Svein Erik Tuastad var ein av dei som var kritiske til dei budsjettendringane leiinga ved Univeristetet i Stavanger vil gjennomføra. Foto: Skjermdump frå møtet

Stor budsjetturo i Stavanger

Økonomi. Universitetet i Stavanger har dårlegare økonomi enn før, og flyttar pengar frå fakulteta til sentralt hald. Rektor Klaus Mohn innrømmer at tiltaket er kontroversielt.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Som ledd i sikring av strategisk handlingsrom på overordnet nivå, godkjenner styret forslag til endring fra 88/12 % til 80/20 % i intern fordelingsnøkkel for tilbakeføring av indirekte kostnader (overheadinntekter) til fagenheter og sentralt UiS-nivå».

Det heiter det i vedtaket Universitetet i Stavanger (UiS) torsdag fatta i saka om budsjett for 2020. Men vedtaket vart ikkje fatta utan debatt, og heller ikkje utan tillegg.

FAKTA

ABE-reformen

Regjeringen innførte avbyråkratiserings- og effektiviseringsreformen i 2015.

Reformen fordrer at alle statlige virksomheter gjennomfører tiltak for å bli mer effektive.

For universitets- og høgskolesektoren vil dette utgjøre totalt sett drøyt 1,27 milliarder kroner akkumulert totalt sett, hvis kuttet videreføres også i statsbudsjettet for 2020

Årlig kutt som følge av ABE-reformen har variert mellom 0,5 prosent og 0,8 prosent av bevilgning.

UiS reknar med at framtida vert økonomisk trongare enn det ein har vore vane med. Dette skuldast mellom anna nedgang i studenttal, for låg gjennomstrøyming og at det er krevjande å vinna fram i konkurransen om eksterne forskingsmidlar. Men dette fører også til at det må gjerast nokre grep. Det forslaget styret skulle ta stilling til, innebar at midlar skal flyttast frå fakulteta og over til sentralt nivå.

— Dette gjer me for å få strategisk handlingsrom, sa John Vilflot, som er direktør for Avdeling for virksomhetsstyring og utvikling.

Har tilsett ny prorektor

— Eg er uroa for at det no skjer ei tapping av kjerneoppgåvene og av fakulteta, som tek for stor del av byrda i avbyråkratiseringskutta. Nokon må finansiera ein sterkare sentraladministrasjon. No har me nesten Noregsrekord med direktørar på alle avdelingar. Er det det me vil, spurte Svein Erik Tuastad.

Han representerer dei vitskapeleg tilsette.

Tuastad peika på at universitetet nyleg har tilsett ein ny prorektor for innovasjon. I førre styremøte vedtok styret å etablera ei innovasjonsavdeling under denne prorektoren.

Under tre prosent auke

Tuastad fekk støtte frå fleire andre i styret.

— Me får eit stadig større direktørnivå. Dette må vera eit unntaksvedtak for at det skal vera akseptabelt, sa Kolbjørn Kallesten Brønnick.

Han representerer òg dei vitskapeleg tilsette.

No har me nesten noregsrekord med direktør på alle avdelingar.

Svein Erik Tuastad

Eksild Holm Nielsen er ekstern styrerepresentant. Han peika på noko av det same som Tuastad og Brønnick.

— Det er viktig at auken i postane til til dømes bibliotek og fellestenester er på same nivå som for fakulteta. Dette er eit sentralt prinsipp, sa Nielsen.

I neste års budsjett for UiS er det lagt opp til at potten til sentrale fellestenester aukar med 5,9 prosent og universitetsbiblioteket med 6,5. Fleire av dei faglege einingane får ein auke som er under tre prosent.

60 millionar i kutt

Forslaget om å la ein større del av potten gå til sentralt hald er kontroveriselt, innrømde rektor Klaus Mohn, sjølv om både han og Vilflot understreka at mykje av pengane vert delte ut att til fakulteta gjennom strategiske satsingar. Det er 12 millionar kroner som er flytta frå fakulteta. Totalt er UiS sitt budsjett på 1,729 milliardar kroner.

Dei siste åra har det statlege avbyråkratiseringskuttet samla vore på 60 millionar kroner for UiS sin del.

— Kontroversielt, seier rektor Klaus Mohn om forslaget til budsjett. Foto: Siri Øverland Eriksen

— Meir enn eit nytt helsebygg, sa Vilflot tørt, og informerte om at berre for neste år er kuttet på 8,2 millionar.

Janne Johnsen er ekstern representant i styret. Ho bad om at det vart teke omsyn til studentinkubatoren LevelUp.

— Det er mange område som ropar etter ressursar. Me har prøvd å fordela misnøya, skapa balanse og fordela smerta, sa rektor Mohn.

— Eg ber dykk om å vurdera heilskapen.

Det er dekanane som får store deler av kuttet i fanget, og forslaget til budsjett har vore drøfta med dekangruppa.

Me har prøvd å fordela misnøya, skapa balanse og fordela smerta.

Klaus Mohn

— Ingen likar at handlingsrommet vert kutta. Det er klart at dette er upopulært, men ikkje eintydig upopulært, sa Mohn.

Kostnadane må flata ut

Styret vedtok forslaget til budsjett, men la inn 600 000 kroner til studentinkubatoren, slik Johnsen føreslo. Dei vedtok òg at den interne fordelingsnøkkelen skal vurderast på nytt før budsjettet for 2021 skal verta vedteke, og dei vedtok at kostnadane i dei sentrale fellestenestene flatar ut.

I same møte brukte styret mykje tid på å diskutera strategi. Strategiprosessen er i gang, og ny strategi skal etter planen verta vedteken i styret mot slutten av 2020.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS