Sverige

Svenske universitet fryktar forskarflukt

Ny utlendingslov i Sverige møter motstand. Universiteta fryktar stengte dører for store grupper av utanlandske forskarar.

Svenske universitet fryktar konsekvensane av ny utlendingslov for mellombels tilsette forskarar frå utlandet. Rett til permanent opphald i Sverige krev no arbeidskontrakt i minst 18 månader.
Publisert Oppdatert

Den nye og skjerpa utlendingslova i Sverige har ført til protestar frå forskings- og utdanningsinstitusjonane i landet. Det nye regelverket stiller blant anna krav om arbeidskontrakt for minst 18 månader for å kunne få permanent opphald i landet.

Lova vart vedtatt av Riksdagen i juni med verkande kraft frå 20. juli. Endringane i lova har gitt store endringar i situasjonen for stipendiatar og postdoktorar frå land utanfor Europa, og fleier fryktar no hjerneflukt frå svenske universitet.

Tidlegare var det mogleg for forskarar som kom frå land utanfor Europa å få permanent opphald i Sverige etter fire års doktorgradsstudier. No må dei bevise at dei kan forsørge seg sjølve i minst 18 månader. Ikkje berre 18 månader etter at dei søker om opphald i Sverige, men 18 månader etter at dei svenske utlendingsstyresmaktene startar handsaminga av søknaden, skriv den svenske nettstaden arbetarvarlden.se

— Dette kjem til å bli eit stort problem for mange yngre forskarar, seier Kjell Nilsson i fagforbundet ST som organiserer tilsette ved universitet og høgskolar. Han viser til at det er sjelden at nydisputerte får så lange engasjement og tilsettingar, dei fleste er på korte engasjement og prosjektstillingar.

Krav om unntak

No forlangar forskings- og utdanningsinstitusjonar og fagforbund unntak frå lova, ifølgje fleire svenske medier. Lovforslaget har «totalt forbigått effekten på Sveriges doktorandar og forskarar», heiter det i ei utsegn Sveriges universitets- og högskoleförbund (SUHF), retta til regjeringa.

Ifølgje SUHF har forslaget til utlendingslov skapt stor uro og forvirring, og mange søker seg bort frå landet alt no, hevdar forbundet. Lovforslaget legg opp til at alle som har søkt etter 20. juli vil bli omfatta av det nye regelverket.

70 prosent utanfrå Europa

På Det tekniske universitetet i Luleå er cirka 70 prosent av doktorgradsstipendiatane frå utlandet. 250 av dei kjem frå land utanfor Europa.

— Det blir vanskeleg for oss å rekruttere nye doktorandar frå land utanfor Europa, og det kjem til å påverke alle nivå på universitetet, seier prorektor ved Luleå tekniska universitet, Pär Weihed, til SVT.

Opposisjonspartiet Liberalerna stilte seg bak lovforslaget då det vart vedtatt i Riksdagen i juni. Partiet stiller seg no bak kravet om unntak for mellombels tilsette forskarar og doktorgradsstipendiatar, og har bede regjeringa om å utarbeide forslag til endringar i den nye lova. Sverige blir styrt av ei koalisjonsregjering med Soscialdemokraterna og Miljöpartiet de gröna.

Minister: Må oppfylle krava

Integrasjonsminister Morgan Johansson spelar derimot ballen tilbake til universiteta. Det blir opp til dei å tilsette utanlandske forskarar og doktorandar i minst 18 månader, seier han.

«Forskarar og doktorandar må oppfylle krava som blir stilt til permanent opphald, akkurat som alle andre som blir omfatta av reglane», skriv han i ein kommentar til nyhendebyrået TT.

Målet med lova er ifølgje regjeringa å etablere ein meir langsiktig migrasjonspolitikk, redusere innvandringa og betre integrasjonen, i tråd med EU-regelverket.

Powered by Labrador CMS