studentbustad
Strømmåler kan gi studentar 3000 kroner i ekstra husleige
Studentane kan få individuelle straummålarar i studentblokkane i Trondheim. 600 målarar heller enn ein gir høgare nettleige.
![Student Sofie Lindstrøm bur i studentbustad i Trondheim, og er òg for tida styreleiar i Studentsamskipnaden i Trondheim. Ho ønskjer ikkje ein eigen straummålar på studenthybelen sin.](https://image.khrono.no/565804.webp?imageId=565804&width=960&height=548&format=jpg)
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I Moholt studentby i Trondheim skal 513 studenthyblar pussast opp. Dette betyr at kvar einskild hybel mellom anna vil få ein eigen straummålar, skriv NRK. I tillegg vil det verta straummålarar i fellesareala. Det vil seia at der det i dag er ein staummålar, vil det verta over 600 målarar. Studenthyblane er fordelte på 18 blokker, skriv Teknisk ukeblad.
Ifølgje Arvid Skjervik i Studentsamskipnaden i Trondheim (SIT) vil omlegginga føra til at studentane må rekna med å betala om lag 3000 kroner meir i året.
Dyrt og tungvint
– Det blir jo mykje dyrare og tungvint for oss studentar, som i utgangspunktet lever på eit trongt budsjett, seier student Sofie Bergstrøm, som er ein av dei som vil få ein eigen straummålar.
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
![BLI VARSLETOM SISTE NYTTLast ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær degLast ned til iPhone - Last ned til Android-](https://image.khrono.no/559710.webp?imageId=559710&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=782&height=702&format=jpg)
– Auken kjem som følgje av at det blir fleire målarar, og at netteigar då vil krevje meir i nettleige, seier leiaren for prosjekt og utvikling i SIT, Arvid Skjervikm til NRK.
Han seier det hadde vore rimeleg med ein straummålar i kvar blokk eller kvart kollektiv, men ikkje på den enkelte hybelen.
Slepp i Oslo
Men i Oslo og elles på Austlandet slepp studentane å ha kvar sin straummålar.
Spesialrådgivar i SiO, Trond Bakke, seier til NRK at SiO har fått dispensasjon frå kravet om individuelle målarar, og kommunikasjonssjef Morten Schau i nettselskapet Elvia seier at ein typisk studenthybel har for lite straumforbruk til at det løner seg med individuell straummåling, dersom ein set det i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.
I Trondheim er det Tensio som er nettselskap. Dei seier til NRK at dei meiner det ikkje er mogleg å få dispensasjon, og er altså usamde med Elvia.
— Det einaste fornuftige her er at saka hamnar på nasjonale styresmakter sitt bord for ei vurdering, seier Bengt Eidem, kommunikasjonssjef i Tensio, til NRK.
Det kan Reguleringsmyndigheten for energi (RME) gjera, seier seksjonssjef Torfinn Jonassen.
— Dersom nettselskapa er i tvil om korleis dei skal tolka regelverket, så er det bra om me får nokre direkte spørsmål om det, seier han.