Debatt marta eide og korbinian bösl

Slik kan Forskingsrådet sørge for meir deling av forskingsdata

Senter for digitalt liv Norge foreslår tre konkrete tiltak Forskingsrådet kan setje i verk for å fremje god deling av forskingsdata, og som vil gje norsk forsking eit massivt fortrinn.

Erfaringar frå SARS-CoV2-pandemien har gjort det tydeleg at deling av forskingsdata er eit tema som lenge har vore prega av gode intensjonar, men lite konkret oppfylgjing, skriv Marta Eide og Korbinian Bösl i svarinnlegg til adm.dir i Forskningsrådet, Mari Sundli Tveit ( på biletet)
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

DELING AV DATA| Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet, skreiv nyleg i Khrono at dei jobbar med å utvikle verkemidla deira for å fremje open deling av data. Erfaringar frå SARS-CoV2-pandemien har gjort det tydeleg at deling av forskingsdata er eit tema som lenge har vore prega av gode intensjonar, men lite konkret oppfylgjing. Tveit nemner blant anna eit eige utval som vil anbefale nasjonale retningslinjer om bruk av lisensar i framtida. Dette er eit skritt i rett retning, men me saknar også fleire tiltak frå Forskingsrådet si side.

Fakta

Senter for digitalt liv Norge

  • Senter for digitalt liv Norge er eit initiativ frå Forskingsrådet for å fremje og legge til rette for forsking, utdanning og innovasjon innan digital bioteknologi.
  • I dag er over 30 forskingsprosjekt knytt til senteret.
  • Senteret tilbyr rådgjeving og tilrettelegging innan datahandtering, innovasjon og kommersialisering, ansvarleg forsking og innovasjon (eng.: «responsible research and innovation», RRI) og samarbeid mellom ulike fagfelt og karriereutvikling.

Kostas Glinos, leiar av EU-kommisjonens eining for open forsking, meiner at den skuffande mangelen på deling av forskingsdata kjem av det ikkje fins gode insentiv og påskjøningssystem. Han meiner vidare at krav frå finansieringssystemet åleine ikkje vil vere ei bærekraftig løysing på problemet. Dette er me einig i, men me trur at nokre krav kan hjelpe forskingsmiljøa å komme i gang.

Me meiner difor at dei fylgjande forslaga vil utgjere ei stor endring for deling av forskingsdata i Norge:

  1. Ein datahandteringsplan bør ligge føre allereie ved prosjektsøknaden til Forskingsrådet. Etter dagens anbefalingar er det ikkje krav om denne før ved avtaleinngåing, og då er det ofte for seint å gjere gode prioriteringar. Planen bør også inngå i søknadsevalueringa og bli vurdert av ekspertar innan datahandtering.
  2. Me tilrår at minst 5 prosent av prosjektmidlane skal setjast av til datahandtering, særleg innan forsking som produserer og nyttar store mengder data. Dette har vi også tidlegare sett søkjelyset på.
  3. Infrastruktur for forskingsdatahandtering bør samkjørast og styrkast på nasjonalt og internasjonalt nivå. E-infrastrukturane må være opne for både forskingsinstitusjonar og industri, og tilgang til gode verktøy kan ikkje vere avgrensa til dei få store aktørane. Slik Tveit også nemner er me i tillegg nøydd å kople oss på i internasjonale arenaer (t.d. European Strategy Forum on Research Infrastructures - ESFRIs og European Open Science Cloud - EOSC). Desse tiltaka er i tråd med anbefalingane frå evalueringa av NFR finansieringsprogrammet INFRASTRUKTUR og behovsanalysen om forskingsdatahandtering initiert av BioMedData for 11 infrastrukturar innan livsvitenskap.
LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Me meiner at ei rask realisering av effektive insentiv og infrastruktur for forskingsdatahandtering vil gje norsk forsking eit massivt fortrinn, både innan grunnforsking og i konkurransen om finansiering frå den europeiske arenaen. Til dømes er der i Horizon Europa forventa fleire krav til god handtering av forskingsdata enn i tidlegare program, og her er Norge tent med å ligge i front.

Powered by Labrador CMS