HVL

Skal evaluera livet i «öppna landskap» på Vestlandet

Dei opne kontorlandskapa i Høgskulen på Vestlandet sitt omstridte bygg har mange ledige plassar. Flest ledige er det på måndagar og fredagar.

Sofa, bord og stoler i grønt og gult og svart uten mennesker
Sosial sone for ansatte i K2 ved Høgskulen på Vestlandet. Biletet er tatt i mai 2022.
Publisert Oppdatert

— Eg synest ikkje dette er måten å innreia ein arbeidsplass på, sa tillitsvald Gjert Anders Askevold ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) til Khrono i fjor.

Han snakka om K2, høgskulen sitt nyaste bygg på Kronstad i Bergen. Bygget har vore omstridd sidan før det vart bygd, fordi det var lagt opp til det som vert kalla aktivitetsbaserte arbeidsplassar: Opne kontorlandskap utan faste plassar, men med det som vert kalla multirom som kan bookast til mellom anna konsentrasjonsarbeid.

I vår har det vorte gjennomført sensormålingar i bygget, og dei viser det same som Khrono såg i fjor: Det er mange ledige arbeidsplassar i bygget. 

No skal høgskulen evaluera arbeidsplassane i bygget. Det kjem fram i sakspapira frå arbeidsmiljøutvalet sitt møte i juni.

— Tilbakemeldingane me får er at å sitja i landskap ikkje fungerer så godt for dei som har konsentrasjonsarbeid, seier Tone Skjerdal til Khrono.

Ho er hovudtillitsvald for NTL ved høgskulen, og var den som bad om ei evaluering.

Treng ekstern kompetanse

I vedtaket frå arbeidsmiljøutvalet heiter det at alle er samde om at ein skal ha ei undersøking av arbeidsmiljøet i K2, røynsler og eventuelle samanhengar med sjukefråver. Omfang og innhald på definerast, og deretter må det avgjerast kven som skal gjennomføra undersøkinga. Administrasjonen ved høgskulen treng å søka ekstern kompetanse og kapasitet, heiter det.

Skjerdal er glad for vedtaket.

I sakspapira heiter det at det er fleire som sit på heimekontor enn før pandemien, sjølv om det no er mogleg å vera på kontor på arbeidsplassen. Fagforeiningsleiaren er oppteken av at ein må finna ut noko om kvifor folk vel å sitja heime. Då må ein snakka med folk, seier ho. Skjerdal er òg interessert i å få kartlagt både om sjukefråveret er større blant dei som jobbar i dette bygget og om det er mange tilsette som søkjer seg til andre jobbar.

— Ein må sjå på fridom for den enkelte opp mot arbeidsmiljø på campus. Enkelte kan sjå det som ein fridom å kunne sitja heime, medan andre sit heime fordi dei ikkje har tilfredsstillande arbeidsforhold på campus.

Sensorar har målt aktivitet i bygget

I vår vart det innført eit sensorprosjekt i bygget. Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik skriv i ein e-post til Khrono at dette er eit prosjekt med mål om å få ei betre oversikt kring bruken høgskulen sine lokale. 

— Det gir oss data om arealbruk og belegg, som og er viktig for tryggleik, reinhald og energiforbruk. Me er i startfasen her og har prøvd det ut i 3. etasje i K2, skriv Båtsvik.

— Kva viser målingane frå sensorane?

— Det viser at bruken av lokala varierer gjennom døgeret og veka, svarar Båtsvik.

I sakspapira heiter det at det er færrast på jobb måndag og fredag. Det har heller ikkje vore målt meir enn femti personar i 3. etasje. Bygget har plass til 300 tilsette og i tillegg 3 000 studentar.

NTL-leiar Skjerdal understrekar at nokre tilsette trivst med å jobba i opne landskap. Andre gjer det ikkje.

— Det var ei stor omlegging at så mange skulle sitja i opne landskap. Det er heilt annleis enn det dei fleste var vane med, seier Skjerdal.

