Debatt ● marta eide og korbinian bösl
Slik kan Forskingsrådet sørge for meir deling av forskingsdata
Senter for digitalt liv Norge foreslår tre konkrete tiltak Forskingsrådet kan setje i verk for å fremje god deling av forskingsdata, og som vil gje norsk forsking eit massivt fortrinn.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
DELING AV DATA| Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet, skreiv nyleg i Khrono at dei jobbar med å utvikle verkemidla deira for å fremje open deling av data. Erfaringar frå SARS-CoV2-pandemien har gjort det tydeleg at deling av forskingsdata er eit tema som lenge har vore prega av gode intensjonar, men lite konkret oppfylgjing. Tveit nemner blant anna eit eige utval som vil anbefale nasjonale retningslinjer om bruk av lisensar i framtida. Dette er eit skritt i rett retning, men me saknar også fleire tiltak frå Forskingsrådet si side.
Kostas Glinos, leiar av EU-kommisjonens eining for open forsking, meiner at den skuffande mangelen på deling av forskingsdata kjem av det ikkje fins gode insentiv og påskjøningssystem. Han meiner vidare at krav frå finansieringssystemet åleine ikkje vil vere ei bærekraftig løysing på problemet. Dette er me einig i, men me trur at nokre krav kan hjelpe forskingsmiljøa å komme i gang.
Me meiner difor at dei fylgjande forslaga vil utgjere ei stor endring for deling av forskingsdata i Norge:
- Ein datahandteringsplan bør ligge føre allereie ved prosjektsøknaden til Forskingsrådet. Etter dagens anbefalingar er det ikkje krav om denne før ved avtaleinngåing, og då er det ofte for seint å gjere gode prioriteringar. Planen bør også inngå i søknadsevalueringa og bli vurdert av ekspertar innan datahandtering.
- Me tilrår at minst 5 prosent av prosjektmidlane skal setjast av til datahandtering, særleg innan forsking som produserer og nyttar store mengder data. Dette har vi også tidlegare sett søkjelyset på.
- Infrastruktur for forskingsdatahandtering bør samkjørast og styrkast på nasjonalt og internasjonalt nivå. E-infrastrukturane må være opne for både forskingsinstitusjonar og industri, og tilgang til gode verktøy kan ikkje vere avgrensa til dei få store aktørane. Slik Tveit også nemner er me i tillegg nøydd å kople oss på i internasjonale arenaer (t.d. European Strategy Forum on Research Infrastructures - ESFRIs og European Open Science Cloud - EOSC). Desse tiltaka er i tråd med anbefalingane frå evalueringa av NFR finansieringsprogrammet INFRASTRUKTUR og behovsanalysen om forskingsdatahandtering initiert av BioMedData for 11 infrastrukturar innan livsvitenskap.
Me meiner at ei rask realisering av effektive insentiv og infrastruktur for forskingsdatahandtering vil gje norsk forsking eit massivt fortrinn, både innan grunnforsking og i konkurransen om finansiering frå den europeiske arenaen. Til dømes er der i Horizon Europa forventa fleire krav til god handtering av forskingsdata enn i tidlegare program, og her er Norge tent med å ligge i front.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Satte ny doktorgradsrekord i vår