korona

Studentane vil ha krisepakke

Studentane treng meir pengar no, seier Norsk studentorganisasjon. Dei ber om økonomisk kompensasjon som ikkje kjem i form av lån.

Forsknings- og høgere utdanningsminister Henrik Asheim i samtale med Felipe F. Garcia og Julie Sørholt Iversen frå NSO. NSO meiner det trengst ein ny krisepakke for studentane no.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Behovet er no, seier Felipe F. Garcia.

Han er nestleiar i Norsk studentorganisasjon (NSO). Organisasjonen kjem no med ei kravliste dei meiner må løysast snarast.

  • Ei løysing som dekkjer innteksbortfall for perioden juli-desember. Ordninga skal primært ikkje verta gitt som lån
  • Midlar til studentsamskipnadane for å styrka og utvikla nye helse- og rådgivingstilbod til studentane
  • Midlar til utdanningsinstitusjonane som skal gå til omlegging til eit digitalt læringsmiljø
  • Søknadsbaserte tilskotsordningar for studentfrivilligheita

Vil ha stipend, ikkje lån

— Det er allereie ein månad sidan studiestart og studentane har eit bortfall av inntekter, seier Garcia.

— Er det like mange som no ikkje får deltidsjobb som det var i vår?

— Me har ikkje konkrete tal på dette. Men det er uro i studentmassen fordi det ikkje er like mange jobbar som er tilgjengelege for studentar.

I vår var det ein lang debatt om krisepakke for studentar. Løysinga vart at studentar som kunne dokumentera eit inntektstap som følgje av koronapandemien kunne søkja om eit tilleggslån på 26 000 kroner, der 8 000 ville verta gjort om til stipend. Men færre enn venta søkte om dette tilleggslånet, har forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim tidlegare sagt til NRK.

Garcia seier at det som er viktig for NSO er at ein får på plass ei ordning som ikkje kjem som meir studielån.

— Me ønskjer primært at pengane kjem som fullt stipend, seier han.

— Dersom det kjem fleire krisepakkar meiner me ein av dei bør dekka studentane sitt inntektsbortfall.

Asheim sa til NRK i august at han ikkje såg behov for noko ny krisepakke til studentane då.

— Sjølv om det ikkje er «feitt» å vera student i Noreg og ein ikkje lever på den grøne greina, vert det utbetalt lån og stipend kvar månad, sa Asheim.

Per no kan ein få 123 519 kroner i året i lån og stipend dersom ein er heiltidsstudent. Det betyr at ein får 8422 dei fleste månadane, men vel 22 000 kroner i august og januar. I juni får ein vel 11 000, men ingenting i juli.

Fryktar meir einsemd

Det andre Garcia meiner hastar, er pengar til studentsamskipnadane.

— Det er dei som har ansvar for velferda, og ein møter no fleire problem knytt til både økonomi og psykisk helse.

Garcia seier at han er uroa for studentane.

— Eg er redd for at situasjonen no gir meir eimsemd. Det er vanskeleg å ta kontakt med sidemannen når ein møter medstudentane som svarte skjermar eller ukjent andlet på ein skjerm, seier han.

Undervisninga i haust er sagt å skulle vera delvis digital, og no er all undervisning ved alle utdanningsinstitusjonane i Bergen heildigital ein periode, på grunn av smitteutbrot i studentmiljøet.

— Eg håpar det vart etablert sosiale nettverk før undervisninga vart digital, og at dei studentane som har studert eit år eller meir også prøver å ta vare på dei nye — sjølv om det er vanskeleg å forventa, seier Garcia.

Powered by Labrador CMS