Meltzerprisen
«Stridbar skikkelse» får pris for formidling
Litteraturprofessor Erik Bjerck Hagen får Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Han har gjennom heile karrieren vore ei tydeleg stemme i norsk kulturliv, og ein tydelege representant for humaniora og litteraturvitskapen, meiner juryen. Prisen for framifrå forskingsformidling frå Meltzerfondet går til professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB) Erik Bjerck Hagen.
Meltzerprisen for formidling er sidan 1996 blitt delt ut årleg til forskarar og formidlarar ved UiB. Blant dei tidlegare vinnarane er Terje Tvedt, Jostein Gripsrud, Frank Aarebrot og Kikki Kleiven.
Samstundes med formidlingsprisen tildeler fondet pris til framifrå yngre forskarar. I år går den til Laura Sætveit Miles ved Det humanistiske fakultet og Salwa Suliman ved Det medisinske fakultet.
Sætveit Miles er utdanna litteraturkritikar ved Yale University i USA og forskar ifølgje UiB på religiøs kultur og litteratur i middelalderen med ei tverrfagleg tilnærming.
Suliman er opphavleg frå Sudan og utdanna tannlege ved Universitetet i Khartoum før ho kom til UiB på kvoteprogrammet i 2010 og tok doktorgraden. Ho har sidan utmerka seg som forskar på høgt nivå nasjonalt og internasjonalt.
Om Bjerck Hagen seier juryen at han har «utmerket seg som en stridbar skikkelse i norsk litterær offentlighet, og har ikke gått av veien for å utfordre etablerte forestillinger og holdninger – noe som kanskje kom tydeligst til syne i hans faghistoriske bok Kampen om litteraturen (2012), og ikke minst i den påfølgende debatten omkring denne». Juryen legg vekt på Hagens evne og vilje til formidling utanfor fagkrinsen og «for å utfordre etablerte forestillinger og holdninger».
Prisane, som alle er på 150 000 kroner, blir delt ut i Bergen 8. mars.
Nyeste artikler
Høflighetsstriden ved USN: — Lite gjennomtenkt og «litt hjelpeløst»
Konkurransedirektøren blir NHH-professor igjen
Sammen om kunnskapsutviklingen
Ingen vil utfordre Kvalbein
Har lagt om studietilbudet så mye at det tilsvarer 12-14 bachelorprogram
Mest lest
Ansatte reagerer på krav om høflighet på jobben i Sørøst
Øyvind Eikrem har fått se mappen sin: NTNU og PST har hatt kontakt siden 2014
Vil legge om doktorgradsutdanninger
Snart kan ingen lære norske elever fremmedspråk
Meiner NTNU-rektor må forklare seg om kontakt med PST. — Stalinistisk