INTERNATIONAL BACCALAUREATE
Skisserer løysing for IB-elevane etter karakterrot
No må ein setje i verk plan B, meiner Høgre-politikar Turid Kristensen, etter at fleire IB-elevar har mista studieplassar i årets opptak.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Situasjonen er framleis uavklart for hundrevis av norske og internasjonale elevar som har fullført International Baccalaureate (IB) denne våren.
Fleire fortvilte elevar og foreldre har vore i dialog med Khrono og meiner at noko må skje.
Det er stortingsrepresentant for Høgre, Turid Kristensen heilt samd i.
— Eg synst denne saka er heilt hårreisande og det er grunnleggande feil at norske elevar skal få fastsett sine karakterar på noko anna grunnlag enn sine eigne ferdigheiter. Det er som om at ein skulle ha droppa å spele cupfinalen og i staden berre sjå på tidlegare resultat, seier Kristensen til Khrono.
Ho meiner det no er tid for å finne ei politisk løysing og har skissert ein plan som ho har delt med Kunnskapsdepartementet.
— Det er utan tvil IBO (International Baccalaureate Organization, journ. anm.) som har sett elevane i denne situasjonen og som har ansvaret for den urettferdigheita som dei er utsette for. Når IBO inntil no har vist liten vilje til å rydde opp, så meiner eg at vi må sjå på om vi kan finne ei politisk løysing, seier Kristensen.
Kom ikkje inn på første- eller andrevalet
For som følgje av koronapandemien, bestemte International Baccalaureate Organization (IBO), på same måte som dei norske vidaregåande skulane, å avlyse alle eksamenar.
Men måten IBO har valt å karaktersetje elevane sine har skapt overskrifter verda over.
Fleire elevar har opplevd at IBO sine utrekningar har gitt dei unormalt låge karakterar. Kanskje spesielt dei som har tatt realfag.
Dette har hatt fått svært uheldige konsekvensar for fleire av elevane som har søkt seg vidare til høgare utdanning, både i utlandet og i Noreg.
Etter at det norske opptaket vart klart i førre veke, viser det seg no at fleire ikkje har kome inn på verken første- eller andrevalet sitt.
Elevar og foreldre fortel Khrono om studiedraumar som har roke.
Blant dei er Alexander Linde Lossius som gjekk IB-linja ved Bergen katedralskule. Han gjekk frå eit førespegla resultat på 32 til å få 24 på IB-en med IBO sine utrekningar. Det gjorde at han fekk tilbod om studieplass på det han hadde ført opp som sitt tredjeval.
— Eg mangla 1.2 poeng i den norske utrekninga for å kome inn på førstevalet (tilsvarande 0.12 for låg karakter). Så eg har mista ein studieplass som eg ville fått dersom det ikkje var for korleis IB satt karakterane, skriv Lossius i ein e-post til Khrono.
Kunnskapsdepartementet og Datatilsynet ventar svar
Måten IBO har valt å setje «standpunktkarakter» på sine elevar tek nemleg utgangspunkt i elevane sine skriftlege oppgåver gjennom året, såkalla førespegla karakterar og skulekontekst.
Det er det siste vurderingspunktet som har skapt hovudbry og som fleire set spørsmålsteikn ved. Fleire oppfattar at IBO med skulekontekst brukar snittet til elevane i fjorårets kull som gjekk på same skule.
Over heile verda krev foreldre, elevar, skular og styresmakter svar på korleis IBO har kome fram til karakterane.
Kunnskapsdepartementet har bede om ei utgreiing, men har førebels ikkje fått svar. Khrono ventar på svar på korleis dei har tenkt å handtere situasjonen vidare.
Også Datatilsynet har bede IBO sjå nærare på korleis dei har etterlevd personvernregelverket.
«Vi peiker særleg på at karaktersettinga delvis baserer seg på historiske data om karakterane til tidlegare elevar. Dette kan føre til profilering fordi elevane blir satt i bås i staden for å bli vurdert på bakgrunn av deira individuelle prestasjonar», heiter det i ei pressemelding.
Datatilsynet hadde gitt IBO frist den 24. juli med å svare, men opplyser til Khrono at svarfristen er utsett til 31. juli, etter at IBO bad om utsetjing.
Skisserer mogleg løysing
Stortingsrepresentant Kristensen meiner det ikkje lenger er tid til å vente på svara frå IBO. Ho meiner ein må iverksetje plan B.
— No handlar det om å finne ei løysing som gjer at desse elevane ikkje får utsett studia sine med eitt år, seier Kristensen.
Ho meiner at det til årets opptak, i ein så spesiell situasjon, er mogleg å ramme inn eit unntak som gjer at heller ikkje andre elevar og søkarar blir urettferdig behandla som følgje av det.
Det finst allereie moglegheiter i forskrift om opptak til høgare utdanning for å løyse problemet, meiner Kristensen.
— Mi løysing er at ein gjer ei særskilt vurdering av desse elevane gjennom forskrifta sin paragraf 7-13, ved at ein ved årets opptak lét desse elevane konkurrere på dei førespegla karakterane og vurderingane på dei skriftelege oppgåvene. Dette ligg nærast opp mot den norske standpunktkarakteren, seier Kristensen.
Foreslår å opprette nye studieplassar
Ein føresetnad for Kristensen si løysing er at ingen av dei som allereie har blitt tatt opp til ulike studium — og som kan ha fått ein plass som etter nye vurderingar, kunne høyre til ein IB-elev — ikkje mistar plassen sin.
— Difor ser eg for meg at det eventuelt må bli oppretta nye studieplassar for dei elevane dette måtte gjelde, seier Kristensen.
Gangen i hennar løysing ser ho for seg skal gå føre seg slik: Dei elevane som ikkje har kome inn på ønskt studium kan klage og be om særskilt vurdering direkte til institusjonane, gjennom paragraf 7-13 i forskrifta.
— Det som ein må opne for frå politisk hald er at ein må klargjere overfor institusjonane at dette er ein spesiell situasjon der dette krevst. Dessutan må den politiske leiinga klargjere om dei kan avsjå midlar til å opprette nye studieplassar, seier Kristensen.
Ho seier ho er innforstått med at det på nokre studium ikkje vil la seg gjere å opprette nye studieplassar og at hennar løysing ikkje vil kunne fungere for alle.
— Men mi haldning er at vi må gjere noko med det vi kan gjere noko med, seier Kristensen.
Har appellert til universiteta
I Storbritannia har samanslutninga av IB-skular, IB Schools and Colleges Association (IBSCA), blant anna appellert til opptakskontora på dei britiske universiteta om å ta omsyn til dei spesielle omstenda.
I eit offisielt brev til universiteta skriv IBSCA-sjef Richard Markham om statistikken IBO har samanfatta for vårens kandidatar.
Der legg han merke til at snittet til IB-elevane i heile verda er likt som før også etter den utrekningsmetoda IBO har lagt til grunn. Likevel skriv samanslutninga dette i brevet:
"However, the data also shows that there has been a reduction of achievement at the very top end of the ability range. This has also been reported to us by our UK schools who are concerned that many of their very best students have much lower grades than expected. Additionally, our UK schools report lower than expected grades at the top end in some key subjects: Higher Level sciences and Mathematics.”
Vidare skriv Markham:
«We ask that students who have narrowly missed their entry requirements are confirmed promptly and that universities do not reject students who have significantly missed their offer requirement.»
Nokre ser mot suppleringsopptaket
I Noreg sit det no fleire elevar med blikket retta mot suppleringsopptaket onsdag. Likevel er det fleire som føler at toget har gått med tanke på å kome inn på draumestudiet.
Alexander Linde Lossius står som nummer to på ventelista til det han aller helst ønskjer å studere, nemleg datavitenskap ved Universitetet i Bergen.
— Eg står som nr. 2 på ventelista, men i brevet frå Samordna opptak skriv dei at dei ikkje reknar med at det blir gjort suppleringsopptak til studia som var mine første- og andreval, skriv Lossius.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut