Debatt ● arna meisfjord
Styre-nestleiar utan meining?
Bjørg Tørresdal veit utmerka godt at å knyte nevane i protest mot makthavarane er ein legitim og vanleg måte å uttrykke sine demokratiske rettar, skriv tidlegare Nesna-rektor.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
«Jeg mener ingenting om prisen», seier nestleiar i styret for Nord universitet, Bjørg Tørresdal. Ho er intervjua i Khrono i samanheng med at Nesnastudentane er tildelt prisen «Årets namn i akademia». Dette er eit merkeleg svar, i og med at Nesnastudentane er studentar ved Nord universitet og Tørresdal er nestleiar i styret ved Nord universitet. Det er styret som har lagt ned campus Nesna og som difor er ansvarlege for den situasjonen som studentane protesterer mot og som er bakgrunn for at dei har fått den aktuelle prisen. Derimot meiner Tørresdal ein heil del om Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland. I staden for å gratulere studentane som ho seier å ha stor respekt for, langar ho ut mot Folkeaksjonen. Er det dette som heiter at dersom du ikkje kan ta ballen, så ta spelaren?
Er det dette som heiter at dersom du ikkje kan ta ballen, så ta spelaren?
Arna Meisfjord
Kvifor vil ikkje Tørresdal og fleirtalet i styret for Nord universitet gratulere studentane sine? Nei, det er ikkje fordi Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland knyta nevane i protest mot Nord universitet si nedlegging av campus Nesna på styremøtet i juni. Tørresdal veit utmerka godt at å knyte nevane i protest mot makthavarane er ein legitim og vanleg måte å uttrykke sine demokratiske rettar. Det er ein symbolsk handlemåte som friidrettsutøvarane Jouan Carlos og Tommie Smith gjorde ikonisk etter at dei heva ein knyta neve i ein svart hanske under medaljeseremonien i OL, sommaren 1968. Over heile verda ser vi denne måten å vise motmakt når makthavarane ikkje vil lytte til folket sitt. I Noreg har vi dei siste åra sett at bunadskledde aksjonistar har knyta nevane mot overgrep og slik teke demokratiet i bruk.
Folkeaksjonen har ikkje berre knyta nevane. Sidan Nord universitet la fram forslaget om nedlegging av campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen, har det vore arrangert fleire faglege konferansar på Nesna. Både rektor og representantar for styret, har vore inviterte, men dei har svara nei. Nyleg kom boka Kampen om campus Nesna. I Tor- Helge Allern sin artikkel «Nord-ledelsen unnlater å svare på hovedpoengene i kritikken», dokumenterer han korleis Nord universitet systematisk let vere å følge opp fusjonsavtalen og i staden starta nedbygginga av studietilbodet på Nesna like etter fusjonen.
Raymond Lillevik sin artikkel «Søknadsvekst, fornøyde studenter og avvikling», er kanskje den artikkelen som klårast viser kvifor studentane har reist seg i protest og dermed gjort seg fortent til pris. Lillevik siterer ein omtale av studentane som det har vore reagert kraftig på, nemleg at studiestaden hadde «Svært lav tilgang på godt kvalifiserte studenter», samanlikna med Bodø og Levanger. Lillevik dokumenterer at dette ikkje er sant.
Nei, styret kan ikkje gratulere studentane sine, for då må dei meine noko om prisen, og det vil dei ikkje. Dersom styret skal meine noko om prisen, må dei gå inn i grunnlaget for studentane sine protestar, og dermed kritisk vurdere sine eigne handlemåtar og grunngjevingar for nedlegging av campus Nesna.
Nei, styret kan ikkje gratulere studentane sine, for då må dei meine noko om prisen, og det vil dei ikkje.
Arna Meisfjord
Eit universitetsstyre skal utøve si verksemd «i overensstemmelse med anerkjente vitenskapelige, kunstfaglige, pedagogiske og etiske prinsipper», som det heiter i Universitets- og høgskolelova, § 1-5. Evne til kritisk å vurdere sin eigen praksis, høyrer vel inn under dei krava som akademia skal halde høgt.
I boka Kampen om campus Nesna kjem det fram både dokumentasjon og argumentasjon som tilseier at styret ved Nord universitet gjorde ein urett då dei la ned campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen. Denne uretten vart grunngjeve med eit mangelfullt og på fleire område feilaktig faktagrunnlag og med eit brot på det tillits- og verdigrunnlaget som fusjonsavtalen bygde på. Det er kanskje for mykje å vente at medlemmene i styret for Nord universitet vil prioritere å lese denne boka. Men om dei gjer det, så kjenner eg meg trygg på at dei vil forstå at det ikkje er styremedlemmene som er offer i denne saka. Kanskje vil det til og med gje dei grunnlag for å meine noko om den prisen som studentane har fått og kanskje inspirere dei til å anerkjenne studentane sin innsats.