I Nord-Noreg er betydeleg fleire av lærarane ufaglærde enn i resten av landet. Derfor tar vi grep for å få fleire kvalifiserte lærarar i regionen, seier statsråd Torbjørn Røe isaksen.
I Nord-Noreg er betydeleg fleire av lærarane ufaglærde enn i resten av landet. Derfor tar vi grep for å få fleire kvalifiserte lærarar i regionen, seier statsråd Torbjørn Røe isaksen.

Strakstiltak for å få fleire lærarar i nord

Regjeringa foreslår to nye ordningar som skal gjere det attraktivt å bli lærar. Ordninga blir mest attraktiv for dei lengst nord, som kan få kutta studielånet sitt med 45.000 kroner i året. Rektor Bjørn Olsen ved Nord universitet i Bodø reagerer.

Publisert Oppdatert

Berre i Finnmark trengst det 700 nye lærarar dei neste ti åra. I heile Nord-Norge 4.000. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var på Nord-Norge-turné i mars i år for å finne ut korleis ein kan få det til. Og i revidert statsbudsjett som blei lagt fram torsdag kom eit nytt strakstiltak for å avhjelpe lærarmangelen i Nord-Norge.

Les også: Må ha 4000 nye lærere i nord

Prorektor ved UiT Norges arktiske universitet er nøgd, mens Norsk studentorganisasjon meiner det er feil prioritering av pengar i kunnskapssektoren. Rektor Bjørn Olsen ved Nord universitet er skuffa: 

— Vi jobbar saman om å møte lærarmangelen i Nord-Norge. Då burde strakstiltaka til regjeringa gjelde heile Nord-Norge og ikkje berre Finnmark og delar av Nord-Troms, seier Olsen til Khrono.

Regjeringa foreslår å innføre to nye ordningar som skal auke delen av lærarane i skolen som er kvalifiserte, og gjere det meir attraktivt å bli lærar. 

Dette er ei feilprioritering av pengane.

Marianne Andenæs

Strakstiltak lengst nord

— Dette er eit strakstiltak. I Nord-Noreg er  betydeleg fleire av lærarane ufaglærde enn i resten av landet. Derfor tar vi grep for å få fleire kvalifiserte lærarar i regionen. Dyktige lærarar er det som har mest å seie for kor mykje elevane lærer, seier Røe Isaksen.   

(Wenche Jakobsen, prorektor UiT Norges arktiske universitet. Foto: Skjalg Bøhmer Vold)

Den eine ordninga er eit strakstiltak for Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms. Med denne ordninga kan kvalifiserte grunnskolelærarar få sletta 20 000 kroner av studielånet kvart år dei arbeidar i ein skole i regionen. Det kjem i tillegg til den summen alle yrkesaktive i tiltakssona har får ettergitt. Dermed vil kvalifiserte lærarar kunne få inntil 45 000 kroner av studielånet sletta per år. Ordninga skal vare fram til 2022. 

Får dekt halve studielånet

Den andre ordninga vil dekke opptil 160 000 kroner av studielånet til nye lærarar, tilsvarande halve lånet. Ordninga skal gjelde for dei som byrjar på lærarutdanninga hausten 2017 eller seinare, og som jobbar som lærar i minst tre år etter at dei er ferdige med utdanninga. Ordninga vil gje mest til dei som jobbar i Nordland, Troms eller Finnmark etter at dei har fullført.

Regjeringa foreslår ei tredelt ordning: 

1)     Studentar som fullfører femårig lærarutdanning på normert tid, vil få sletta om lag 50 000 kroner.

2)     Studentar som tar lærarutdanning for 1.-7.trinn på normert tid, vil i tillegg få sletta om lag 55 000 kroner.

3)     Studentar som fullfører femårig lærarutdanning og tar jobb i Nordland, Troms eller Finnmark, får i tillegg sletta om lag 55 000 kroner.

– Vi håper fleire vil bli lærarar. Særleg treng vi mange dyktige lærarar til dei yngste elevane. Som lærar i 1. til 7. klasse hjelper du elevane med å knekke lese- og reknekoden. Du er også med på å forme framtida deira, seier Røe Isaksen. 

Misnøgde studentar

— Dette har vore varsla tidlegare, og vi seier framleis som vi har sagt før: Dette er ei feilprioritering av pengane. Både fordi vi ikkje ønsker at økonomiske insentiver skal drive studieval, men også fordi at studentar er avhengige av deltidsjobb ved siden av studiene blir det feil å prioritere enkelttiltak heller enn å heve heile studiestøtta, seier leiar i Norsk studentorganisasjon, Marianne Andenæs.

Prorektor Wenche Jakobsen ved UiT Norges arktiske universitet er svært nøgd med dei konkrete tiltaka frå Isaksen. 

— Det er fint at ein set fokus på lærarmangel og seier at lærarane er viktige. Det gir merksemd og status, seier ho og legg til: 

— Tiltaket med auka nedskriving av studielån er positivt og viktig  på mange måter, også når det gjeld dei ufaglærte lærarane som Nord-Norge ha veldig mange av, seier Jakobsen.

Les også: Bra effekt for kampanje for lærerutdanning i nord

— For UiT har vore bekymra for lærarmangel og frykta at de ikkje kunne utdanne nok lærarar for framtida? 

— Ja, vi har vore det. Men no, ved den siste søkerunden i vår fekk vi ei stor auke - på alle lærarutdanningane våre. Viss alle er kvalifiserte så har vi fleire søkarar enn plassar på alle utdanningane. Men det endelege resultatet veit vi ikkje før i juli, om karaktersnittet er der det skal vere for eksempel, sier prorektoren ved det nordligste universitetet i Norge.  

Meir opplæring på Andøya om verdsrommet

Regjeringa vil også auke løyvinga til Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) på Andøya med 6,6 millionar kroner. Dermed får senteret til saman 15 millionar kroner i 2017. 

– Senteret er ein viktig aktør i satsingane regjeringa har på realfag, på verdsrommet og på nordområda. Meir aktivitet ved NAROM vil gje ny framtidsretta kunnskap og fleire arbeidsplassar, seier Røe Isaksen. 

Meir forsking i Bodø

Regjeringa vil også auke løyvinga til Nord universitet med 4 millionar kroner.

– Vi vil styrke Nordområdesenterets arbeid med forsking, utdanning og formidling. Gjennom arbeidet sitt bidrar senteret til innovasjon og nyskaping i regionen, seier Røe Isaksen.

Rektor ved Nord universitet, Bjørn Olsen, meiner dette er ein grei start. 

— Det er bra med ekstra løyving til senteret, men eg tar for gitt at dei fire millionane er ei halvårseffekt slik at det blir 8 millionar til slutt, seier han.
  
Regjeringas satsing på Nordområdesenteret starta i 2015 da det ble innlemma i universitetet. Frå 2016 fekk universitetet 5,1 millionar kroner årleg til senteret. 

– Vi skaper morgondagens jobbar gjennom satsing på kunnskap og forsking. Vi vil ha ein skole der elevane lærer enda meir av dyktige lærarar, og ein utdannings- og forskingssektor i verdsklasse, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Les om heilskapen: Aasen: Isaksen allergisk mot nye studieplasser

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!