høgskulen i volda
Volda vurderer sjukepleie: — Me bevegar oss inn på ein annan banehalvdel
Skal Høgskulen i Volda oppretta sjukepleieutdanninga eller ikkje? Styremedlem Roar Tobro var den mest skeptiske i styret, men tvila seg fram til eit ja.

— Dette er ei skikkeleg dilemmasak: På den eine sida burde eg vore imot. Men det er vanskeleg å røysta mot å utdanna sjukepleiarar.
Det sa Roar Tobro då høgskulestyret ved Høgskulen i Volda (HVO) igjen drøfta sjukepleieutdanning. Det er styret sjølve som har bede om at det vert gjort ei utgreiing om få på plass ei slik utdanning. Samstundes har ein førebels ikkje fått på plass nokon finansieringsplan, og ein reknar ikkje med å få friske studieplassar frå Kunnskapsdepartementet til dette.
— Me må vera klare over at me vil måtte omfordela studieplassar, sa økonomidirektør Jannicke Driveklepp i møtet.
Tobro er seniorrådgivar ved NTNU, og har vore heilt open om bindingane sine — og har fått vurdert habiliteten sin av høgskulestyret i denne saka. For i Møre og Romsdal har både NTNU og Molde allereie sjukepleieutdanning.
— Me bevegar oss over på ein heilt annan idrett, og ein legg seg inn på andre sin banehalvdel — og utfordrar arbeidsdelinga i sektoren. Det er fair, ingen har einerett på å driva utdanning. Men me utfordrar òg arbeidsdelinga i helsesektoren, sa Tobro.
Praksisavtale ikkje heilt på plass
Planen er at HVO skal få på plass ei samlingsbasert sjukepleieutdanning, som skal gå på deltid over fire år. Jorunn Sem Fure, som er dekan på Avdeling for samfunnsfag og historie, sa i styremøtet at helseføretaket har sagt at ein skal få til dette med praksisplassar.
I ein kommentar frå Avdeling for samfunnsfag og historie, som ligg ved sakspapira, heiter det at det uansett ikkje er før to år inn i første kull at den første sjukehuspraksisen trengst, så helseføretaket har tid på seg.
— Talet på praksisplassar er ikkje knapt fordi me kjem med tjue nye studentar, det er allereie knapt. Og me treng ikkje gjera avtale med dei andre høgskulane om dette, det er helseføretaket som fordeler, sa Fure, etter at rektor Odd Helge Mjellem Tonheim hadde sagt at det på rektornivå har vore uttrykt uro over at Volda no òg vil utdanna sjukepleiarar.
— Det handlar om både konkurranse om tilsette, studentar og om praksisplassar, sa Tonheim i møtet.
Vår eller haust?
Eit anna spørsmål, er når ein kan koma i gang med ei eventuell sjukepleieutdanning. I sakspapira er både våren og hausten 2026 nemnt som alternativ. Fagavdelinga vil helst ha våren.
— Eg vert allereie kontakta av både folk som vil jobba her og potensielle studentar, sa Fure.
Ho sa at utlysingstekstar er klare, og meiner at stillingar burde vore lyst ut no.
Til Khrono seier Fure at målgruppa for sjukepleiestudiet først og fremst er dei som no er tilsette som ufaglærte i helsevesenet i kommunane rundt Volda.
Tobro sa i møtet at han trur det er eit magasinert behov for sjukepleiarar i området.
— Men kor stort er søkjargrunnlaget over tid? Og risikerer me at me får studentar frå andre stader i landet, som kanskje ikkje kjem inn der dei helst vil, og så søkjer dei seg vidare etter å ha fullført det første året hos oss? Då vert Volda ei inngangsdør, eller ei bakdør, sa Tobro.
Bad om to nye saker
Rasmus Stokke åtvara mot å utsetja oppstart, men sa at ein heller kan gå over til å ha opptak om hausten etterkvart.
— Det første opptaket vil vel uansett verta for å serva kommunane, sa han.
Styret vedtok å be om ei sak til maimøtet, der finansieringsplan er på plass. Dei vedtok òg at dei i september skal handsama sak om akkrediteringssøknad.
I ein protokolltilførsel melder Tobro at han med bakgrunn i den store mangelen på sjukepleiarar som vi kan venta i framtid, under stor tvil valde å støtte vedtaket. I protokolltilførsla fastslår han at høgskulen tek høg risiko ved å starte ei slik utdanning, og han peikar på utfordringane som oppstart av sjukepleiarutdanning ved høgskulen gir for fordelinga av praksisplassar mellom institusjonane som har sjukepleiarutdanning i regionen.
Endringslogg 14. mars kl 19.42: Lagt til informasjon om protokolltilførsel frå styremedlem Roar Tobro.
Nyeste artikler
Rektor i retten om motvarsel: — Har ikke plaget meg spesielt
Det motsatte av ytringsfrihet
Studenter i forskning: En nøkkel til raskere bruk av kunnskap
Heia Team Hagen for et sterkt og fremoverlent UiB gjennom tøffe tider
Ord som makt
Mest lest
Elon Musk blir ikke kastet ut av vitenskapsakademi
Avbrøt USA-turen og hastet hjem da han oppdaget at styret skulle ansette ny dekan
Sjefene som tjener over en halv million på ekstrajobber. — Flott og sunt
Professor møter rektor i retten. Forlanger erstatning frå NHH etter varslingssak
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff