Styremøte ved NTNU
Skulle snu kvar stein for to år sidan. Men NTNU si konflikthandtering er framleis på styret sitt bord
Styret vil følge opp at NTNU no tek lærdom av konfliktsaker. Slik forklarer avgått organisasjonsdirektør Roar Tobro korleis dei skal gjere det.
(Følg styremøtet ved NTNU direkte lenger ned i saka)
Hausten 2019 kom dåverande styreleiar ved NTNU, Svein Richard Brandtzæg, med sterk kritikk mot NTNU-leiinga si handtering av den opprivande arbeidsmiljøkonflikten ved tidlegare Institutt for historiske studiar.
Den gong svarte rektor Anne Borg slik på Brandtzæg sin kritikk:
— Kritikk av leiinga som heilskap er heilt på sin plass. Vi skal snu alle steinar og unngå at vi hamnar på eit slikt nivå igjen. Dette er eit ekstremt nivå, sa Borg.
Snudde dei kvar ein stein?
Likevel står det i forslag til årsmelding for 2021 frå dagens styre følgande, med blikk mot mellom anna Eikrem-saka, som låg på styret sitt bord i fjor:
«I 2021 har styret behandla fleire klagesaker om vedtak om avslutting av tilsetting. Slike saker er krevjande for styret. Styret vil følge opp at NTNU tar lærdom av slike saker, mellom anna i leiing og konflikthandtering. Føremålet er å hindre at det oppstår konfliktar i arbeidsmiljøet som eskalerer. Styret har initiert og behandla ei sak om medverking ved NTNU og det blir sett i gang tiltak på område der det er naudsynt».
Kva gjer at nok eit styre må påpeike NTNU-leiinga si konflikthandtering? Snudde dei kvar stein slik rektor Anne Borg sa dei skulle for to år sidan? Og kva skal gjerast for å konkret følge opp at NTNU tek lærdom?
Khrono har stilt spørsmåla til nyleg avgått, konstituert direktør for organisasjon og infrastruktur, Roar Tobro.
— Den erkjenninga må vi gjere
— Jo, det vart snudd steinar, men ein har kanskje sett meir på dei enkelte sakene. No er vi nøydde til å sjå dette over tid. Alle saker har forskjellig karakter, men det er noko med å løfte blikket og snakke tett om dette. Noko vi no ønskjer å gjere, seier Tobro. Han legg til:
— Vi har lært at vi må jobbe enda meir systematisk med desse tinga. Den erkjenninga må vi gjere.
Så allereie neste veke skal leiinga, hovudtillitsvalde og hovudverneomboda ha eit felles evaluerings- og læringsseminar om nettopp dette.
— Vi skal sjå på konfliktsakene vi har hatt sidan fusjonen i 2016, både dei som er kjende i media og saker som er blitt løyste. Vi skal sjå på korleis sakene har blitt handterte og dei verkemidla som er blitt brukte i desse sakene. Vi skal sjå på kva som fungerte og ikkje fungerte, seier Tobro.
Eit liknande seminar skal haldast for arbeidsmiljøutvalet i april, i første omgang.
— Her er vi utforskande i korleis vi finn dei rette erkjenningane og tiltaka som vi kan forsterke eller endre på, seier Tobro.
Årsmeldinga for styret skal opp til handsaming på styremøtet torsdag. Styreleiar Remi Eriksen ønskjer ikkje å uttale seg om innhaldet før saka er ferdig handsama av styret:
Forsterka samarbeid
Tobro har følgt tett med på arbeidet med å bygge opp igjen arbeidsmiljøet på dei to nye historiske institutta, Institutt for moderne samfunnshistorie og Institutt for historiske og klassiske studiar, ved NTNU.
— Her blir det gjort mykje bra og her er det mykje å lære for resten av NTNU, seier Tobro.
Ein av dei viktigaste lærdomane frå den mangårige konflikten der, er at ein er nøydd til å forsterke samarbeidet mellom leiarar, tillitsvalde og verneombod, forklarer Tobro.
