande ubrukt i ei skuff, sa Bjønness til Khrono.
Bjønness meiner delen mellombels tilsette ved universitetet kan vere noko av årsaka til at UiS fekk stryk frå dei sakkunnige i Nokut på kvalitet.
— Det er ein stor del mellombels tilsette som gjer mykje pliktarbeid, undervisning og bidreg i den daglege drifta. På den måten vil det ikkje bli kontinuitet i undervisninga eller kvalitetsarbeidet. Det er viktig å auke delen faste tilsette for å sikre dette og eg trur det vil vere eit tiltak for å kunne tilfredsstille arbeidet med kvalitet her ved UiS, sa Bjønness fredag.
Bjønness tok opp dette også under styremøtet, korleis det er naudsynt å knyte saka om mellombels tilsette opp mot kvalitetsarbeidet til universitetet.
Av konkrete endringar i tiltaksplanen som vart vedtatt, fekk han banka gjennom at det i ei setning kring stipendiatar heller skal stå skal enn bør:
- Det skal (tidl. bør) ligge elementer i doktorgradsutdanningen som er med på å bygge opp under behovet for karriereplanlegging.
Ønskte tettare oppfølging av status
Bjønness var også oppteken av at styret burde bli orientert om status i talet mellombels tilsette tidlegare enn det som var skissert, som var ved utgangen av 2021.
— Det er viktig at styret blir orientert om status årleg, spesielt sidan det er så stort sprik mellom fakulteta. Det er viktig at vi held dette varmt, sa Bjønness under styremøtet.
Det fekk han gehør for. Difor vart vedtaket høyrande slik ut:
«Ny status for andel midlertidig ansatte legges frem for styret innen utgangen av 2020 og deretter årlig».
Også representant for dei vitskapelege tilsette, professor Sigrun Karin Ertesvåg, meldte seg på talarlista i denne saka. Ho støtta opp under arbeidet med å få ned talet på mellombels tilsette, men hadde to tankar knytt til tiltaksplanen.
I punktet om bistillingar, står det i det i utkastet til tiltaksplan at:
«Universitetet må imidlertid sikre at bruken av disse stillingene er i samsvar med formålet, at den som ansettes har sin hovedstilling ved institusjon som universitetet samarbeider/vil samarbeide med.»
— Dette vil få utslag, sa Ertesvåg, som var redd for at dette ville kunne ekskludere mange som ikkje hadde si hovudstilling ved institusjonar UiS hadde tett samarbeid med. Ho meinte at ein måtte sjå på ordlyden her.
Det meinte ho også om dei foreslåtte endringane i permisjonsreglementet. I tiltaksplanen vert det skissert at ein skal stramme inn på moglegheitene for permisjon, mellom anna at faste tilsette i forskar- og undervisningsstillingar ikkje skal få innvilga permisjon for å kunne ta ei rekrutteringsstilling, som postdoktor eller stipendiat.
— Eg er redd for at dette kan kan få negative følgjer ved at vi kan miste folk, som av ulike grunnar vil gå ut av si faste stilling ved UiS for å få andre erfaringar, fordi vi er for rigide, sa Ertesvåg.
På dagsorden
Dåverande forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø sette kåra til dei mellombelse tilsette for alvor på dagsorden i si periode. Ho meinte at arbeidet med å redusere delen mellombels tilsette gjekk for sakte.
I 2019 var delen mellombels tilsette i gjennomsnitt på 8,7 prosent i norsk arbeidsliv, medan delen låg på 13,7 prosent ved universiteta og høgskulane.
Difor kalla statsråd Nybø i januar inn 12 rektorar på teppet, der dei måtte forklare kvifor dei hadde oppgang eller ein nedgang på mindre enn ein prosent i dei mellombels tilsette. Rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger var blant dei.
Med dette bakteppet, har universitetet no utarbeida ein tiltaksplan som styret drøfta og vedtok på styremøtet måndag.
Rektor Mohn er ikkje nøgd
I sakspapira går det fram at trass i at det har blitt sett inn tiltak og at nokre einingar har klart å redusere delen mellombels tilsette, så har universitetet framleis ein veg å gå før ein er på ein akseptabel del mellombels tilsette.
