opptak

Nesten åtti prosent av komande tannlege-studentar er kvinner

Både i Bergen og Tromsø er åtte av ti av dei som har fått tilbod om studieplass på tannlegestudiar kvinner. Også for medisin og psykologi er kvinner i klart fleirtal.

Dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen, SV-leiar Audun Lysbakken og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen på besøk i det då heilt nye odontologibygget i Bergen. Instruktørtannlege Ina Gulowsen Knudsen lar boret gå på ei øvingsdokke. 80 prosent av studentane som har fått tilbod om studieplass i odontologi ved UiB denne hausten, er kvinner.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ved Universitetet i Bergen har 72 kvinner kome inn på odontologistudiet. For menn er talet 18, noko som betyr at heile 80 prosent av dei komande studentane kan vera kvinner. Ved UiT Norges arktiske universitet (UiT) er talet det same. 56 av 70 studentar som har fått tilbod ved det som er landets nyaste tannlegeutdanning, er kvinner.

Det er totalt fleire kvinner enn menn som søkjer, og får, studieplass for høgare utdanning. Fordelinga er omlag 60-40.

Gjeld mange helsefag

— Eit nasjonalt problem, seier Pål Barkvoll.

Han er dekan ved Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO), der det er 85 kvinner og 27 menn som har fått tilbod om studieplass.

— Dei mest populære helsefaga får ein skeiv kjønnsbalanse. Det ser ut til at kvinnene er best kvalifisert, men dei er òg i klart fleirtal når ein ser på kven som søkjer, seier Barkvoll.


Til odontologistudiet ved UiO var det etter første opptaksrunde i Samordna opptak 154 kvinner og 49 menn på venteliste. For medisin, der kvinnedelen ligg på mellom 69 og 77 prosent ved norske universitet, er det til dømes 512 kvinner som står på venteliste ved UiO og 169 ved Universitetet i Bergen (UiB).

Å innføra kjønnspoeng gjer at mannlege søkjarar pressar vekk kvinnelege søkjarar som er kvalifiserte, meiner odontologidekan Pål Barkvoll. Han meiner ein må sjå på andre verkemiddel.

Ved UiB er Pål Bakke dekan ved Det medisinske fakultetet. Han meiner tida er inne for å sjå på kjønnskvotering.

— God kjønnsbalanse er bra, og det hadde vore ein fordel dersom kjønnsbalansen var jamnare. For særleg tannlege meiner eg det er så få mannlege studentar no at ein bør sjå på kvotering, seier Bakke.

Har fått nei til kvote

Ei kvotering av mannlege søkjarar har vore debattert tidlegare, og for nokre år sidan bestemte Kunnskapsdepartementet (KD) at mannlege søkjarar til profesjonsstudiet i psykologi kan få eitt tilleggspoeng.

KD opplyser i ein epost til Khrono at det må vera mindre enn tjue prosent av det eine kjønnet for at ein skal kunne innføra kjønnspoeng. Den einskilde institusjonen må sjølv søkja, og ein må oppgi kva andre tiltak som har vorte prøvd ut. Ein kan få tildela kjønnspoeng i fem år, og må òg seia noko om kva effekt ein ventar seg.

Fakta

Kjønnspoeng studieåret 2020-21

Kvinnelege søkjarar får 2 tilleggspoeng ved opptak til desse studia:

  • Ingeniørutdanningar (bachelor) med unntak av linje for kjemi
  • Landbruksutdanningar
  • Maritime høgskoleutdanningar
  • Bachelorstudium i programmering ved NTNU
  • Bachelorstudium i digital infrastruktur og cybersikkerhet ved NTNU - Gjøvik
  • Integrerte masterstudium i teknologi og ingeniørfag ved NTNU i ingeniørvitskap og IKT, marin teknikk, produktutvikling og produksjon, elektronisk systemdesign og innovasjon, kybernetikk og robotikk og datateknologi

Mannlege søkjarar får 2 tilleggspoeng ved opptak til desse studia:

  • Veterinærutdanning ved NMBU
  • Dyrepleiarutdanning ved NMBU
  • Sjukepleiarutdanning ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole
  • Barnevernspedagogutdanning ved OsloMet – storbyuniversitetet
  • Mannlege søkjarar får 1 (eitt) tilleggspoeng i kvote for førstegongsvitnemål til profesjonsutdanningane i psykologi ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og NTNU.

