Debatt ● Gunnar Yttri og Henrik Haug
Studentane er her!
Endeleg er det studiestart! Rektor og studentleiar ved Høgskulen på Vestlandet gler seg til å ta i mot alle nye og erfarne studentar — og minner om at fleire samfunnsaktørar må stå saman om å skape ei vellukka utdanning.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Studiestart ved universitet og høgskular står for døra. Fleire tusen studentar gjer seg klare for høgare utdanning. Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) gler me oss til å ta i mot både nye og erfarne studentar på beste vis i Førde, i Sogndal, i Bergen, på Stord og i Haugesund.
Å ta høgare utdanning inneber forandring og forventning. For mange betyr det ny stad, heim, land, nye folk, rammer, system og rutinar. Uansett situasjon er dette ein periode av livet som vil utfordra og vera med på å forma studentane på deira reise gjennom livet.
Studentane har både rike og utfordrande dagar. Ein skal tileigna seg omfattande kunnskapar og ferdigheiter, og ein skal vera sjølvstendig student i samspel med andre studentar. Eit godt studentmiljø fordrar fagleg, sosialt og demokratisk engasjement. Deltaking i studentlag- og foreiningar gir felles styrke. Ein blir ein kjend med nye menneske. Ein får rik tilgang på nye impulsar, kunnskap og spennande perspektiv.
Men me veit at det stundom kan vera krevjande å studera. Studentar har gjennom nasjonale undersøkingar meldt tilbake om både einsemd og psykiske utfordringar, økonomiske bekymringar og aukande forskjellar. Å legga til rette for ein god studiestart er difor særleg viktig.
HVL arbeider aktivt for at studentane har dagleg tilgang på høgare utdanning av beste merke og har høve til å ta aktiv del i studentmiljøet. HVL støtter opp om eit sterkt studentdemokrati ved å lytta til og byggja opp om Studenttinget på Vestlandet, studentorganisasjonane, og linjeforeiningane. Slik kan me bidra til medverknad og gode opplevingar for alle som kjem til oss. Men dei gode opplevingane kviler likevel på at fleire aktørar, både i offentleg og privat sektor, gjer seg flid med å vera eit godt vertskap.
Ein student sa det slik det no i vår:
«For studentane er det det som skjer her og no som er viktig, ikkje kva som er planar om i åra som kjem. Det er det som skjer i kvardagen som gir eit omdøme å byggja vidare på. Difor må alle, lærarar på høgskulen, dei som leiger ut hus, dei som driv butikk, dei som arbeider i kommunen, alle som ønskjer ei god utvikling, dei må alle saman vera gode kvar einaste dag.»
Dei fem vertskommunane — Sunnfjord, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund — er særleg viktige samarbeidspartnarar for HVL. Tilsvarande dannar samarbeid med studentsamskipnaden Saman, som tilbyr er moderne bustad- og velferdstilbod i alle vertskommunar, solid basis.
Men høgskulens samarbeidslinjer strekkjer seg langt utover vertskommunane og dekkjer eit spekter av offentlege og private verksemder. Studiar i praksis er ein sentral del av mange av høgskulens utdanningar. Omfattande samarbeid over med kommunar, NAV og helseføretak om praksisplassar gjer dette mogleg. HVL samarbeider med både offentlege og private aktørar om utdanning, forsking og utviklingsarbeid. Ofte er praksis og fagarbeid i regi av studentar kjernen i samarbeidet.
Det gode samarbeidet med arbeidslivet er ein stor styrke. Kvar år utdannar HVL om lag 3000 kandidatar. Dei kjem frå utdanningar som dekkjer viktige samfunnsområde:
- økonomi, næring og teknologi,
- helse, velferd og omsorg,
- oppvekst, idrett og opplæring,
- natur, kultur og samfunn.
Våre kandidatar går ut i, formar og skapar arbeidslivet. Me set avtrykk i heile Noreg og nokre av våre kandidatar arbeider internasjonalt. Men størst er avtrykket på Vestlandet der om lag 8 av 10 av våre kandidatar vert verande.
Årets opptakstal nasjonalt viser at særleg store profesjonsutdanningar som utdannar til læraryrket og sjukepleiaryrket, rekrutterer færre studentar enn før. Dette er store og viktige utdanningar både for Noreg og ved HVL. Nedgangen i studenttal er godt merkande og alvorleg. Medan nokre andre utdanningar i høgskulen har bra rekruttering, er det også fleire der tilstrøyminga av nye studentar ikkje er tilfredsstillande.
Høgskulen arbeider for å styrka rekrutteringssituasjonen, både ved å styrka og utvikla eksisterande utdanningar og ved å utvikla nye. Ved kvar av våre fem studiestadar har me over tid bygt opp moderne campus. Ingenting kjem av seg sjølv. Arbeid og ambisjonar har skapt dette, arbeid og ambisjonar må til i det vidare. Særleg i tider der studenttalet i Noreg går ned, kan ein attraktiv studiestad og eit moderne og levande campus vera fortrinn som avgjer kvar studentanes vil studera. Det studentane opplever i det daglege både på høgskulen og på studiestaden, kan vera bestemmande for kva den einskilde student tek med seg vidare og for kor ein vel å busette seg.
Høgskulen på Vestlandet byggjer eit nytt universitet som utviklar og tar med seg det beste frå høgskuletradisjonen — i Førde, i Sogndal, i Bergen, på Stord og i Haugesund. Det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet vil vera tett på samfunns- og arbeidsliv, og tilby eit spekter av forskingsbaserte og oppdaterte utdanningar. Studentane og studiestadene er sentrale for å nå ambisjonen.
Det nye universitetet ligg litt fram i tid. Men truleg vil mange av dei studentane som i desse dagar startar på ei utdanning ved HVL gå ut som ferdige og attraktive kandidatar frå Universitetet på Vestlandet. Det er noko å sjå fram til.
Ta vel imot studentane!