Årsaka til at dei no inviterer sentrale tillitsvalde, hovudverneombod og leiinga inn til lærings- og evalueringsseminar, er nettopp for å forsterke denne dialogen.
— Veldig mykje av nøkkelen ligg her. Skal ein unngå at saker eskalerer og gripe fatt i dei når dei framleis er på frustrasjonsnivået, må ein sikre at dialogen mellom desse ledda er veldig tett, seier Tobro. Han legg til:
— Om ein ventar for lenge med å ta tak i konfliktsaker, aukar risikoen for at situasjonen låser seg. Det har vi sett fleire døme på. Det er ein stor fordel om konfliktar kan løysast tidleg der dei oppstår.
— Mindre avhengige av eksterne aktørar
I tillegg til dette er NTNU i gang med å sjå på organiseringa og den kompetansen dei har til å jobbe med konfliktsaker.
Avgått direktør Tobro kjem med ei erkjenning:
— Vi må styrke denne kompetansen intern og gjere oss mindre avhengige av eksterne aktørar, seier Tobro.
NTNU hyra inn ein omstridt advokat og «faktagranskar» då dei handterte konflikten ved tidlegare Institutt for historiske studiar. Den prosessen var det fleire som var sterkt kritiske til.
Ei faktaundersøking vart også gjort ved Institutt for sosial arbeid, der førsteamanuensis Øyvind Eikrem var tilknytt. Den vart gjennomført av interne krefter.
Likevel hyra NTNU også i denne saka inn ekstern bistand, i form av konsulentar som skulle hjelpe til med å søke gjennom Eikrem sine e-postar og data.
Styrka leiarstøtte
Vidare seier Tobro at dei jobbar med å få på plass betre leiarstøtte både sentralt og lokalt på fakultet og institutt.
— Vi må få på plass eit betre støtteapparat i oppfølging av konfliktsaker, seier Tobro.
Han seier også at dei no styrker leiaropplæringa kring konflikthandtering og at dei har jamlege konflikthandteringskurs også i verneombodslinja.
Formuleringane i årsmeldinga til styret er blant fleire saker som skal opp på styremøtet torsdag. Slik ser sakskartet ut:
Køyreplan for styremøtet:
Saker | Tid | Kl. |
NTNUs kvalitetsmelding for utdanning | 45 min | 10:00-10:45 |
Vedlikehold og utvikling av bygningsmassen | 25 min | 10:45-11:10 |
Studentombudets årsrapport | 15 min | 11:10-11:25 |
Utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet 2023-2026 | 40 min | 11:25-12:05 |
LUNSJ | 60 min | 12:05-13:05 |
Muntlig orientering fra Riksrevisjonen (i lukket møte) | 20 min | 13:05-13:25 |
Teknisk pause (Innslipp/klargjøring for strømming) | 10 min | 13:25-13:35 |
Årsrapport internrevisjon (Gaudernack deltar) | 15 min | 13:35-13:50 |
Årsrapport og årsregnskap 2021 | 40 min | 13:50-14:30 |
Evaluering av pandemihåndteringen ved NTNU | 20 min | 14:30-14:50 |
PAUSE | 10 min | 14:50-15:00 |
Arkivering og innsyn i opptak av styremøter | 20 min | 15:00-15:20 |
HMS-rapport | 20 min | 15:20-15:40 |
Rektors orienteringer: 1) Direktør for org. og infrastruktur, introduksjon v/Bjørn 2) Krigen i Ukraina, konsekvenser og tiltak v/NTNU v/Bjørn 3) Arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøkelse ARK v/Anne | 30 min | 15:40-16:10 |
Eventuelt | 15 min | 16:10-16:25 |
Protokoll (gjennomgang og godkjenning) | 5 min | 16:25-16:30 |
Evaluering av møtet | 30 min | 16:30-17:00 |