internasjonalisering
Stansar program for samarbeid med land utanfor Europa. — Svært uheldig
Utlysing av 175 millionar til samarbeid og studentutveksling med land i Asia, Afrika og Latin-Amerika blir lagt på is.
Utlysinga gjennom Partnarskapsprogram for globalt samarbeid (Norpart) er fjerna og utsett til våren 2024, er meldinga i brev som er sendt norske universitet og høgskular frå HK-dir. (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse), som administrerer programmet.
Grunnen til utsetjinga, står det ingenting om. Det provoserer mellom andre rektor ved Universitet i Oslo (UiO), Svein Stølen.
— Dette er å dille med folks arbeidstid. Det blir lagt ned ein stor arbeidsinnsats i søknadene. Vi har eit krav på å vite kvifor dette skjer, seier han til Khrono.
Han får følgje av rektorkollega ved Universitetet i Bergen (UiB), Margareth Hagen:
— Det er svært uheldig at dette skjer heilt utan dialog på førehand. Det kom veldig brått på. Mange har allereie investert tid i søknadsarbeidet, seier ho.
Norpart-programmet er oppretta for å støtte langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utvalde partnarland i det globale sør, det vil seie land i Asia, Afrika og Latin-Amerika.
— Uklar budsjettsituasjon
Utlysinga har vore tilgjengeleg på HK-dir. sine nettsider inntil nyleg, men er no fjerna. Søknadsfristen var opphavleg 20. september.
Avdelingsdirektør i HK-dir, Ragnhild Tungesvik, seier avgjersla om å legge programmet på is er tatt i nært samarbeid med Kunnskapsdepartementet.
— Eg kan ikkje seie meir om dette enn at det er ein uklar budsjettsituasjon som ligg til grunn for avgjersla no, seier Tungesvik.
På spørsmål om utsiktene for ny utlysing våren 2024 svarer ho:
— Dette vil vi ikkje vite meir om før statsbudsjettet blir lagt fram i oktober og seinare vedtatt i Stortinget.
Rådet frå HK-dir er no at dei som er i gang med søknader legg dei bort inntil vidare.
Fryktar nedbygging
Både ved
Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen er det uro for at utsetjinga av
utlysinga i Norpart-programmet eit nytt steg på vegen mot det som blir oppfatta
som ei nedbygging av internasjonalt samarbeid frå regjeringa si side.
«Nok et signal på at internasjonal solidaritet ikke prioriteres av regjeringen», skriv UiO-rektor på Twitter.
— Vi er i ein situasjon der internasjonalt samarbeid ser ut til å få lågare prioritet. Tyngdepunktet i alle politiske diskusjonar er på det nasjonale, seier Stølen.
Han viser mellom anna til at regjeringa nyleg innførte studieavgift — til store protestar frå universitet og høgskular — som berre skal gjelde for dei som kjem frå land utanfor Europa.
— Det er kritisk, no når det ikkje er på plass stipendordningar for studentar frå det globale sør. Eg meiner det er å gå i feil retning å redusere internasjonalt nord/sør-samarbeid. For mellom anna å møte berekraftsutfordringane, er vi heilt avhengig av sterke institusjonar i sør. Elles når vi heller ikkje måla her heime, seier Stølen.
UiB-rektor, Margareth Hagen, viser til at universitetet har lange tradisjonar for globalt engasjement. UiB har også fleire prosjekt støtta av Norpart-programmet.
— Eg håpar og trur at det er snakk om ei justering, og at det berre er snakk om ei kortvarig utsetjing. Men det er klart at dette skaper uvisse og uro.
Tre tildelingar
I utlysinga til Norpart låg det 145 millionar kroner i potten til prosjektsamarbeid. I tillegg skulle det løyvast 30 millionar til mastergradsstipend for studentar frå partnarinstitusjonar i det globale sør. Tidlegare tildelingsrundar har vore i 2016, 2018 og 2021.
I 2021 var 46 prosjekt i 24 land i gang med støtte frå programmet.
Norpart-programmet vart innført av regjeringa Solberg i 2016 og avløyste den tidlegare kvoteordninga for studentar frå utviklingsland, som hadde eksistert sidan 1994. I 2013 konkluderte ein evalueringsrapport med at utviklingsgevinsten av kvoteordninga var god. Derimot var internasjonaliseringsgevinsten for Noreg mindre god, ifølgje rapporten.
Parallelt med opprettinga av Norpart i 2016 kanaliserte regjeringa ein større andel av pengane til Panorama-satsinga, der Brasil, Russland, India, Sør-Afrika og Kina skulle ha prioritet i det internasjonale samarbeidet utanfor EU.
Nyeste artikler
Savner arvtaker etter Odd Nerdrum: — Veldig synd at KHiO ikke har en linje for figurativ kunst
Vil hjem til Gaza når de har fullført medisinutdanningen.— Vi gir aldri opp
Bli din egen chatbot
Dette kan universiteter og høgskoler vente seg i 2025
Anklager universiteter og høgskoler for brudd på opphavsretten og ulovlige retningslinjer
Mest lest
«Ingen» studentar veit kven han er: — Dette er for dårleg
Varslere står fram med alvorlige anklager mot Tromsø-professor
LO vil ha bachelor, master og ph.d. på fagskoler. — Skaper forvirring
Få registrerer biarbeid. Nå skjerpes reglene
Har hatt 24 styremøte i løpet av eitt år: — Dei kjem seg ikkje opp av grøfta