opptak og kjønn

Studentleiar: Kjønnspoeng er eit naudsynt vonde

Ein treng kjønnspoeng, meiner Norsk studentorganisasjon. Men ein må ha testa andre tiltak før ein kjem dit, seier leiar Andreas Trohjell.

NSO-leiar Andreas Trohjell meiner tida førebels ikkje er inne for å kvitta seg med moglegheita for å nytta kjønnspoeng.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Om nokre år kan ei heilt klar overvekt av kvinnelege tannlegar og legar. Som Khrono har skrive, er åtti prosent av dei som har fått tilbod om studieplass ved både Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø på odontologi, kvinner. For medisin er det vel 70 prosent kvinnelege studentar.

Fakta

Kjønnspoeng studieåret 2020-21

Kvinnelege søkjarar får 2 tilleggspoeng ved opptak til desse studia:

  • Ingeniørutdanningar (bachelor) med unntak av linje for kjemi
  • Landbruksutdanningar
  • Maritime høgskoleutdanningar
  • Bachelorstudium i programmering ved NTNU
  • Bachelorstudium i digital infrastruktur og cybersikkerhet ved NTNU - Gjøvik
  • Integrerte masterstudium i teknologi og ingeniørfag ved NTNU i ingeniørvitskap og IKT, marin teknikk, produktutvikling og produksjon, elektronisk systemdesign og innovasjon, kybernetikk og robotikk og datateknologi

Mannlege søkjarar får 2 tilleggspoeng ved opptak til desse studia:

  • Veterinærutdanning ved NMBU
  • Dyrepleiarutdanning ved NMBU
  • Sjukepleiarutdanning ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole
  • Barnevernspedagogutdanning ved OsloMet – storbyuniversitetet
  • Mannlege søkjarar får 1 (eitt) tilleggspoeng i kvote for førstegongsvitnemål til profesjonsutdanningane i psykologi ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og NTNU.

Kjelde: KD

Medisindekan Per Bakke ved UiB og odontologidekan Pål Barkvoll ved UiO er samde om at noko må gjerast. Bakke meiner ein må vurdera å innføra kjønnspoeng, særleg for odontologi, men Barkvoll er ikkje sikker på om det er det beste alternativet.

Heller ikkje studentane, representert av Norsk studentorganisasjon (NSO), er overbegeistra for kjønnspoeng.

— Det er eit naudsynt vonde, seier NSO-leiar Andreas Trohjell.

Vil ha evaluering

Men NSO meiner altså at ein framleis må kunne gi kjønnspoeng til studium der det eine kjønnet er sterkt underrepresentert. Kunnskapsdepartementet opplyser til Khrono at det er institusjonane sjølve som må søkja om å få innføra kjønnspoeng, og ein kan berre nytta det til studium der det er ei poenggrense for å koma inn.

— Me meiner at å innføra kjønnspoeng er noko som må avgjerast lokalt. Men ein skal ha testa mykje før ein kjem dit, seier Trohjell, og held fram:

— Ei innføring skal vera godt grunngitt, og det trengs ei god evaluering.

I dag kan ein få kjønnspoeng for maksimalt fem år om gongen.

Lovutval seier nei

Då forslaget til ny universitets- og høgskulelov vart offentleggjort i vinter, var tilrådinga frå Aune-utvalet å fjerna kjønnspoeng. Ei av grunngivingane er ulik behandling av kvinner og menn, og EU sine vurderingar av dette. Utvalet skriv mellom anna at det er lite rådeleg at det skal vera høve til å driva radikal særbehandling ved opptak til høgare utdanning når det ikkje er høve til å gjera liknande tiltak i arbeidslivet. Utvalet meiner i staden at styresmaktene må sjå på andre målretta tiltak.

— Det hjelper ikke dersom ein får tre-fire-fem studentar inn på eit studium. Overvekta er likevel så stor, og kor skal grensa gå. Skal me kvotera inn folk med lågare kompetanse, har utvalsleiar Helga Aune tidlegare sagt til Khrono.

Vil gjerne ha andre opptaksformer

Trohjell var i fjor leiar for studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, og då lovforslaget vart kjent, sa han til Khrono at han var kritisk til at ordninga med kjønnspoeng kunne forsvinna. Han sa at for nokre studium, der skeivheita kan få ein samfunnsmessig konsekvens, bør ein kunne innføra kjønnspoeng.

Det same meiner han, og NSO, altså no, men er også samd med dekanane, som meiner ein må vurdera andre opptaksformer. Ved UiO har det tidlegare vore diskutert ein opptaksprøve for medisinstudentar.

— Me i NSO skulle gjerne sett at det vart teke i bruk ulike opptaksformer. Det kostar jo, men det er jo allereie i bruk ved til dømes opptak til politiutdanning og kunstfag, seier Trohjell.

Enkle tiltak

Han peikar òg på at av og til kan enkle tiltak vera nok:

— Kva kallar ein dei ulike faga? Brannmann er jo temmeleg kjønna, og ein fekk fleire kvinnelege søkjarar då ein kalla eit studieprogram energi og miljø enn berre energi, seier han.

Det har Dagens Næringsliv skrive om, då NTNU såg på kva namn fleire av deira studieprogram hadde.

Khrono har skrive at då helsesøster skifta namn til helsesjukepleiar, kom det fleire mannlege søkjarar.

Powered by Labrador CMS