Ho peikar på fleire utfordringar: Nokre skal gjennomføra digital undervisning. Andre treng tilgang til fysiske bøker, og atter andre jobbar med administrative saker der ein treng ro.

— Nokre jobbar med tilsetjingssaker og skal gjennomføra intervju eller andre samtalar knytt til dette. Det er ikkje alt ein vil eller bør ha visa på ein skjerm i eit landskap, seier ho.

— Sjølv i dette store, flotte, nokså nye bygget er det ikkje alltid ein får tilgang til eit multirom når ein treng det.

Vil sjå på retningslinjer for heimekontor

Då Khrono snakka med Gjert Anders Askevold i fjor, sa han at dei tilsette ved høgskulen er kunnskapsarbeidarar og forskarar og har behov for konsentrasjonsarbeidsplassar.

Tina Åsgård, som sit i høgskulestyret, bad den gong om ei evaluering.

— Eg håpar arbeidsmiljøutvalet ser på dette etter kvart som me får ein normalsituasjon. Enn så lenge er eg litt uroa for at mange held seg aktivt vekke, og dermed ikkje vert ein del av arbeidsmiljøet, sa ho.

Åsgård sa òg at studentane trivst godt i bygget, og at det ikkje er tvil om at det fungerer veldig godt som undervisningsbygg. Men:

— Me opplever at mange kollegaer som er vitskapeleg tilsette ikkje ønskjer å sitja der. Dei opplever at bygget ikkje er eigna for den typen arbeid som dei held på med.

Organisasjonsdirektør Båtsvik seier at det har vore snakk om evaluering sidan bygget opna.

— Me har lagt bak oss ein pandemi og me tenkjer at me har gjort oss nokre røynsler. I tida som har gått har me gjort nokre justeringar og tilpassingar i bruken av bygget, der tilsette, leiarar og vernetenesta har vore involvert. Me har mellom anna arbeidd med etasjevise løysingar og tilpassingar til dei aktuelle fagmiljøa sine behov, skriv han til Khrono.

Båtsvik seier at det ikkje er mogleg å seia om det er vitskapeleg eller administrativt tilsette som i størst grad nyttar kontora på campus.

— Vurderer de å gjera noko med avtalar om kor mykje ein kan vera på heimekontor?

— HVL har retningslinjer for arbeid heimefrå. Desse kom på plass i februar 2022. Hovudlinja vår er at tilsette arbeider på campus. Retningslinjene gir ein viss fleksibilitet til å arbeida heime innimellom. Me vil nok sjå på retningslinjene igjen etter kvart som me har hausta nokre røynsler.

Bygget har mange arbeidsplassar for studentar, og studentane trivst i bygget, seier styremedlem Tina Åsgård. Men blant dei tilsette er det mange som framleis sit på heimekontor.

Disponera best mogleg

I juni skreiv Khrono at tilsette i det andre bygget på Kronstad, K1, kom på jobb etter ei helg og oppdaga at stolar og andre møblar dei sjølve hadde teke med til kontora sine, var fjerna.

— Det er ikkje noko som heiter private kontor. Arbeidsplassar vert stilt til rådvelde av arbeidsgivar og skal ikkje verka privatiserte, sa Helge Skulstad, direktør for økonomi og arealforvaltning, då.

Skulstad sa vidare at avdelingar der mange tilsette har eit arbeidsmønster som gjer at dei ofte er vekke frå kontoret, dela arbeidsplass med andre. 

På spørsmål om tilsette kunne flytta til K2 dersom det er fullt i K1, svara Skulstad at K2 på papiret er fullt. Det vil seia at talet på tilsette som har fått arbeidsplass der har nådd taket for kva som er forhandla og godkjent. 

Khrono spør Båtsvik om det same:

— Dersom det er ledig plass i K2: Kan ein ikkje flytta tilsette dit, både frå K1 og frå stader der HVL må leiga kontorplass?

— Me arbeider kontinuerleg med justeringar og tilpassingar, og ser at me treng å disponera areala våre best mogleg. Det handlar om å finne fram til tenlege løysingar som gir våre tilsette og studentar gode rammer.

   



Powered by Labrador CMS