Debatt ● Gunnar Aarstein
Stå løpet ut, Borten Moe!
Regjeringa må fullføre jobben med å gjere Campus Nesna om til nasjonalt senter for distriktsretta utdanning og forsking, slik dei har forplikta seg til i Hurdalsplattforma, meiner Gunnar Aarstein i Landslaget for nærmiljøskolen.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Opprøret på Helgeland greidde, med støtte frå Senterpartiet i ny regjering, å snu Nord universitet sitt vedtak om å legge ned hundre år med lærarutdanning på Nesna. Det står det respekt av! I tillegg skulle Campus Nesna gjerast om til nasjonalt senter for distriktsretta utdanning og forsking, med oppstart vinteren 2022. Det siste har enno ikkje skjedd. No må regjeringa fullføre jobben, slik dei har forplikta seg til i Hurdalsplattforma.
Nord universitet er i gang med «Utviklingsprosjekt Nesna 2022 - 2023». Men mandatet seier at «prosjektet skal ikke jobbe med nasjonalt senter for utdanning og forsking, som KD har ansvaret for»! Og frå Kunnskapsdepartementet er det førebels stille. Det uroar Landslaget for nærmiljøskolen. Det uroar også dei mange distriktskommunane, som i desse dagane slit verre enn før med å tilsette lærarar med undervisningskompetanse til å fylle krava i skolen. Førre regjeringa la nemleg om lærarutdanninga slik at lærarar går ut i skolen med undervisningskompetanse heilt ned i to fag. Utdanninga er dermed blitt mindre egna for store skolar og ubrukeleg for dei små. I Nordland har halvparten av skolane færre enn 100 elevar.
21. mars heldt Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland ny utdanningspolitisk konferanse på Campus Nesna. Der blei behovet for breiare fagopplæring i lærarutdanninga framheva, frå skoleleiarar, Utdanningsforbundet, tidlegare rektor på Nesna, Nord universitet og frå oss i Landslaget for nærmiljøskolen. Det same påpeikte, i ein artikkel i universitetsavisa Khrono 18. mars, Peder Haug, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Asle Holthe, dekan ved Fakultetet for lærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet, og Karl Jan Solstad, tidlegare skoledirektør i Nordland.
Å bygge gode relasjonar til elevane er ein viktig føresetnad for at læraren skal lukkast i jobben. Det blir ikkje lett nå ho på ein stor skole må bytte klasse mellom 60 elevar kvar dag, noko som må til for å gje henne full stilling innafor eigne fagfelt. Dagens lærarutdanning inneber i tillegg ei dramatisk kunnskapssenking for skolane i distriktet, som må ta til takke med ukvalifiserte lærarar i fleire fag enn før.
I tillegg til å kvalifisere studentane til undervisning i fleire fag, må ei distriktsretta lærarutdanning gje kompetanse på:
- Kunnskap om nærmiljøet som ressurs for læring: Opplæringa bør knytast saman med det
nærmiljøet som elevane veks opp i. Kunnskap om korleis det nære samfunnet kan
innarbeidast i læreplanar og den daglege undervisninga er spesielt viktig for
at ikkje fellesskolen skal bli livsfjern for elevane. I alle nærmiljø finst
rikeleg av læringskjelder og i ei oversiktleg bygd er dei lett tilgjengelege.
- Kunnskap om utarbeiding av rullerande fagplanar for
fleire årskull: På ein liten skole
vil det gå fleire årskull i same klasse, då bør det i så mange fag som mogleg
utarbeidast rullerande fagplanar. I fag som ikkje er reine progresjonsfag ligg
det godt til rette for det. Men også i fag som matematikk og språkfag vil det
vere mange felles tema i ulike årsplanar og desse bør leggjast på same tid.
- Kunnskap
om aldersblanding: At aldersblanding er
ein ressurs og ikkje eit problem er det viktig å ha innsikt i. Professor
Edvard Befring seier det slik: «Aldersblanding framstår som eit personleg
utviklande og holdningsskapande pedagogisk bidrag for dei eldste, og som ein
tryggleiksskapande og identifiserande ressurs for dei yngste.»
Kjære statsråd: Miljøet på Nesna, med hundre års erfaring i distriktsretta lærarutdanning, er i gang med planar for det nasjonale senteret. LUFS hjelper gjerne til. No ventar vi at du og departementet ditt trør til!