Avkolonialisering

Statue av imperialisten Cecil Rhodes får likevel stå ved Oxford-universitet

Demonstrasjonar, granskingskommisjon, politisk press og eit styre som ville fjerne statuen. Cecil Rhodes får likevel stå ved Oriel College.

Meir enn tusen menneske demonstrerte i juni fjor med krav om å fjerne statuen av Cecil Rhodes ved Oxford-universitetet. Ein kommisjon vart sett i arbeid for å finne ut korleis det kunne gjerast. No er det bestemt at statuen får stå.
Publisert

Det er snart eit år sidan styret ved Oriel College, som er ein del av University of Oxford i Storbritannia, slo fast at dei ønskte at statuen skulle bort.

Bakgrunnen, som Khrono tidlegare har fortalt om, var langvarig press frå studentar, tilsette og lokale politikarar om å fjerne statuen.

No har leiinga ved Oriel College bestemt at dette likevel ikkje kjem til å skje, melder BBC og fleire andre britiske media.

For dyrt, for komplisert

Ein granskingskommisjon har vore i arbeid for å løyse utfordringar knytt til å fjerne statuen av Cecil Rhodes, den berømte imperialisten og nøkkelfiguren i den britiske kolonialismen.

No konkluderer kommisjonen at han blir ståande på sin prominente plass ved det berømte colleget. Rhodes testamenterte i 1902 ein større del av formuen sin til læresetet, der han sjølv hadde vore student.

Ifølgje kommisjonen blir det for komplisert og dyrt å flytte på Rhodes:

«I lys av dei vesentlege vanskane knytt til forflytting, har styret ved Oriel bestemt seg for å ikkje setje i gang den juridiske prosessen for å re-lokalisere minnesmerket», heiter det frå styret.

I staden vil arbeidet med å følgje opp andre anbefalingar frå rapporten starte. Desse dreier seg om å «kontekstualisere forholdet mellom colleget og Rhodes, i tillegg til å forbetre utdanningskvalitet, mangfald og inkludering blant student-kohorten og det akademiske fellesskapet».

Kravet om å fjerne statuen har eksistert heilt sidan 2015, då «Rhodes must fall»-kampanjen i Sør-Afrika førte til at ein statue av Cecil Rhodes ved University of Cape Town vart riven ned. «Rhodes must fall» spreidde seg raskt til andre land, og særleg til Storbritannia. Oriel College har tidlegare avvist å fjerne statuen.

Ros og kritikk

Kampanjen for å fjerne Rhodes-statuen i Oxford fekk fornya kraft i 2020 etter politidrapet på George Floyd i USA og Black Lives Matter-demonstrasjonane verda over i fjor. Fleire statuer vart i denne perioden kravd fjerna, blant dei statuar av Ludvig Holberg i Noreg. I Storbritannia vart statuen av slavehandlaren Edward Colson kasta i vatnet i Bristol. I Danmark fjerna ei gruppe aktivistar ved Kunstakademiet i København ein byste av Fredrik V og kasta den i hamnebassenget.

Kampanjen i Oxford fekk støtte frå eit fleirtal av lokalpolitikarane i byen, men fleire har også vore sterkt imot å fjerne Rhodes-statuen. Blant dei er kanslar ved universitetet, Chris Patten, som kalla kravet «hyklersk».

Avgjersla om å la Rhodes stå har fått ros, mellom anna frå dekanen ved colleget, ifølgje The Guardian. Andre er sterkt kritiske. Førsteamanuensis i afrikansk politikk ved Oxford, Simukai Chigudu, kallar meldinga og avgjersla frå Oriel College for «sjokkerande, og for å seie det rett ut, pinleg».

Powered by Labrador CMS