Ifølgje sakspapira har UiS redusert delen mellombels tilsette i ordinære undervisings- og forskarstillingar (eks. stipendiatar og postdoktorar), saksbehandlar/utgreiingsstillingar og støttestillingar til undervsining og forsking frå 16,2 til 14,6 prosent frå 2009 til i dag.
Men rektor Klaus Mohn er ikkje nøgd. I sakspapira skriv han at han meiner det er særs viktig at UiS framstår som ein attraktiv arbeidsgjevar med trygge arbeidsplassar, robuste og stabile fagmiljø og god kunnskapskapital over tid.
Han meiner dette er avgjerande for å nå strategiske mål.
«Det vi så langt har oppnådd av redusert midlertidighet er ikke godt nok. Resultater avhenger av at det tas ansvar for måloppnåelse i alle deler av institusjonen og på alle ledernivå... Etter rektors vurdering vil foreslåtte tiltaksplan for å redusere andel midlertidig ansatte bidra til dette.»
Rektor Mohn krev at ein skal sjå ein nedgang i talet mellombels tilsette når universitetet må rapportere inn personaldata til Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) hausten 2020 og 2021.
HR-direktør Halfdan Hagen supplerer:
— Det er ikkje bra å vere ein arbeidsgjevar med mange mellombels tilsette. Dette handlar også om omdømme, sa Hagen på telefon til Khrono fredag.
Oversikt over delen mellombels tilsette (tal i prosent) i ordinære undervisning- og forskarstillingar ved Universitetet i Stavanger
Eining | Status 1.1.2018 | apr.19 | des.19 | 2018-19 | Mål for 2021 |
Handelshøgskolen | 4 | 12,8 | 12,3 | +8,3 | 4 |
Det helsevitenskapelige fakultet | 25 | 17,2 | 22,9 | -2,1 | 10 |
Det samfunnsvitenskapelige fakultet | 9 | 9,7 | 11,9 | +2,9 | 10 |
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet | 15 | 16,4 | 15,3 | +0,3 | 10 |
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora | 19 | 19,9 | 16,3 | -2,7 | 15 |
Fakultet for utøvende kunstfag | 11 | 20,7 | 19,9 | +8,9 | 10 |
Heile Universitetet i Stavanger | 15 | 15,8 | 15,4 | +0,4 | 12 |
Arkeologisk museum inngår ikkje i tabellen då det er svært få tilsette i denne stillingskategorien. Tala er henta frå styrepapira.
Meiner ein ikkje må gløyme stipendiatar og postdoktorar
Det er i kategorien ordinære undervisning- og forskarstillingar at universitetet har størst fokus på å redusere delen mellombels tilsette. Men i denne kategorien inngår ikkje rekrutteringsstillingane stipendiat og postdoktor, som av natur er mellombelse stillingar.
Styrerepresentant Bjønness meiner det er viktig å stoppe opp ved akkurat dette.
Han meiner det er vel og bra at ein vil fokusere på å redusere delen mellombelse i til dømes universitetslektor-stillingar og andre forsker-stillingar, men meiner det er viktig å ikkje gløyme rekrutteringsstillingane i ein slik tiltaksplan.
— Karriereplanlegging også for desse stillingane er viktig ikkje berre for å ta vare på kvar enkelt, men også for at universitetet kan planlegge og rekruttere den kunnskapen ein ønskjer å ha i framtida, sa Bjønness fredag.
I tiltaksplanen står det at postdoktorstillingar kun skal brukast i tråd med intensjonen og ikkje som mellombelse forskarstillingar. Det står også at einingsleiar, ofte instituttleiarane, har ansvar for å utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet som skal følgjast opp.
Også karriereplanlegging er nedfelt i tiltaksplanen.
— Det er mange gode tiltak her, men dei må gjerast meir tydelege. Dokumentet må få betydning og bemanningsplanlegging må vere ein tydelegare del av den daglege drifta, som til dømes i medarbeidarsamtalar, seier Bjønness.
HR-direktør Hagen opplyser at det er 43 postdoktorar ved universitetet per i dag. Han ser også at det er viktig at postdoktor-kategorien ikkje vert misbrukt når ein no skal fokusere på å redusere delen mellombels tilsette i ordinære undervisning- og forskarstillingar.
— Vi trur ikkje vi har eksempel på at postdoktorat vert misbrukt i dag, vi klarer ikkje identifisere det. Men vi er oppmerksame på det og er opptekne av at fakulteta skal bruke postdoktorat etter intensjon og etter forskrift. Dessutan er det skal leggjast ein plan for gjennomføringa av postdoktoratet. Her har vi i HR-avdelinga intensjonar om å følgje betre opp, seier Hagen til Khrono.
Han meiner at denne tiltaksplanen gir HR-avdelinga eit tydelegare mandat til å følgje opp desse problemstillingane.
Ønskjer hyppigare rapportering
I styrepapira står det at styret vil bli presentert for ny status kring mellombels tilsette ved utgangen av 2021. Det meiner Bjønness ikkje er tidsnok.
— Dette må rapporterast oftare, slik at vi kan sikre at tiltaka vert følgde opp, sa han fredag. Måndag sa styret seg samd med Bjønness og dei fekk skjerpa ordlyden i vedtaket om at styret skal bli orientert om status allereie ved utgangen av 2020.
Bjønness meiner også det er behov for større samhandling mellom dei ulike fakulteta og institutta. Han skisserer eit scenario der ein i fag som metode, heller bør samarbeide om å rekruttere personar til faste stillingar som kan undervise på tvers, for eksempel.
— Dersom alle skal hente inn denne kompetansen kvar for seg, blir det fort til at ein hentar inn folk i mellombelse stillingar. Eg trur det ligg mange mellombelse stillingar der som universitetet som heilskap vil vere tent med å heller bygge opp kompetanse i form av faste tilsettingar. Det er viktig å heller bruke midlar til å tilsette folk fast og forankre det, sa Bjønness fredag. Han la til:
— Det handlar om å bygge og forankre ein kompetanse i tråd med dei strategiane vi ønskjer å ha. Det kjem til å vere behov for å planlegge å ha førstekompetanse på ulike felt. Men med ein utstrakt bruk av mellombels tilsette, så forsvinn denne kompetanse fort. Senter for framifrå forsking og undervisning spirar ut frå dei kreftene som er internt på universitetet, og det klarer vi ikkje å få til dersom vi berre hentar inn ulik kompetanse utanfrå.
Dette synspunktet var også noko han fremja under styremøtet måndag.
— Handlar mykje om «mindsettet»
HR-direktør Hagen har stor tru på at universitetet vil klare å redusere delen mellombels tilsette med den tiltaksplanen styret vedtok måndag.
— Det er ingen av tiltaka som kvar for seg vil gjere store utslag, men til saman vil det kunne verke. Så handlar det mykje om «mindsettet», at regelen er fast tilsetjing og at mellombels tilsetjing er unntaket, sa Hagen fredag.
Han trekk mellom anna fram at det i større grad skal tilsetjast folk i faste stillingar også dersom det er eksternt finansierte oppdrag. Hagen trur også at ei betre bemanningsplanlegging vil vere eit viktig tiltak.
— Det er viktig å vere tidlig ute med å lyse ut stillingar, for slike ting tar lang tid i vår sektor. Dersom ein veit at nokon skal gå av med pensjon, så er det viktig å vere tidleg ute, så ein ikkje må ha vikar før ein får tilsett nokon fast. Slike ting vil bidra, sa Hagen fredag.
— Korleis skal de sikre at tiltaka vert følgde opp?
— Eg trur det kanskje er enklare for oss ved UiS enn dei andre store universiteta, for vi har ein sentralisert HR-funksjon. HR-avdelinga er involverte i alle rekrutteringsprosessar. Difor har vi betre grunnlag til å ta tak i dette, dersom praksisen ikkje er grei, svarte Hagen fredag då Khrono var i kontakt med han.
(Saka er oppdatert 20.04 kl. 16.16 etter styret vedtok tiltaksplanen med foreslåtte endringar)
Nyeste artikler
NTNU stenger populær fritidsbolig for utleie. — Veldig lei meg
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Departementet kan ikkje oppheve mistillit
Skal drøfte omdømme- og merkevarebygging
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024