Kjelde: KD

For psykologi er det no om lag 25 prosent mannlege studentar ved UiO og UiB, medan det ved NTNU framleis er nesten 80 prosent kvinnelege studentar som har fått tilbod om studieplass.

UiB har tidlegare søkt om å få innføra ein kvote for mannlege søkjarar på medisin og odontologi, men fått nei. Dette har Forskerforum skrive. Legeforeningen har òg diskutert saka, og gått inn for kvote for mannlege søkjarar, skriv Tidsskrift for norsk legeforening.

Tilrettelagt for jenter?

Barkvoll er ikkje sikker på om det er kjønnspoeng som er det beste tiltaket.

— Kanskje ein kan ha det, eller kvote, som ei overgangsordning. Men eg meiner at ein må sjå på heile skuleløpet, 1-12, og sjå på om det er mest tilrettelagt for jenter. Mi røynsle med eigne barn er at det truleg er det, seier professoren.

Han seier at både kjønnspoeng, opptaksprøve og ulike marknadsføringstiltak retta mot gutar har vore diskutert.

— Men me må òg sjå på dei faga kvinner tradisjonelt er i fleirtal på, som sjukepleiar, tannpleiar og fysioterapeut. Ei god kjønnsfordeling er det beste, både for studentane og for pasientane, seier Barkvoll.

Eit søk hos Samordna opptak viser at nokre sjukepleieutdanningar kan få opp mot 90 prosent kvinnelege studentar.

Thrina Loennechen er dekan ved Fakultet for helsefag ved UiT. Ho fortel at universitetet har eit «helseløft».

— På same måte som ein prøver å rekruttera jenter til realfag, prøver me på rekruttera gutar til helsefag, og informerer gutar på vidaregåande skule om dei ulike helsefaga, seier ho.

Loennechen seier at ho meiner det er viktig å sjå på kjønnsbalanse, og at dette er noko som vert diskutert, både internt og nasjonalt.

— Kva kan ein gjera når gutane ikkje har gode nok karakterar frå vidaregåande skule til å koma inn?

— Då må ein kanskje vurdera anten ein kvote eller andre opptakskrav, seier Loennechen.

Andre opptakskrav?

Per Bakke har tidlegare tatt til orde for at ordninga med alderspoeng bør fjernast. Mange av dei som kjem inn på prestisjestudia har teke opp att fag frå vidaregåande skule, og samstundes fått med seg poeng for alder.

— Det er ein nesten bortkasta ressurs for samfunnet at ein tek opp att fag frå vidaregåande skule. Det burde vera slik at universitetsfag kunne telja. Dersom ein ikkje kom inn på til dømes medisinstudiet hadde ein i alle fall tileigna seg noko ein kunne bruka i ein annan samanheng, har han tidlegare sagt til Khrono.

Han meiner ein må kunne vurdera andre ting eller meir enn karakterar frå vidaregåande når ein skal sjå på kven som er kvalifiserte for å koma inn, men seier samstundes at det vil krevja eit stort apparat dersom ein til dømes skal testa kandidatar.

Mange kvinner også på juss

Dagens Næringsliv skriv at medisin og odontologi er faga der andelen kvinnelege studentar har auka mest om ein ser attende til 2007. DN skriv òg om at ved UiO var det berre 36 prosent menn blant studentane som fekk plass på rettsvitskap. Ved UiB er det endå færre menn; 31 prosent. Jussprofessor Geir Woxholth er uroa. Han seier at tala ikkje er oppsiktvekkande, men at det er ein trend som ser ut til å halda seg og vert forsterka.

Kvinneandel ved opptaket hausten 2020

InstitusjonMedisinOdontologiPsykologiFarmasi
UiB77806972
NTNU71-79-
UiO72757673
UiT69806975

Tal frå Samordna opptak

— Ein bør ikkje som første verkemiddel gripa til drastiske tiltak som for eksempel kvotering av menn til studiet ved at gutar får preferansar ved opp. Ein del vil nok meina at det er umogleg å koma unna nettopp det, fordi andre tiltak ikkje vil vera nok, seier Woxholth, som sjølv er skeptisk til kvotering.

— Eg tenkjer at ein kanskje bør starta med å undersøka nærare kvifor det har vorte slik det er. At noko bør gjerast, meiner eg er openbert, seier Woxholth til DN.

Powered by Labrador CMS