Dei to statsrådane Nikolai Astrup (H) og Iselin Nybø (V) hadde fleire bestillingar til univesiteta og høgskulane på UHR-konferansen. Foto: Siri Øverland Eriksen

Statsrådane rettar peikefinger mot rektorane — krev større satsing på IKT

IKT. Ordren frå statsrådane lyder som følgjer: Rektorane må auke talet studieplassar innan IKT, integrere IKT i alle utdanningsløp og bidra til revideringa av digitaliseringsstrategien for sektoren.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Større omstillingsevne og betre tilpassingsdyktigheit er det forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) og digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) krev av universiteta og høgskulane når dei no skal vri drifta i ei meir IKT-vennleg retning.

For påbodet kom utan lovnader om ekstra pengar for å klare omstillinga, heilt på tampen av Universitets- og høgskulerådet (UHR) sin årlege konferanse måndag.

Det er ingen tvil om at det finst to typar institusjonar: dei modige og dei døyande. De må vere dei modige for å dekke desse behova.

Nikolai Astrup

— Vi er avhengige av at de tek instruksjonar, men enn så lenge lovar det ikkje så godt, sa Nybø til heile rektorskaren, og gjorde eit poeng ut av at fleire av rektorane ikkje flytta seg framover i salen etter fleire oppmodingar om å gjere nettopp det.

— Eg har alltid sagt at jobben min dreier seg som å gjete kattar, slo Nybø fast.

Må løyse IKT-paradokset

Ikkje berre skal universiteta og høgskulane bli flinkare på klima og berekraft, dei skal også auke satsinga på IKT-kompetanse.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) under UHR-konferansen 2019. Foto: Siri Øverland Eriksen

Bestillinga frå dei to statsrådane var tredelt. For det første må universiteta og høgskulane utdanne mange fleire IKT-teknologar, men kanskje like viktig, tilpasse utdanningane slik at dei leverer det arbeidslivet etterspør.

— Vi må løyse IKT-paradokset. Vi har ei utfordring når arbeidsløysa blant dei med IKT-utdanning er høgare enn snittet for den generelt utdanna studenten. Korleis hamna vi der? spurte Nybø.

For det andre krev dei at IKT-kompetanse vert ein integrert del av alle utdanningsløp. Både i dei ordinære studieløpa, men også i etter- og vidareutdanning.

— Digitalisering vil prege alle samfunnsområde og det etiske perspektivet blir berre viktigare og viktigare med tanke på kunstig intelligens, sa Astrup.

Avslutningsvis inviterte Nybø alle institusjonane om å ta del i revideringa av digitaliseringsstrategien for sektoren. Saman med Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, skal regjeringa revidere strategien som kom i stand i 2017.

— Vi er opptekne av at vi må tenke vidare. Strategien var utarbeida med det grunnlaget vi hadde då vi laga den i 2017. Eg håper de blir med på revideringa, slik at den blir eit nyttig verktøy, sa Nybø.

Det kviler med andre ord eit stort ansvar på rektorane og deira universitet og høgskular, ifølgje digitaliseringsministeren, Nikolai Astrup. Foto: Siri Øverland Eriksen

Stort ansvar

Det kviler med andre ord eit stort ansvar på rektorane og deira universitet og høgskular, ifølgje digitaliseringsministeren.

— De er autonome og har ansvar for å dimensjonere studieplassar og tilbod etter behov. De kan ikkje belage dykk på at det berre skal kome nye pengar frå Iselin (Nybø, journ. anm.). Dette handlar om omstilling, sa Astrup i klar tale. Han la til:

— Det er ingen tvil om at det finst to typar institusjonar: dei modige og dei døyande. De må vere dei modige for å dekke desse behova.

Rektorskaren verka å ta ordren frå dei to statsrådane på alvor. Fleire kom med forslag om korleis dei felles skulle klare å løyse oppgåvene, men fleire uttrykte også bekymring overfor det ansvaret som no kvilar på deira skuldrar.

Motiverte, men ser også utfordringar

Rektor ved Høgskulen i Molde, Steinar Kristoffersen, meinte det var utfordrande at arbeidsgjevarar ikkje er så flinke å gi uttrykk for sine behov.

Steinar Kristoffersen er rektor ved Høgskulen i Molde. Bak han sit rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn. Foto: Siri Øverland Eriksen

— Næringslivet er flinke til å gi uttrykk for sine behov, men vi har ein stor offentleg sektor med fleire små kommuner, fylkeskommuner og helseføretak. Dei må på banen og vi må mobilisere dei for at dei skal få fram sine behov, sa Kristoffersen.

Forsking- og høgare utdanningsminister Nybø var tydeleg på at universiteta og høgskulane her treng hjelp.

— Vi må utfordre dei nye regionane som får ansvar for kompetansepolitikken. Vi må lage møteplassar for å finne ut av dette, sa Nybø.

Høgskulen i Innlandet har ikkje teknologiutdanningar, men har fag som også tek opp i seg IKT, ifølgje rektor Kathrine Skretting.

Ikkje la effektiviseringspresset bli så hardt at det blir vanskeleg for oss å realisere det de etterspør.

Curt Rice

— Det er viktig å sette i gang arbeidet med å få inn IKT i andre typer studium også. Men vi må lære av kvarandre, for arbeidsdeling er her veldig viktig. Vi bør vurdere korleis vi kan bruke universitets- og høgskulerådet til dette, sa Skretting.

Også rektoren ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo, Ole Gustavsen, var oppteken av at ein burde snakke meir og betre om arbeid- og omfordeling internt i sektoren.

— Må lære opp dei tilsette de har

Rektor ved OsloMet, Curt Rice, meinte det var viktig at statsrådane heldt oppe presset på institusjonane, likevel hadde han ei klar oppmoding tilbake:

— Ikkje la effektiviseringspresset bli så hardt at det blir vanskeleg for oss å realisere det de etterspør, sa Rice.

Berit Rokne, rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Siri Øverland Eriksen

Både rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne, og rektorkollega ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, løfta problemstillinga om profilen kring dei fagleg tilsette rundt omkring.

— IKT i utdanningane er kjempeviktig, men dette dreier seg også om profilen vi har på våre tilsette, det er ikkje alle som er like gode på IKT, sa Rokne.

— Dersom vi skal snu oss raskt og omprioritere, kva skal vi gjere med dei som sit på stillingar i til dømes kjemi og sosialøkonomi? Skal vi seie dei opp? spurte Olsen.

Svaret var tydeleg frå statsråd Nybø.

— De må ikkje tilsette nye, men du må lære opp dei folka du har i IKT og korleis dei vidare skal lære det vekk til sine studentar. Det er ei utfordring og det er stort mangfald blant tilsette, men de må bruke dei de allereie har, sa Nybø. Ho la til:

— Eg forstår at dette ikkje skjer i morgon, men vi må jobbe målretta med dette.

NSO skuffa over rektorane

Etter å ha høyrt meiningsutvekslinga mellom dei to statsrådane og rektorane, var den umiddelbare reaksjonen frå Norsk studentorganisasjon (NSO) som også sat på tilhøyrarbenken, at dette var skuffande.

— Vi er skuffa over rektorane våre. Det er mykje prat om korleis dei skal løyse dette med IKT, men ingen prat om korleis dei skal få studentane som allereie er inne gjennom studieløpet, sa Marte Øien, leiar i NSO til Khrono. Ho la til:

— Eg vil utfordre rektorane på å ikkje berre snakke om omfanget, men også å snakke om gjennomføringa til studentane og kva slags tiltak som krevst for å auke gjennomføringsgraden i høgare utdanning.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS