høgskulen på vestlandet

Skal senda redusert nybygg ut på anbod

Høgskulen på Vestlandet ønskjer seg nytt bygg i Haugesund. Men prosjektet vart større og dyare enn først tenkt, og i dei siste planane er det kutta med eit par tusen kvadratmeter.

Bygget i Haugesund er frå 1997, og for lite for dagens studenttal.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt bygg i Haugesund vart bygd i 1997, den gong dåverande Høgskulen Stord/Haugesund hadde vel tusen studentar i byen. I dag er studenttalet 1800, og høgskulen sine lokale er for små. I dag leiger difor høgskulen lokale, mellom anna til spesialrom knytt til den maritime utdanninga.

Eit nytt bygg er under planlegging, og har både auka og minka før det i det heile har fått finansiering.

Under dagens høgskulestyremøte får styret presentert ei sak der romprogrammet vert redusert frå omlag 7500 kvadratmeter til mellom 5000 og 5200 kvadratmeter.

Det styret formelt skal gjera torsdag, er å gi rektor fullmakt til å be Statsbygg om å utarbeida anbodskonkurranse med utlysing av totalentreprise.

Møtet starta klokka 9, og du kan sjå det direkte her.

Kuttar ein fløy

Nybygget skulle først ligga på sørsida av den aktuelle tomten, men tilbakemeldinga var at dette ville verta for dominerande for naboane. Det vart i staden jobba med eit bygg som var delt i ei aust- og ein sørfløy. Då var planane mellom anna parkeringskjellar og lokale til ny studentkro.

I haust har Statsbygg peika på at kostnadane til prosjektet har auka kraftig. I saka styret no skal ta stilling til, er austfløyen føreslege kutta. Det vil då vera snakk om å bygga eit nybygg på omlag 4000 kvadratmeter og i tillegg bygga om omlag tusen kvadratmeter av eksisterande bygningsmasse.

Konsekvensane vert mellom anna at studentkro vert lagt inn i eksisterande bygningsmasse, og parkeringskjellaren vert ikkje noko av.

Kva prosjektet vil kosta, er framleis uvisst. Mellom 421 og 695 millionar kroner er summen som ligg i sakspapira.

HVL eig ikkje eigne bygg, så dei vil få ei årleg husleige for dette bygget på mellom 25,7 og 47,6 millionar kroner. I 2019 fekk styret presentert ein husleigesum på 22,5 millionar kroner.

Dette skal dei òg drøfta

Styret skal elles drøfta saker om mellom anna budsjett og studentopptak. Heile sakslista finn du her.

Powered by Labrador CMS